torsdag 30. juni 2016

16 vedtak i kommuestyret i Eid

Kva gjer eigentleg eit kommunestyre? Ein kan for tida få inntrykk av at lokalpolitikarar knapt brukar tid på anna enn å diskutere kommunereform. Slik er det ikkje. Det skal eg fortelje litt om her, med kommunen eg er ordførar i, Eid, som døme.

På det siste kommunestyremøtet før sommaren i Eid var det 44 - førtifire - saker på dagsorden. Éi av dei handla om kommunereform. 43 saker handla om heilt andre ting - store og små saker som handlar om å utvikle lokalsamfunnet Eid med 6.000 innbyggjarar og eit næringsliv i vekst.

søndag 8. mai 2016

Tale 8. mai 2016

Frigjeringsdagen 8. mai 1945 er ein av dei tre viktigaste datoane i norsk historie - saman med 17. mai 1814 og 7. juni 1905. 

På Nordfjordeid høgtidar vi kvart år 8. mai med opptog gjennom Eidsgata, talar, korpsmusikk og blomenedlegging. Arrangementet er for å markere både Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen.

Langt over 100 personar deltok i år - dei fleste også til hyggeleg utandørs "hage-fest" etterpå på den gamle eksersisplassen i Nordfjordeid sentrum (Malakoff/Plassen). Ekstra hyggeleg var det at vi i år hadde besøk av ordførarane frå Stryn, Selje og Gloppen - som var med på ei felles heidring av dei falne frå Nordfjord i andre verdsk

Her kan du lese mi tale for dagen. 


Velkomne til markeringa av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen på "Plassen" på Nordfjordeid 8. mai 2016.


Den andre verdskrigen braut ut i 1939. Til vårt land kom krigen 9. april 1940. Dei neste fem åra var Noreg okkupert av ei framand makt - som éi brikke i den grusomme krigen som til saman kravde ein stad mellom 50 og 85 millionar menneskeliv dei seks åra krigen varte.

Krigen tok liv også her heime. Over 10.000 norske liv - militære og sivile. Soldatar frå Nordfjord fall i kamp. Sjøfolk frå bygdene våre - krigsseglarane - sette livet til på dei sju hav eller kom heim med mein for livet. Norske borgarar vart sende i konsentrasjonsleir og drepne fordi dei hadde "feil" religion eller "feil" etnisk opphav.

For dei aller fleste av oss samla her i dag er det ikkje mulig å forestille seg korleis det er å leve i krig. Å leve i eit okkupert land. Å ha ein kvardag der du aldri kan vere trygg. Der naboen din reiser ut og aldri kjem tilbake - og du kanskje sjølv ein dag må gjere det same.

Gløym då ikkje at dette enno er kvardagen for mange menneske rundt om i verda. I Afghanistan. I Syria. I Eritrea. Gløym ikkje at dei aller fleste som lever i desse og andre land råka av krig er heilt vanlege folk, utan andre ynskje enn å leve eit godt og fredeleg liv der dei er. Slik som oss sjølve.

Ta godt i mot dei frå desse landa som no skal leve iblant oss. La det bli eit liv saman i fred. Snakk med dei, og ikkje om dei, slik leiaren i Sogn og Fjordane Røde Kors så godt sa det i eit innlegg i høve dagen i dag.

Og gløym ikkje at også mange borne-fødde nordmenn blant oss i dag har hatt krig tett innpå seg. Utan at dei snakkar om det i kvardagen. Det er alle dei nær 100.000 nordmenn og -kvinner som har vore ute i teneste for Noreg i væpna konflikter verda over frå 1948 fram til i dag: Veteranane.

Krigsveteranane våre har sett krig på nært hald. Dei veit kva krig handlar om. Dei ber minna med seg - også når dei er komne heim og på nytt skal leve eit vanleg liv heime.

Eg er difor glad for at Frigjeringsdagen no også er ei markering av våre soldatar i norsk teneste verda over etter 1945. Den heideren fortener dei. Vi andre skal vere dei djupt takksame for innsatsen veteranane har lagt ned for fred og fridom.



----
Fred og fridom kjem ikkje av seg sjølv. Fred og fridom må kjempast for, forsvarast og vinnast. Igjen og igjen. Og det er aldri berre "nokon andre" sitt ansvar. Det er også vårt.

Eg skal fortelje ei lita historie som illustrerer det. Sommaren 1941 - medan andre verdskrigen raste på sitt verste, medan Konge og Storting var i eksil, medan det meste av Europa var okkupert og ingen visste kva enden ville bli - då samla styret i ungdomslaget i Nordfjord, Firda Ungdomslag, seg. Dei gjorde følgjande vedtak, som seinare same år vart stadfesta av årsmøtet halde i Rotvin Ungdomslag i lagshuset oppe på Bjørlo: "Firda ungdomslag tek opp arbeidet for å reisa minnesmerke for alle dei nordfjordingar som fall i krigen. Det er meininga å få dette minnesmerket reist når krigen er slutt."

Altså: Ikkje "om krigen tek slutt", men "når krigen er slutt". Og underforstått: Når vi har vunne siger - og tatt landet vårt tilbake.

Fire år seinare - 8. mai 1945 - kom dagen. Okkupasjonen tok slutt. Og mellom alt det som då måtte gjerast for å bygge landet og samfunnet opp att, tok Firda Ungdomslag opp att arbeidet med å reise minnesmerket over dei frå Nordfjord som fall i krigen.

Dei samla inn pengar i by og bygd, med formannen i laget, Einar Skarstein frå Olden, som drivande kraft. Dei engasjerte ein av dei fremste skulptørane i Noreg, Dyre Vaa.

Og søndag 30. juli 1950 var den store dagen komen. Over 2.500 menneske frå heile Nordfjord var då samla her på Plassen for å avduke monumentet vi no står attmed - i dag kalla "Sørgende Mor" av Dyre Vaa, sjølv om det den gong ikkje hadde det namnet.

Og merk dykk følgjande: Det talarane den gongen understreka med 2.500 tilhøyrarar som vitne, var at dette monumentet ikkje berre skulle peike bakover - til dei som fall i krigen.

Det skulle like mykje peike framover. Monumentet bak oss skulle vere ein "..appell til komande slekter". Ei påminning om "..å halde plikt- og offerbodet lysande for auga", og om "..i dagleg livsføring ikkje setje fridomen i spel på ny". Om å vere budde til å stille opp på nytt dersom det skulle røyne på.

Kjære forsamling, vi lever i ei tid då den oppmodinga er viktig. Enno i dag har vi eit forsvar som til ei viss grad er til stades i heile landet. Vi har eit heimevern som enno har plass i våre lokalsamfunn i Nordfjord. Som har sine øvingsstadar og lokale mannskap - og er med på å halde forsvarsviljen og banda mellom folk og forsvar levande. 

Det er ikkje sjølvsagt at det vil halde fram. Vi ser no konturane av kutt i Forsvaret som kan endre dette dramatisk. Kanskje er tida inne til å seie klart ifrå om at vi må ta på alvor arven vi har med oss om betydninga av eit forsvar som er til stades over heile landet. Og som ikkje minst til alle tider har stått sterkt her i Nordfjord.

Forsvar er ikkje berre teknologi og teori. Det handlar også om noko anna. Om folkeleg oppslutnad og forankring, Om å halde banda mellom folk og forsvar levande på alle plan - også i by og bygd.

---
Heilt til slutt: Eg er svært glad for at vi her i dag også har med oss ordførarar frå ytst til inst i Nordfjord: Frå Selje, Stryn og Gloppen.

At dei - på kort varsel - har takka ja til å vere med her i dag for ei felles markering, set vi alle som er samla her umåteleg stor pris på. Eg skal også overbringe helsing frå ordførarane i Vågsøy og Hornindal. Dei skulle også gjerne ha vore her, men hadde av private årsaker ikkje høve denne gongen.

Så eg vil med dette be ordførarane som er til stades om å kome fram - slik at vi saman kan gjere ære på dei vi minnest spesielt her i dag: Nordfjordingane som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940-45.


Fred over deira minne.


Blome-nedlegging ved minnesmerket over dei falne frå Nordfjord i 2. verdskrigen.
Frå venstre: Ordførarane Sven Flo (Stryn), Stein Robert Osdal (Selje),
Magni Berge Aa (Gloppen) og Alfred Bjørlo (Eid).

Arrangementet var også ei markering av den Internasjonale Røde Kors-dagen


fredag 27. november 2015

Fjord1: På tide å opne opp

Måndag 23. november vart Noregs største ferjereiarlag, Fjord1 med hovudkontor i Florø,  omgjort til eit datterselskap i Torghatten-konsernet. Vedtaket vart gjort med 16 mot 15 røyster i Fylkestinget i Sogn og Fjordane (Venstre var i mindretalet på 15), etter den merkelegaste og mest lukka avgjerdsprosessen eg har vore borte i som politikar.


I dagane etter 16-15 vedtaket har stormen verkeleg tatt laus. Styret og leiinga i Fjord1 gått av i protest. Finans- og næringslivsekspertisen på Vestlandet har i samla flokk stilt seg uforståande. Folk flest forstår ingenting av kva som har skjedd.

No er det på tide å opne opp. Alle fakta må på bordet. All hemmelegstempla informasjon må kome fram. Så får vi ut frå det som då kjem fram, finne ut om det å selje ut eitt av dei viktigaste selskapa i det grøne skiftet på Vestlandet til den største konkurrenten var ein genistrek - eller som eg og Venstre trur: Ein strategisk tabbe av dimensjonar for Sogn og Fjordane og Vestlandet.

tirsdag 8. september 2015

På tide å ta staten tilbake!

Eid og Nordfjord er for tida inne i ei særs positiv utvikling. Folketalet veks. Talet på nye foretak veks, og store nye næringsetableringar er på veg. Næringslivet i regionen skyt fart som aldri før - bedrifter med ein regional, nasjonal og internasjonal marknad. Det grøne skiftet vil framskynde veksten i vårt relativt olje-uavhengige næringsliv endå meir.

Berre éin ting manglar no for at vi skal knuse dei seigliva mytene om at det er "umulig" å snu flyttestraumen inn mot dei største byane: At staten blir ein medspelar, ikkje ein motspelar. 

Det er på tide å ta staten tilbake. 

lørdag 29. august 2015

Helsingstale til opning av Eid Elektro sitt nybygg 29. august 2015

Laurdag 29. august opna Næringsminister Monica Mæland nybygget til bedrifta Eid Elektro i Øyane på Nordfjordeid. Eid Elektro er ei suksesshistorie av dei sjeldne. Sidan oppstarten i 1981 har bedrifta no vakse til nær 70 tilsette, og rundar i år 90 mill NOK i omsetnad. Dei leverer no avanserte elektroprodukt til ein stor regional og nasjonal marknad - og er mellom anna størst i Noreg på styringstavler til veg- og jernbanetunellar.

Eid Elektro har kort sagt vakse til å bli ei hjørnesteinsbedrift i Eid, der både bedrifta og eigarane også er særs aktive i ulike typar utviklingsarbeid i lokalsamfunnet. Her er mi helsingstale i høve dagens bygg-opning!
---

Statsråd, inviterte gjester, leiing og tilsette på Eid Elektro, familie og alle andre frammøtte: Gratulerer med dagen!

Enno snakkar mange i bygda vår om dei "gode gamle dagane" i næringslivet på Eid. Då aktiviteten på store produksjonsbedrifter som slakteriet, meieret og Frislid konfeksjon var på det høgaste. Det var tider det!, seier vi enno i dag.

Og det var det. Utan tvil. Eid har hatt hjørnesteinsbedrifter med gode arbeidsplassar for mange som er vekk - eller sterkt nedskalert - i dag.

Men tenk likevel over følgande: På det meste - på 1970/80-talet - hadde slaktehuset på Eid drygt 80 fast tilsette. Meieriet kanskje om lag halvparten. Dei siste åra før nedlegginga langt færre enn det på begge bedrifter.

I dag - i 2015 - er det i elektro- og automasjonsmiljøet på Eid samla opp imot 200 arbeidsplassar. I Eid Elektro åleine er det nær 70 tilsette - brorparten lokalisert her. Halvparten er nye arbeidsplassar dei siste fem åra.

Denne veka kom nyhenda om at Lefdal Mine Datacenter etter mange års intenst arbeid startar opp. Det er den største bedriftsetableringa i vårt nærområde nokonsinne - med eit tresifra tal nye arbeidsplassar allereie i fyrste byggesteg.

Og i løpet av månaden som kjem startar byggearbeidet opp på nye Moengården Vest - med mellom anna Eid Elektro på laget. I følge utbyggjarane vil nye Moengården skape opp mot 80 nye arbeidsplassar. Det er åleine om lag like mange som det var på slaktehuset på Eid på det meste!

Så kjære forsamling: Vi skal hugse - og gle oss over historia som ligg bak oss.

Men: Vi skal også gle oss over notida. Eid er i kommune i vekst og utvikling. Dei neste to åra skal det investerast for over 1 milliard kroner i vår kommune - privat og offentleg - og det blir skapt hundrevis av nye arbeidsplassar. Vi er rett og slett inne i ei tid vi aldri har sett maken til. Det er no det skjer.

Og den optimismen, gløden og satsingsviljen vi no opplever i næringslivet i Eid - det er sjølve omdreiningspunktet.

Eid Elektro er ei av bedriftene som har leia an i den utviklinga. Eg vil nytte høvet her i dag til å takke dykk Eid Elektro for den innsatsen de har lagt ned siste åra for vekst og utvikling i Eid. De har lukkast med å få sjølve bedrifta til å vekse - gjennom tydelege strategiar, å satse på ungdom under utdanning, evne til å sjå dei lange linene i samfunnet rundt dykk og gripe nye sjansar når dei kjem - og bygge breie nettverk langt utover våre kommunegrenser.

Resultatet av det ser vi alle her i dag.

Men i tillegg vil eg rette ei særskilt takk til Tore Hjelle og Ove Kjøllesdal som bedriftseigarar for at de har hatt eit engasjement dei siste åra som går langt ut over eiga bedrift.

De har - på vegne av bedrifta eller som enkeltpersonar - engasjert dykk i å sikre framtida til Eid vidaregåande skule - som med si elektroutdanning er heilt avgjerande for den veksten i bransjen vi no ser. 

De har vore sterkt delaktige i å dra i gang nye satsingar som Nordfjord Vekst og Energikompetansesenteret, engasjert dykk i politikk og samfunnsutvikling, i store og små hendingar som er med å gjere Eid til ein betre stad å bu og leve livet sitt. Slik det må vere dersom de og andre bedrifter skal vekse og utvikle seg vidare.

Dei verdiane de skaper, blir pløgd rett inn i vårt eige lokalsamfunn - til beste for oss alle. 

Det vil eg rette ei stor takk til dykk for - på ein velfortent festdag for Eid Elektro. 

Gratulerer med dagen - og lukke til med ei elektrisk framtid!

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

Næringsminister Monica Mæland, som sto for den offisielle opninga av nybygget

Tore Hjelle - eigar og teknisk leiar i Eid Elektro

Ove Kjøllesdal, eigar og dagleg leiar i Eid Elektro

Ove Bjørlo, rektor ved Eid vidaregaånde skule