mandag 30. august 2010

For mykje Møllers tran


(innlegget sto på trykk i avisa Firda 30/8. Her er fylt på med ein del linkar i tillegg)
Firda sin redaktør må ha tatt ei overdose med både Møllers Tran og ein del anna då leiarartikkelen som sto på trykk 24/8 vart skriven. Det voldsomme oppgjeret med vindkraft som "den åttande landeplaga” framstår som heilt ute av proposjonar, og kritikken av det pågåande arbeidet med fylkesdelplan for vindkraft er full av faktafeil.
For det fyrste: Høyringsutkastet til fylkesdelplan for vindkraft (OBS! link til pdf-fil for nedlasting) opnar ikkje for vindkraft ”over alt” og er på ingen måte noko ”knefall for industrinteresser”. Fylkesdelplanen drøftar ei ovleg mengde reelle eller tenkte konflikter mellom vindkraft og andre samfunnsinteresser (kulturlandskap, fugleliv, reiseliv og ei mengd andre forhold), og beskriv i detalj kvar i fylket det er lite/middels/store konflikter med kvar av desse andre samfunnsinteressene opp mot vindkraft. Desse omfattande konfliktvurderingane er ikkje endra eller skjult verken av Vindkraftforum eller andre aktørar, anna enn der det er påvist reine faktafeil.
Det Vindkraftforum derimot har påpeikt, er manglande balanse/avvegingar i planutkastet mellom den  ekstreme detaljrikdomen i konfliktskildringar, og fråverande strategi for korleis vi skal nå ambisjonane om å gjere Sogn og Fjordane til eit foregangsfylke på fornybar energi, herunder vindkraft. Vi meiner i likskap med alle andre at det skal vere mange område som blir skjerma for vindkraft – ingen ønsker eit teppebomba landskap verken med vindmøller eller andre konstruksjonar. Men vi er overtydde om at det mange stader i fylket går an å bygge ut noko av vindkraftpotensialet på ein måte som tener både lokalsamfunn, fylke og den samla energiforsyninga i Noreg og Europa. Denne samla balansen er ei politisk, ikkje ei vernefagleg vurdering. Det har eitt breitt politisk fleirtal i fylket sikra i planutkastet som no er sendt på høyring – utan å overprøve dei faglege konfliktvurderingane på ulike delområde, og utan å sleppe fritt fram for utbygging i alle område vindkraftindustrien sjølv har spelt inn som aktuelle.
I redaktør Stang sin krig mot vindkrafta trur eg også det er viktig å løfte blikket. Verda må dei neste 20-30 åra gjennom ein energirevolusjon for å få kontroll med klimaendringane knytt til vårt enorme forbruk av fossil energi. Klimautsleppa må ned 60-80% på få tiår. Då trengs ei massiv satsing både på energiøkonomisering, karbonfangst i fossilindustrien og utbygging av store mengder ny fornybar energi. I overskueleg framtid er vindkraft den einaste fornybare energikjelda som raskt kan levere så store mengder energi at det monnar i å erstatte olje, gass og kol. Utan sterk satsing på vindkraft, har vi i praksis ikkje sjanse til å nå klimamåla. Då må til og med redaktør Stang tåle å sjå vindmøller. Ikkje overalt, men ein del stader i fylket. Heldigvis ser dei fleste meir positivt på det enn Firda-redaktøren. To av tre i Noreg er positive til vindmøller i eige nærområde. Tre av fire ønskjer å bygge ut meir vindkraft på land. Dei som er mest positive, er dei som sjølve bur nær ein vindpark og veit kva det handlar om i praksis. (Enova, juni 2010, sjekk artikkel i Dagsavisen)

Eg vil oppmode både redaktør Stang og alle andre Firda-lesarar til å ta seg ein tur til fylkets einaste vindpark, Mehuken i Vågsøy . Mehuken produserer no med sine 13 møller nok straum til alle privathushaldningar i Vågsøy. Reis og gå rundt i parken og spør deg sjølv: Er dette ei ”utåleleg rasering  av kulturlandskapet” for å sikre folk fornybar energi? Er det så stygt at vi ikkje kan tåle å sjå nokre fleire slike parkar også i fylket elles? Kvifor kan det vere slik at folk flest i nærleiken av Mehuken har eit heilt anna syn på vindmøller enn redaktør Stang frå sitt kontor i Førde?
Det skjer mykje og spennande utviklingsarbeid innafor vindkraft her i fylket for tida, som skaper nye arbeidsplassar og nye muligheiter for heile fylket. Sjekk f eks alt det spennande som for tida skjer i Måløy, eller på Lutelandet
Firda har tidlegare vore positive på leiarplass til utvikling av ei vindkraftnæring i fylket – også i Førde. Då må redaktør Stang tåle å sjå nokre vindmøller også, og ta litt mindre Møllers tran før han skriv nye leiarartiklar. I alle fall om Firda skal leve opp til omdømmet som grundig og etterretteleg.

Alfred Bjørlo
Leiar i Vindkraftforum Sogn og Fjordane