tirsdag 26. juli 2011

Framtidskraft

Vi har vore gjennom nokre døgn som vil sitje spikra i minnet til oss alle.  Dei rystande hendingane i Oslo og på Utøya 22/7.  Å vakne til det ufattelege omfanget av tragedia 23/7. Avsløringa av draps-mannen sine forrykte tankar og dei fyrste minnemarkeringane 24/7. Fakkeltog, blomehav og eit heilt folk samla for å minnast ofra og slå ring om demokratiet 25/7. Berre her på Nordfjordeid stilte ca 2.000 i ei kommune med 6.000 innbyggjarar opp til ei minnemarkering kunngjort same dag. Ei stille og sterk oppleving for alle som deltok.

Det er nesten uuthaldeleg å tenkje på at ein slik massakre på unge liv i det heile tatt er mulig. Samtidig: Alternativet til eit samfunn der slikt er mulig - for ein forrykt drapsmann verda aldri før har sett maken til - er eit samfunn der slikt ikkje er mulig. Det alternativet er verre. Det ville vere ein totalitær stat med full kontroll på sine innbyggjarar. Det ville vere eit lukka samfunn der maktutøving foregår innanfor jarnringar av tryggleikstiltak, og kontakten mellom dei som styrer og dei som blir styrt er sterkt avgrensa. Det ville vere eit samfunn som blir slik ein stortingsrepresentant skisserte dagen etter udåda: "Vi kan nå vinke farvel til hele åpenheten vi har hatt i samfunnet. Jeg tror vi aldri mer kan se kongen på trikken." (Sunnmørsposten, 23. juli).
Slik må det ikkje bli. Det vil vere eit nederlag for oss, og ein siger for terroristar av alle religiøse og politiske avskuggingar som foraktar vårt opne samfunn.
Difor var det godt å sjå kongen med heile sitt hus midt i ei stor folkemengde i Oslo allereie dagen etter tragedia for å legge ned blomar. Difor var det viktig at Statsministeren umiddelbart straks slo fast at vårt svar på dette må vere meir demokrati og eit ope samfunn. Difor var det så sterkt at heile Noreg måndag kveld gjekk saman i fakkeltog utan krav om lynsjing, meir overvaking eller strengare straffer - men i stille kringvern om demokrati, samhald og respekt for liv.
Hendingane i Oslo og på Utøya var grufulle, og vil aldri bli gløymde. Men opp i alt dette: Det er faktisk ingen grunn til å tru at Noreg i dag er eit "farlegare" samfunn enn det var i går. Ingenting tyder på at terrorfaren er høgare. Ingenting tyder på at vi er midt inne i ein "eksplosjon" av terror og vald.

Kanskje er det heller tvert imot. Vi har no fått felles kraft til å bekjempe terror og vald med dei mest effektive midla som finst: Engasjement, omtanke for medmenneske og eit endå sterkare folkestyre der fleire deltek og alle har ei felles forståing av at demokratiet ikkje berre er noko som kjem rekande på ei fjøl. Det er noko vi alle - til ei kvar tid  - må kjempe for å halde på.
Eit samla politisk miljø er samde om å legge valkampen på is til midten av august. Det er ei klok avgjerd. Men når den tid kjem, vonar eg det politiske engasjementet blir sterkare enn nokon gong før.
Eg vart for eit års tidan sidan spurt om å stille til val som folkevald i mi kommune, og var ærleg talt i sterk tvil om eg skulle "orke".  I dag, etter hendingane i Oslo og på Utøya, er eg glad eg takka ja. Det betyr faktisk noko. Vi treng meir demokrati. Fleire engasjerte menneske. Fleire som melder seg inn i politiske parti og/eller nyttar røysteretten.
Eit slåande trekk ved drapsmannen sine angrep og minnemarkeringane etterpå, er at det er ungdom som har stått i fokus. Ungdom sitt engasjement er den sterkaste krafta for å ta samfunnet vidare, og for å endre det. Ut frå alt eg har opplevd av ungdom sitt engasjement her på Eid dei siste åra, og frå ungdomspolitikarar, er vi då i gode hender.
Skal vi som samfunn no gjere noko som er meir treffsikkert enn meir overvaking og strengare restriksjonar på sal av kunstgjødsel, bør det vere å gi ungdom ei endå sterkare hand på rattet i styringa av Noreg. I år er røysterett for 16-åringar ei prøveordning i nokre utvalde kommuner. For all ettertid bør 16- og 17-åringane få vere med i demokratiet for fullt. Overalt. I tillegg bør vi gjere alt vi kan for å stø opp under og heie fram ungdom som engasjerer seg - anten det no er i politikk, andre frivillige organisasjonar, kultur, idrett eller rett og slett for sitt eige lokalsamfunn.
Drapsmannen frykta dei unge, slik han frykta sitt eige land. Vi bør velje motsatt veg. Vi bør tru på ungdommen, demokratiet og framtida. Saman er vi ufatteleg sterke. Då har vi framtidskraft.