søndag 30. oktober 2011

Velkomsttale til 75-årsjubileumsmarkering for Nordfjord sjukehus 29/10 2011 i Operahuset Nordfjord

Foto henta frå Panoramio.com, tatt av "nilsms"
Fylkesmann - inviterte gjestar - publikum. Det er ei stor glede for meg - på vegne av dei sju Nordfjord-kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Selje, Vågsøy, Bremanger og Eid - å få ønskje velkomen til 75-årsjubileums-markering for Nordfjord Sjukehus i Operahuset Nordfjord.

Eg vil spesielt ønskje velkomen dei av styremedlemmene i Helse Førde som er til stades. På grunn av ei beklageleg mistyding fekk ikkje de og andre i styret dei personlege invitasjonane de skulle ha før onsdag denne veka. De har likevel på kort varsel takka ja. Det er vi glade for.

Historia om eit sjukehus er historia om dei avgjerande stundene i livet. Om dei største gledene og dei største sorgene. Dei høgaste toppane og dei djupaste dalane. Eit sjukehus er ikkje noko som du går uberørt inn i eller ut av - anten det er som pasient, pårørande eller tilsett. Eit sjukehus kan vere skilnaden på liv og død. Mange i salen veit det av personleg røynsle.

I 75 år har historia til Nordfjord sjukehus stått i sentrum av historia til Nordfjord. Tallause små og store trådar har spunne seg rundt sjukehuset. Den veven som utgjer Nordfjord i dag, hadde ikkje vore den same utan Nordfjord sjukehus. Sjukehuset har vore eit bankande hjarte for regionen - og ikkje minst for Eid. Vi i Eid er stolte av å få vere vertskommune for Nordfjord sjukehus.

Sjølv om dagens sjukehuseigar Helse Førde skal ha si eiga markering av jubileet, vil eg nytte høvet her i kveld til å seie nokre ord til dei tilsette på sjukehuset. I 75 år har hundrevis, kanskje eit tusental legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, jordmødre, radiografar, bioingeniørar, kjøkenmedarbeidarar, reingjerarar, vaktmeistrar og mange andre hatt sitt virke på Nordfjord sjukehus.

Eg vil rette ein personleg takk til alle tidlegare og noverande tilsette på sjukehuset for den fantastiske jobben de har gjort og gjer for liv og helse i Nordfjord. Vi veit at det er vanskelege tider de er inne i. Eg vil at de skal vite at vi er meir enn 25.000 innbyggarar i Nordfjord som er glade i dokke.

Vi ser dokke - og vi verdset jobben de gjer. Takk frå oss alle til de som er og har vore tilsette på Nordfjord sjukehus.

Eg vil også på ein slik kveld få lov å nemne at denne veka gjekk ei av dei verkelege store klippene i historia til Nordfjord sjukehus bort: Overlege Bjarne Halleraker. Den innsatsen han la ned i over ein mannsalder med å bygge opp Nordfjord sjukehus til eit topp moderne sjukehus frå han kom i 1973, den kan knapt verdsetjast høgt nok.

Bjarne Halleraker var meir enn nokon arkitekten bak oppbygginga av Nordfjord sjukehus til eit tredelt sjukehus med tre avdelingar som gjensidig støttar og forsterkar kvarandre (fødeavdeling, kirurgi og ortopedi). Det er ein sjukehusmodell som i over 35 år har vore garantisten for Nordfjord sjukehus som eit velrennomert, høgkvalitets og kostnadseffektivt sjukehus. Det er også denne modellen som i nye nasjonale helseplanar ligg til grunn for reelle lokalsjukehus i framtidas helse-Noreg. Vi har mykje å takke Bjarne Halleraker for. Eg vil lyse fred over hans minne.

----

Men i kveld skal vi jubilere - med ei festforestilling. Eg trur på ei lysande framtid med vekst og utvikling i Nordfjord, fordi vi bur i ein region med skaparkraft. I kveld vil de få smakebitar av den skaparkrafta, henta frå alle sju kommunane i Nordfjord. Vi skal sjå litt bakover - men endå meir framover med barn og unge talent på scena. Vi er ein region med framtidskraft og framtidstru - og med felles forventingar om at klare politiske løfte om ei framtid for lokalsjukehusa skal stå ved lag.

Vi kan no gle oss til to flotte timar i lag her i Operahuset Nordfjord. For å feire ein 75-årsjubilant som fortener ein fest - og treng ein fest. Til lukke med dagen. Til lukke med kvelden. Nyt.

Alfred Bjørlo, Ordførar i Eid kommune

torsdag 6. oktober 2011

Innlegg ved ordførarskifte i Eid 6/10-11

Innlegg av nyvald ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), i konstituerande kommunestyremøte i Eid 6. oktober. Sjå også nettsak i Fjordabladet

Først av alt vil eg takke for tilliten. Tilliten som vart Venstre til del frå veljarane i Eid, tilliten til Venstre frå Høgre som vi inngikk ei avtale med etter valet om eit valteknisk samarbeid, og tilliten som har blitt meg personleg til del frå det nye kommunestyret her i dag.

Det er ei stor ære - og eit stort ansvar.

Alle vi i det nye kommunestyret skal legge oss på minnet at vi har vore gjennom ein valkamp og eit val i Eid som har engasjert folk. Valdeltakinga i Eid gjekk ved årets val opp med over sju prosentpoeng, og ligg no langt høgare enn landsgjennomsnittet. Eid er faktisk blant dei kommunane i Noreg som har størst auke i valdeltakinga frå 2007 til 2011 (nr 15 av 430).

Det er bra. Det betyr at lokaldemokratiet i Eid engasjerer. Og det gjev eit svært godt utgangspunkt for alle oss som no skal gjere ein innsats som folkevalde i Eid.

Eg har lyst når eg har ordet å takke avtroppande ordførar Sonja Edvardsen for den store innsatsen du har lagt ned for Eid kommune dei seks åra du har vore ordførar. Vi veit alle at det å diskutere kven som har æra for kva er noko ein aldri blir ferdig med i politikken, ikkje minst i lokalpolitikken med skiftande fleirtal og ulike alliansar i ulike saker.

Men det som i alle fall står fast, er to ting: For det første at du har lagt ned ein stor innsats og imponerande arbeidskapasitet i di ordførartid. For det andre at det har skjedd utrulig mykje positivt i Eid dei åra du har vore ordførar. Vi har fått full barnehagedekning. Det er igangsett - og fullført - fleire nye byggefelt. Utbygging på Nordfjordeid skule er fullført og utbygging på Haugen skule starta opp. Vi har vore gjennom ei kulturbløming utan sidestykke, med det nye Operahuset som krona på verket - så langt. Eid har hatt folketalsvekst, og ikkje minst har vi desse åra opplevd ei stoltheit, framtidstru og engasjement blant folk på Eid som er heilt spesielt.

Det er ein arv du etterlet deg når du forlet ordførarstolen som du kan - og skal - vere bekjent av.

Eg vil for min del legge til at nettopp denne gløden, gnisten, engasjementet - blant barn, ungdom, vaksne og gamle - den er sterkare i Eid enn kanskje nokon andre stader eg kjenner til. (Måløy Vekst sine innbyggjar-undersøkingar: Det er omtrent umulig å finne ein eidar som er misfornøgd med eigen kommune, eller som ikkje ville anbefale andre å flytte hit).

Og desse kvalitetane ved Eidasamfunnet - gløden, engasjementet, samhaldet - det er dei viktigaste byggesteinane vi har når vi skal bygge framtida. Eg må seie det slo meg då eg sat i salen på Operahuset i går og såg ei "heimeprodusert" tre timers oppsetning av Tryllefløyten så gjennomført profesjonell på alle nivå at du berre må gi deg over - at Eid er ein plass for å klare det umulige.

Og viss Eidasamfunnet gong etter gong kan klare det umulige, ja, då må vi som er i kommunestyret i alle fall klare det mulige. Det er vår jobb. Vi treng ikkje å gjere noko spektakulært. Vi skal ikkje sjølve setje opp operaframsyning eller lage nye teknologibedrifter. I alle fall ikkje som eit samla kollegium, det ville neppe vore nokon suksess..

Men det vi kan og skal, er å gi eit godt tenestetilbod til innbyggjarane våre, og å legge til rette for dei som skal realisere draumane og ideane sine innanfor kultur, reiseliv, handel og næringsliv elles.

Og ikkje minst: Vi må tore å ta dei nødvendige stega for å skape ein mykje sterkare og tettare samanvevd region rundt oss, ein region som har vekstkraft og tiltrekningskraft for neste generasjons eidarar og fjordingar.

For det er eit faktum at sjølv om innbyggartalet i Eid har gått svakt opp på grunn av at folk lever lenger og vi har innvandring frå utlandet, så er dei langsiktige trendane framleis negative. Prognosane for barnetal i skulane peikar nedover. Fleire unge flyttar ut enn "unge vaksne" flyttar inn. Vi er for avhengige av enkeltarbeidsplassar som vi veit er under press, slik som Nordfjord sjukehus.

Så vi har ingen garantiar for at veksten i Eid held fram. Tvert imot: Dersom vi ikkje er frampå, dersom vi ikkje i dag tek grep for å sjå over dagens kommunegrenser i vår tenkjing om framtida og i staden tenkje regionalt, så vil vi lide for den mangelen på initiativ i morgon og i overmorgon.

For dagens born og ungdom vil valet stå mellom eit godt liv i storbyane eller eit godt liv utanfor storbyane. I alle tilfelle vil dei kreve spennande, mangfaldige jobbmulighetar og førsteklasses offentlege tenester på alle nivå. Då er det ikkje Måløy, Stryn, Volda og Sandane som er våre viktigaste konkurrentar. Vi er tvert i mot i same båt og må greie å levere desse jobbmulighetene og desse sterke offentlege tenestene saman i framtida.

Det her er nokon av dei utfordringane vi har føre oss. Vi som sit i salen her i dag, er dei som er ansvarlege for at vi får det til. Det vil krevje samarbeid og lagspel - som alt anna i livet.

Lagspel vil vere eit viktig stikkord for meg i mitt nye verv. Ved valet fekk mitt parti Venstre heile 13 av 29 representantar i kommunestyret. Det betyr at Venstre er sterke, men det er framleis eit fleirtal av veljarane i Eid som har røysta på andre parti enn Venstre, og vi er som kommune heilt avhengige av at "alle skal med", for å stele eit slagord frå eit anna politisk parti.

Eg vil som ordførar legge stor vekt på å kunne vere ein ordførar for alle - og som de som nye folkevalde skal kunne finne ei opa dør til og kunne ha tillit til uavhengig av partifarge. Flinke folk og gode idear skal få sleppe fram - uavhengig av partibok. Det er eit løfte på vegne av meg sjølv, og på vegne av Venstre.

Ev til også oppmode alle i det nye kommunestyret til også å delta aktivt i politiske debattar. Ikkje berre i kommunestyret og i utvala, men også i lokalavis, på nett og i andre samanhengar. Politikk skal ikkje berre utøvast i lukka møterom - det må utøvast i det offentlege rom og i opa meiningsbryting. Politisk meiningsbryting er aldri farleg, berre bra, så lenge vi alle har respekt for kvarandre og klarer å skille sak og person.

Eg vil avslutte med å ynskje kvar enkelt i det nye kommunestyret lukke til med arbeidet dei neste fire åra. Vi har store oppgåver føre oss. Vi vil bli kasta på djupt vatn raskt med kommunebudsjett, sjukehussak, kraftlinjesak, E39 og mykje meir. I dag har vi fått eit statsbudsjett der rammene til kommunesektoren blir stramma betydeleg inn - KS seier at vi snakkar om eit reelt kutt for kommunene på 800 millioner kroner - det må vi forhalde oss til allereie i løpet av den komande månaden.

Då er det viktig å ta eit steg tilbake og tenkje over at sjølv om oppgåvene kan verke uendelege, så bygger vi likevel samfunnet bit for bit. Kvar gong vi lukkast med noko i politikken, gjer vi Eidasamfunnet litt betre å bu i for framtida. Det blir aldri godt nok - vi må alltid gjere meir - men vi er på veg.

Takk for tilliten, og lukke til med fire gode år som kommunestyrerepresentant.