mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!


(Nyttårshelsing på trykk i Fjordabladet 29.12.2012)

"Vi har alt, men det er også alt vi har", seier visesongaren Ole Paus i ein av sine tekstar. 

Det er ei treffande skildring av Noreg anno 2012. FN har ti år på rad kåra Noreg til verdas beste land å bu i. Vi lever lenger, har større materiell velstand, betre offentleg tryggleiksnett, fleire valmulegheiter og meir informasjon til rådvelde enn noko anna folk nokon gong har hatt nokon stad i verda.

Det er eit fantastisk utgangspunkt. Men det er ikkje noko å slå seg til ro med. Levekårsstatistikk og velferdsstat gir ikkje av seg sjølv eit godt samfunn eller eit lukkeleg liv. 

Å bu i verdas beste land gir ingen fribillett til lukke.


søndag 9. desember 2012

Vekeplan veke 50

Under finn du programmet mitt for veke 50/2012. Det blir ei hektisk veke med årets siste møte i Nordfjordrådet, Fylkestinget og Kommunestyret.

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka er eg som du ser under mykje på farten, men neste veke er det langt mindre møte - då kan vi finne tid til ein prat!

søndag 2. desember 2012

Vekeplan veke 49


Under finn du programmet mitt for veke 49 i 2012. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka er eg lettast å treffe måndag og tysdag.

onsdag 28. november 2012

Blomster-tur


I dag kl 12 står det "Blomstertur" i kalendaren min. Då skal Plan- og utviklingsjefen i Eid og eg ut på ein runde vi gler oss til: Besøk med blomehelsing til nye bedrifter som har etablert seg i kommunen vår.

Foto frå tidlegare "blomstertur": Besøk hos interiørbutikken "In Spire" i Eidsgata (Foto: Eid kommune v/ Gerd Fløde Bjørlo)

mandag 26. november 2012

Fornybar framtid


Alt ligg til rette frå naturen si side for at Sogn og Fjordane kan gå i front på fornybar energi i Noreg. Med nye fakta om alvoret i klimaendringane og trongen for eit lynraskt teknologiskifte frå fossil til fornybar energi, er det også viktigare og riktigare enn nokon gong. Då må Sogn og Fjordane si nyvunne oljelukke bli eit springbrett, ikkje ein endestasjon.

Dette innlegget, publisert same dag som FN-toppmøtet om klima i Doha startar, er ei utdjuping av eit intervju i NRK Sogn og Fjordane i dag om same tema. Du finn nettversjonen av intervjuet på denne linken.


søndag 25. november 2012

Vekeplan veke 48


Under finn du programmet mitt for veke 48 i 2012. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid - eg er på kontoret onsdag og fredag denne veka.

søndag 18. november 2012

Vekeplan veke 47


Starta veka kvart på fem i dag tidleg, med fin køyretur over Stigedalen til Hovden flyplass (fullt fly frå Sandane, vår næraste flyplass). Er no på plass på Zerokonferansen på Gardermoen, Noregs viktigaste miljø- og klimakonferanse, saman med Arild Hjelmeland og Stephan ter Stege frå Fjordvarme AS. Eid kommune er nominert som ein av fem finalistar til "Årets klimatiltak i Norge 2012" på grunn av kommunen si satsing på miljøvennleg fjordvarme heilt sidan 1990-talet. Prisutdeling skjer her på konferansen i kveld - vi er spente! 

Under finn du programmet mitt for resten av veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid - eg er på kontoret onsdag og torsdag denne veka.

tirsdag 13. november 2012

Vekeplan veke 46


Mykje spennande skjer i kommunen vår for tida - her er tre døme frå siste veka:

1. Miljø: Eid er nominert som ein av fem finalistar til "Årets klimatiltak i Norge 2012" på grunn av langsiktig storsatsing på miljøvennleg fjordvarme. Prisutdeling på Zero-konferansen i Oslo komande veke - eg kjem til å vere til stades der saman med representantar frå Fjordvarme AS.

2. Småbedrifter: Dagens Næringsliv offentleggjorde laurdag lista over dei raskast veksande bedriftene i Sogn og Fjordane i 2011: "Gasellebedriftene". Heile 8 av dei 12 fremste Gasellebedriftene i Sogn og Fjordane er frå Nordfjord - 6 av 12 frå Nordfjord Vekst-kommunene Vågsøy/Selje/Eid - og 2 på topp 10 er frå Eid! Gratulerer til heile næringslivet vårt, og spesielt til Gasellebedriftene Opal Entrepenør (nr 4) og Stårheim Bygg (nr 10).

3. Helse/Sosialt ansvar: Nordfjord Psykiatrisenter er for tredje år på rad kåra til det beste distriktspsykiatriske senteret i Noreg. Vi har eit heilt unikt fagmiljø innanfor psykiatri på Eid - det skal vi vere stolte av! Fagmiljøet blir no ytterlegare styrka med oppbygging av den nye rusposten.

For min eigen del hadde eg sist veke ei ferieveke i USA (eigen bloggpost om det kjem seinare), men er no i fullt gjenge att. Under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka vi alt er godt inne i. 

Vil du ha kontakt med meg, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat  på Rådhuset på Eid.

mandag 29. oktober 2012

Vekeplan veke 44


Under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 44. Onsdag er det møte i Hovudutval opplæring i Sogn og Fjordane, med fastsetjing av kva opplæringstilbod som skal lysast ut ved skulane våre skuleåret 2013/14. Torsdag er det møte i Formannskapet og Finansutvalet, og opning av den flotte nye vegtraseen og ferjekaianlegget på Anda på E39. 

Så skal vi begynne med ein annan ny ting denne veka: Velkomstbesøk til nye bedrifter i Eid med ei blomehelsing frå Eid kommune! Vi tek tre i morgon og ei på torsdag, og fleire vil følgje på.

Vil du ha kontakt med meg, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat  på Rådhuset på Eid.

søndag 21. oktober 2012

Vekeplan veke 43


Under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 43. Denne veka er det møte i Politirådet i Eid for fyrste gong sidan eg tok over som ordførar, møte i Ungdomsrådet og Kommunestyret, og Eid er vertskap for ein stor "Vestlandskonferanse" med tittel "Vestlandsk Vidsyn" onsdag og torsdag. 

Vil du ha kontakt med meg, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat  på Rådhuset på Eid.

søndag 7. oktober 2012

Vekeplan veke 42


Under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 42. Det blir ei hektisk veke med fylkesting måndag-tysdag, viktige politiske møte og spennande opne møte morgon og kveld på Eid osdag, og innleiing på ein nasjonal Energikonferanse om røynslene etter Dagmar torsdag, for å nemne noko.

Uansett: Vil du ha kontakt med meg, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat ansikt til ansikt på Rådhuset på Eid.

tirsdag 2. oktober 2012

Sjumilssteg for Lefdal Gruve


Den 2. oktober 2012 vart det offentleggjort at Lefdal Mine Datacenter AS kjøper opp 67% av Greenfield Datasenter rett utanfor Oslo - eit datasenterprosjekt som fram til i dag har vore eigd av det statlege selskapet Entra. 

- Oppkjøpet av det statleg eigde Greenfield-senteret gjer Lefdal Mine Datacenter til Noregs i særklasse mest komplette datasenterprosjekt. Oppkjøpet styrkar etter mitt syn sjansane for rask byggestart i Lefdal Gruve. Det seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid kommune.  


mandag 1. oktober 2012

Vekeplan veke 40

I helga var det premiere på Opera Nordfjord sin 15. opera i rekka: Madama Butterfly. Ei strålande forestilling både for øyre og auge - oppmodar alle om å få det med seg i løpet av dei komande to vekene på Operahuset Nordfjord. Sjekk flotte foto frå stykket her 

På premieredagen laurdag nytta eg høvet til å ha ope ordførarkontor i Eidsgata ved Gamlebanken. Som vanleg både kjekt og nyttig. Det gjekk i eitt med folk innom dei to og ein halv timane eg hadde ope kontor, og eg har laga meg ein eigen "logg" over sakene folk kom med der. Dette vil blir følgd opp i tida framover.

Under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 40. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail, facebook (har oppretta ein open Facebook-profil som alle har tilgang til) eller sms. Kontaktinformasjon finn du her.

torsdag 27. september 2012

Søndagstur til Tsjernobyl


Den 26. april 1986 eksploderte reaktor 4 på atomkraftverket i Tsjernobyl i dåverande Sovjetunionen, no Ukraina, 100 km nord for Kiev. Resultatet var den verste atomkraftverkulukka verda nokonsinne har sett.  

I 2012 er Tsjernobyl opna for korte besøk og omvising, i kontrollerte former og organiserte opplegg. Eg besøkte anlegget saman med ein gjeng nysgjerrige nordfjordingar søndag for to veker sidan, i samband med ein helgetur til Kiev. Det vart eit minne for livet - og ei sterk påminning om kva sjansespel med menneske og natur atomkraft er. 




onsdag 26. september 2012

Vekeplan veke 39


Seint men godt: Her er min vekeplan for resten av veke 39. Heng stadig litt etter i ein hektisk kvardag, men det kjem seg..

Komande helg blir ei skikkeleg premierehelg i Eid. Laurdag er det premiere på årets oppsetjing i Opera Nordfjord: Madama Butterfly. Det blir ei forestilling som kjem til å ta publikum med storm! Har du ikkje skaffa deg billett enno, må du hive deg rundt å bestille til ei av dei 10 forestillingane på Operahuset Nordfjord si heimeside.

Laurdag blir det også opning av årets operautstilling i Gamlebanken i Eidsgata, med landskjende kunstnarar på plakaten. I høve "premierehelg" og gågate, kjem eg også til å gjenta suksessen frå i sommar med "Ope ordførarkontor" utanfor Gamlebanken. Du finn meg i Eidsgata laurdag mellom 11 og 1330 - velkomen innom! 

torsdag 20. september 2012

Kvivsvegen: Gratulerer med dagen!


Laurdag 22. september opnar Kvivsvegen, det nye vegsambandet mellom Hornindal/Indre Nordfjord og Volda/Søre Sunnmøre. Eg vil nytte høvet til å gratulere med dagen til oss alle - frå min ståstad som ordførar i Eid!


onsdag 19. september 2012

Vekeplan veke 38


Seint men godt: Her er min vekeplan for resten av veke 38.

Sist veke hadde eg gleda av å vere med Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane på studietur til Toronto i Canada, for å lære om korleis delstaten Ontario (under leiing av det liberale partiet som er Venstre sitt systerparti i Canada) har revolusjonert skulane sine dei siste 10 åra, med kraftige forbetringar av lese-, skrive- og reknekunnskapar og mindre fråfall i skulen som synlege resultat. Det var inspirerande, og mykje viktig læring også for den norske skulen. Eit poeng som canadiarane hamra inn igjen og igjen, var at dei har hatt få, konkrete og stabile mål for skulepolitikken over lang tid: Ingen "hopp og sprett" med tilfeldige utspel frå departementet om skulefrukt den eine veka, SFO den andre og valfag den tredje.. Dei har også lagt stor vekt på å systematisk stille ressursar til disposisjon for å hjelpe skular/lærarar med svake resultat til å bli betre, ikkje berre til å henge dei ut med spreiing av statistikk og la det bli med det. Sjekk litt meir om prinsippa vi lærte om i Ontario i dette ferske oppslaget frå engelske The Guardian


søndag 2. september 2012

Vekeplan veke 36-37

Sist veke gjekk arbeidsdagane på høgtrykk med arbeid knytt til Nordfjord sjukehus,  stort sett arbeid "bak kulissane" som også har fått ei viss merksemd i media, jmf f eks denne saka i Fjordenes Tidende.


søndag 19. august 2012

Vekeplan veke 34

Livet er tilbake i "vanleg gjenge" etter sommaren, også i lokalpolitikken. I morgon (måndag) samlast alle formannskapa i dei seks Nordfjord-kommunane for første gong på ca ti år, for å drøfte felles saker og samarbeid innanfor helse.

Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 34. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Denne veka er eg lettast å treffe på kontoret tysdag og fredag, men avtal helst på førehand pr mail, facebook (har oppretta ein open Facebook-profil som alle har tilgang til) eller sms. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 20. august
Kl 09-0945: Opningsmarkering av nytt skuleår ved Eid vgs
Kl 10-1230: Møte i Nordfjordrådet, Eid. Sakspapir finn du her.
Kl 13-18: Felles møte for formannskapa i Nordfjord om helsesaker knytt til samhandlingsreformen og Nordfjord sjukehus. Sakspapir finn du her 

Tysdag 21. august
På kontoret. Førebuing av saker til formannskapsmøte neste veke 

Onsdag 22. august
Møte i Hovudutval for opplæring i fylket på Fagskulen i Sogn og Fjordane, Førde. 
Kveld: Ope høyringsmøte om forslag til ny reguleringsplan for Eidsgata og Tverrgata

Torsdag 23. august
Oppstartsmøte SLT-arbeidet i Eid (samordning av lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet)
Møte med prosjektgruppa for Sagastad. 

Kveld: Møte med fjordhestmiljøet om hestearrangement på Eid sommaren 2013

Fredag 24. august
På kontoret.

Laurdag 25. august
Opningsmarkering av nytt skuleår ved Fjordane Folkehøgskule.
Plateslepp på Eid: Lothe med band i Gymmen

torsdag 19. juli 2012

Malakoff: Klar for takeoff!


Foto: Malakoff/Tommy Bredesen

I dag opnar Malakoff-festivalen - sommarens beste rockeeventyr på verdas vakraste stad. Vi gjer oss klar for ei festhelg utan like på Eid - og inviterer alle med oss! 

Veirgudane har allereie meldt seg på vinnarlaget: Det blir tradisjonen tru sol under Malakoff!

Malakoff-festivalen blir i år arrangert for tiande år på rad. Frå oppstarten i det små i 2003 med ca 650 besøkande og hovudsakleg lokale band, har festivalen vokse til å bli ein stor (over 15.000 besøkande og 4.000 buande i festivalcampen) og i særklasse kvalitetsmessig sterk rockefestival med regionalt og nasjonalt nedslagsfelt.  To gonger er Malakoff kåra til årets rockfestival av Norges Rockforbund. I år er Malakoff kåra av Pyro på NRK P3 til ein av sommarens tre beste festivalar for rock i Noreg - saman med Slottsfjellet og Hovefestivalen.

i år er artist-rekkje sterkare enn nokon sinne: Turboneger, Seigmen, Mesuggah (S), Lars Winnerbäck (S), Rival Sons (USA), The Jayhawks (USA), Gallows (UK), Den Svenska Bjørnstammen (S), Dum Dum Boys, deLillos og mange, mange fleire. Sjekk heile artistlista på Malakoff si nettside.

Malakoff er ein rockefestival heile Eidasamfunnet er stolte av. Festivalen er eit fantastisk døme på kva som går an å få til når eldsjeler og bygdemiljø spelar saman og gjer kvarandre gode. Malkoff er også ein festival på tvers av generasjonane. Malakoff er eit godt prov på at ein musikkfestival ikkje å vere enten ein familiefestival, ein "gamlisfestival" eller ein ungdomsfestival: Malakoff klarer å vere alt i løpet av helga det står på  - og la kvar del forsterke dei andre. Det er konsertar frå kl 13 om dagen til 03 om natta, eit unikt festivalområde, camp-område med overnatting for 4.000 personar og ikkje minst: Ein fantastisk gjeng av eldsjeler og dugnadsarbeidarar frå 14 til 84 år sørger for at Malkoff er mulig.

Eg vil rette ein spesiell takk til den dugnadsgjengen på over 550 frivillige som stiller opp nær sagt døgnet rundt dagane før og under Malakoff. Grovt sagt blir det i løpet av festivalveka lagt ned ca 7.500 dugnadstimar - fire heile årsverk - for å få festivalen i stand. Det er folk i alle aldrar og frå alle "lag" av Eidasamfunnet - i år også med dugnadsbidrag frå idrettslag i våre nabokommuner. Utan denne enorme dugnadsinnsatsen hadde Malakoff ikkje vore det det er. Tusen takk til alle som står på for å gjere Malakoff til årets høgdepunkt for små og store gjester frå fjern og nær!

Malakoff har også store ringverknader for Eid og Nordfjord. På fleire plan. Malakoff er, saman med Opera Nordfjord, omdømmebyggar nr 1 for Eid. Vi er alle stolte av og gler oss til Malakoff. Det er eit årleg samlingspunkt for alle noverande, tidlegare og kanskje framtidige eidarar og nordfjordingar - og deira vener og familie. Kanskje kan vi snakke om ungdom som har vakse opp på Eid dei siste ti åra som "Malakoff-generasjonen": Dei er stolte av Eid, snakkar med entusiasme om heimbygda si når dei reiser ut i verda etter vidaregåande skule, kjem heim og tar med seg venner hit på somrane i ein heilt annan skala enn det som har vore vanleg tidlegare. Og ikkje minst: Mange vel også å flytte tilbake hit og slå seg ned - dagens folketalsvekst og press på bustadmarknaden i Eid er tydelege teikn på det.

Malakoff har også meir handfaste ringverknader, og set sitt preg på Eid heile året, ikkje berre i festivalhelga. Den nye rockescena Gymmen er eit direkte resultat av Malakoff. Eit levande musikkmiljø med stadig fleire som lever av kultur og opplevingsnæringar. Den nye rockeskulen for ungdom som blir starta opp til hausten og mykje anna. I tillegg: Malakoff gir pengar i kassa til lokalt næringsliv og organisasjonsliv som er med å halde hjula i gang året rundt. I fjor omsette lokalt næringsliv for minst 20 mill kr ekstra berre i festivalveka. Det monnar for mange små butikkar og bedrifter!

Men no nok ordførarprat. Ein rockefestival handlar ikkje først og fremst om ringverknader og omdømme. Malakoff handlar mest av alt om fantastisk musikk. Eg gler meg som ein unge til helgas konsertar. Til gamle personlege heltar som deLillos og The Jayhawks. Til "konsertmonster" som Dumdum Boys, Seigmen og Turboneger. Til skandinavias største rockestjerne pr dato: Lars Winnerback. Til stjerneskot på veg opp som amerikanske Rival Sons og svenske Royal Republic , og ein haug nye band og artistar i alle sjangrar innanfor rockens utømelege skattkiste.

Eg skal sjølv ha ei frivilligvakt på festivalområdet i morgon ettermiddag, og ta imot ein del inviterte gjester laurdag. Men kl 1815 laurdag er eg ferdig med mine offisielle plikter for dagen. Då skal eg stå i sola med noko godt i glaset - og sjå Mark Olson, Gary Louris og resten av legendariske The Jayhawks gå på scena og dra i gang Blue på den største festivalscena på Malakoff på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid i mi eiga heimbygd. Eg får frysningar nedover ryggen berre ved å tenkje på det. 

Og endå meir ved å vite at 7-8.000 andre, kanskje fleire, akkurat samtidig lever det gode festivalliv på Nordfjordeid og får minner for livet.

God helg, og er du enno i tvil: Velkomen til Eid og Malakoff 2012!

mandag 16. juli 2012

Sjå, men ikkje røre

KINKIG SITUASJON: Men når vi først har fire likestilte rekneartar i landet, må idealet vere at einkvar må lære å rekne godt på dei rekneartane som hos dei er fletta saman med tanken - og forstå dei som reknar på dei andre måtane. Bilete frå Wikipedia. Dato ukjent, men truleg ca 300 f Kr. 

OBS! Denne teksten er lett inspirert av Dagbladet sin film- og teaterjournalist Inger Merete Hobbelstad sin kommentarartikkel "Hver med sitt nebb", publisert på Dagbladet sine nettsider 16. juni. Det vil vere ein fordel å lese gjennom Hobbelstad sin tekst før ein les vidare nedover denne sida.

La elevane sjå og lese divisjons-reknestykke, men la dei sleppe å rekne og kutt ut karaktersetjinga. Kanskje kan det skape større entusiasme og mindre forakt for divisjon som rekneart.

Igjen blussar det opp: Kampen om kor mye divisjonsundervising norske skuleelevar skal ha og om deira kunnskap i divisjon skal bli gjenstand for karaktersetjing. Enkelte politiske parti vil gjere divisjon valfritt, noko som i praksis vil avskaffe divisjon fleire mange stader (sic) i landet.

Det er særleg for dei som er glad i å addere, subtrahere og multiplisere dagens ordning er kløeframkallande. Dei blir i dag tvinga til å gjennomføre matematiske resonnement i ein rekneart dei ikkje meistrar og dei færraste treng å meistre på et høgt nivå — samtidig som dei andre rekneformene er pressa i eit oppsvulma og eklektisk matematikkfag. Det ville ha vore betre brukt tid å gjere elevane til meir sofistikerte brukarar av dei rekneartane dei primært skal rekne på. Divisjon som rekneart bør kuttast frå karaktersetjing.

Frykta til divisjons-folket vitnar dessutan om underleg låg sjølvtillit på vegne av reknearten dei kjempar for. Då krefter tidlegare i vår foreslo å skjere ned på divisjonsundervisinga, sa deira talsmann at staten «tok divisjonskunnskapane frå folk» og antyda at nedskjering i divisjonsundervisinga kunne legge deling som rekneart på dødsleiet.

Det er vanskeleg å førestille seg at det å la ungdom som ikkje driv med divisjon i det daglege sleppe å få sett karakter på sine kunnskapar i emnet, vil vere dødsstøtet til ein vital rekneart som har vore avgjerande for nokre av dei finaste matematiske prov og vitskaplege gjennombrot i historia. Divisjon har vore og vil halde fram med å vere den føretrekte reknearten til markante matematikarar og vitskapsmenn i andre fag. Divisjon er eit knudrete tre med djupe røter og lauvsprettande greiner.

Difor er det grunt og kortsiktig når enkelte politiske parti vil overlate spørsmålet om landet sin fjerde offisielle rekneart er verd å lære seg til livsuerfarne tenåringar. Det bør undervisast i divisjon. Elevane bør få eit grunnlag som dei kan bruke og byggje vidare på dersom dei får ein jobb der dei må meistre alle fire rekneartar. Men først og fremst bør det undervisast i divisjon for at terskelen mellom ulike fag og disiplinar skal haldast låg, for at heile den vitskaplege verda skal vere tilgjengeleg og open for alle.

Det bør imidlertid leggast mindre vekt på produksjon av reknestykke og likningar i ein rekneart som ikkje flyt for elevane, og meir på å lese og drøfte reknestykke av dei som dividerer vakkert og elegant, som har eit avansert og intuitivt forhold til reknearten sin og uanstrengt finn musikken i han — Euklid, Pythagoras, Fibonacci, Abel og dei andre. Det kan fostre tiltru og kanskje til og med kjærleik til divisjonskunsten hos ikkje-brukarane, i staden for forakten og frustrasjonen som finst i dag.

På same måte ville det vere ønskjeleg om det kunne leggast betre til rette for at dei som vil dividere, kan halde fram med å gjere det gjennom yrkeslivet. Folk tåler truleg å sjå fleire likningar med divisjon.

Om ein skal formulere eit ideal for ei verd som no eingong er i den situasjonen at ho har fire likestilte rekneartar, må det vere at den enkelte kan halde fram å tenkje og resonnere i same rekneart som dei brukte då dei skreiv sine første talsamanstillingar og reknestykke, altså på den reknearten som er fletta saman med tanken — og lese andre som gjer det same på dei andre rekneartane med hjartevarme og forståing.

fredag 13. juli 2012

Vekeplan veke 29: Utekontor og Malakoff

Foto: Siri Kolseth/Fjordenes Tidende

I veke 29 flyttar eg ordførarkontoret ut i Eidsgata, for å feire sommaren og Malakoff-festivalen.


Tid: Tysdag 17. juli, onsdag 18. juli og torsdag 19. juli kl 10-1530

Stad: Ved Kulturhuset Gamlebanken (Eidsgata 10)


Stikk innom for ein prat! Til deg som er innom Eid på besøk, kjem eg til å ha med info om bustader, jobb, fritidstilbod og anna du måtte lure på om Eid og regionen rundt.

Fredag 20. juli og laurdag 21. juli (Malakoff-helga) vil Eid kommune ha eigen stand i Eidsgata. Her kjem vil til å vere fleire frå Eid kommune til stades. Det blir konkurranse med fine premiar, underhaldning og anna.

Minner også om at NRK skal ha gratiskonsert med mange flotte artistar i Eidsgata fredag kl 13-15 (Sommarlutt). Og ikkje minst: Kjøp billett på Malkoff-festivalen eller meld deg som frivillig! Dørene opnar til festivalområdet fredag kl 1630. All informasjon du treng om Malakoff finn du her.

Velkomen - Eid inviterer!

torsdag 12. juli 2012

Bedrifts-boom i Eid


Så langt i 2012 er det registrert 22 nye føretak i Eid kommune, i følgje ferske tal frå Brønnøysundregistra. Det er fleire nye bedrifter enn for heile året samla i 2010 og 2011!

Mange nye bedriftsetableringar er eit teikn på optimisme og framtidstru. Sett i samanheng med vekst og gode resultat i mange av dei eksisterande bedriftene på Eid, tung satsing på entrepenørskap i skulen og mange grunderar som har deltek på etablerarkurs våren 2012, lovar dette svært godt for framtida.

Så langt i 2012 er det registrert 22 nye føretak i Eid i dei offisielle registra i Brønnøysund, mot høvesvis 6 og 8 nye føretak i same periode i 2010 og 2011. Sidan år 2000 er det berre i eitt år (2006) det har vore høgare "nyskapingstakt" i næringslivet i Eid enn så langt i 2012.

La meg ile til og seie at eg sjølvsagt er klar over at det har vore auke i talet på registrerte bedrifter over heile landet i 2012 som følgje av reduserte krav til eigenkapital for aksjeselskap. Veksten i Eid er likevel langt sterkare enn dette. Eid ligg no faktisk over fylkessnittet i Sogn og Fjordane i "nyskapingstakt" for nye bedrifter. Det er svært positivt og litt oppsiktsvekkjande, sidan vi tradisjonelt er ein kommune med relativt mange offentlege arbeidsplassar. Auken i nyregistrerte bedrifter samsvarar også godt med andre utviklingstrekk vi for tida opplever i Eid, som vekst i folketal og sterkt press på bustadmarknaden i kommunen.

Det er ekstra gledele gå å sjå at veksten i nye bedrifter kjem samtidig som dei eksisterande, større bedriftene i kommunen gjer det skarpt og investerer i framtida. Bedrifter som Norgesvinduet Bjørlo, Eid Elektro, YIT, Normatic og Nordplan er leiande i sine bransjer. Mange store nye anleggsprosjekt i regionen i åra framover, mellom anna den nye 420-kV-linja og nye vegprosjekt, gir grunnlag for vekst i entrepenørnæringa og andre følgjenæringar.

Det er også på gang store nye satsingar i handelsnæringa i kommunen, mellom anna i samarbeid mellom Moengården og Coop Vest, og det er stor knoppskyting i det kultur- og opplevingsbaserte næringslivet. Innanfor kulturnæringane har Eid med støtte frå KRD har oppretta eit eige selskap, VAKN, for å utvikle ein nasjonal modell for kulturbasert næringsutvikling bygd på røynslene frå Opera Nordfjord, Malakoff m m.

Nordfjord er samla sett ein svært sterk næringslivsregion. Utfordringa framover blir å byggje endå sterkare regionale nettverk i næringslivet med større slagkraft. Tilsetjinga av dagleg leiar i det nye felles næringsselskapet for Eid/Vågsøy/Selje, Nordfjord Vekst, gjer det no mulig å setje fart i dette arbeidet for alvor.

Truleg er den største hindringa for å ta ut vekstpotensialet vårt no rett og slett mangel på folk! Mange bedrifter eg snakkar med peiker på rekruttering som ei kjempestor utfordring. Her må vi tenkje nytt og meir offensivt i tida framover. Fleire folk skaper meir vekst!