søndag 27. januar 2013

Vekeplan veke 5/2013

Veka vi snart har bak oss har vore uvanleg hektisk. Vi har hatt to viktige formannskapsmøte - eitt av dei saman med Gloppen for å vedta planoppstart for fjordkryssinga Lote-Anda. Vi har også hatt heildagsbesøk på Eid av den nye konsernsjefen i SFE og leiaren for NTNU sitt Smartgrid-senter - for å besøke det heilt spesielle elektro- og automasjonsmiljøet på Eid og drøfte framtidig samarbeid.

Ny konsernsjef i SFE, Terje Gjengedal, og Jan Onarheim frå NTNU
på bedriftsbesøk - her hos Nordplan AS.
Det har i tillegg vore politiske kveldsmøte kvar einaste kveld måndag-torsdag, før veka vart runda av på særs hyggeleg vis fredag med bursdagsfest i Gjerdane barnehage, som fylte 25 år på fredag. Flott underhaldning av ein stor barneflokk, og hyggeleg samvere med born og vaksne i barnehagen etterpå.
25-årsfest for Gjerdane Barnehage - med Hakkebakkeskogen!
Komande veke blir heilt annleis for min del. I morgon tidleg går turen til Longyearbyen på Svalbard, for ei avsluttande arbeidsveke med det statlege utvalet for å sjå på staten sine forsterkingsressursar ved kriser og katastrofer - særleg korleis vi kan organisere Heimevernet og Sivilforsvaret best mulig for å yte bistand utover landet i framtida. Er vi budd på å møte ein ny "Dagmar" - og kva må til for at vi brukar ressursane staten sit på endå meir målretta til det i framtida?

Det skal også bli ei stor oppleving å besøke Svalbard for første gong. Alle eg har snakka med som har vore der blir drøymande i blikket og skryt uhemma av den flotte naturen der oppe, så eg har store forventingar.. Den lange polarnatta tek slutt medan vi er der oppe - men temperaturen kryp neppe over 20 minus, skal ein tru veirmeldinga.

Uansett: Livet går sin gang i det politiske liv i Eid denne veka også, i mitt fråvere. I morgon er det samferdslepolitisk møte i Førde med to statsrådar og E39 på dagsorden - her stiller formannskapsmedlem og Sp-frontfigur i Eid, Sigurd Reksnes. I morgon får vi også besøk til Eid og Norsk Fjordhestsenter av ei arbeidsgruppe som ser på framtidig organisering av dei nasjonale sentra for dei norske hesterasane - her vil varaordførar Gunvald Ludvigsen helse velkomen på vegne av Eid kommune. Gunvald Ludvigsen vil også delta i mitt fråvere i eit møte med IMDI (Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet) på onsdag om mottak av flyktningar.

Internett og telefon virkar også på Svalbard: Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar"). 

Ha ei fin veke!

torsdag 17. januar 2013

Fleire utleigebustader i Eid


For å få fart på bygginga av nye utleigebustader, legg Eid kommune no ut for sal ei kommunal tomt i Nordfjordeid sentrum øyremerka utbygging til utleigebustader, på heilt spesielle vilkår.
  
Eg trur denne modellen, som vi no testar ut, kan ha stor overføringsverdi også til andre tettstader med ein trong utleigemarknad.

Dei beste sentrumstomtene i privat eige blir, i Nordfjordeid som andre stader, stort sett brukt til utbygging av bustader for sal. Det helsar eg velkomen, og vi har heldigvis mange spennande utbyggingsprosjekt av leilegheiter for sal på gong i Nordfjordeid sentrum i regi av dyktige entrepenørar. 

Men: Dette skaper samtidig behov for at kommunen tek ei meir aktiv rolle i å sørge for at det også er god tilgang til attraktive utleigebustader for nyinnflyttarar i Nordfjordeid sentrum - dersom vi ønskjer utvikling og vekst.

Eid kommune ønskjer difor no å utfordre entrepenørbransjen til å kome opp med gode konsept for tett utbygging av ei stor bustadmasse for både sal og utleige - der innhaldet i utbyggingskonseptet og husleiga på utleigebustadene vil vere viktigare i konkurransen enn prisen kommunen får for tomta.

Mange, særleg unge, vil gjerne "prøve ut" å bu på ein stad i ein periode før ein går til det store steget det er å kjøpe ein bustad. Då er god tilgang til attraktive utleigebustader ein nøkkel for å få endå fleire til å flytte hit.

Den aktuelle tomta i Nordfjordeid sentrum (Golvsengane for lokalkjende - 100 meter unna barnehage og 4-700 meter unna barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule og kulturhus/operahus) er på ca 3200m2, og regulert til bustadføremål med "tett utbygging". Kravet Eid kommune set til utbyggjarar som vil delta i konkurransen, er at minst 6 bueiningar skal nyttast til utleigeføremål med førehandsdefinerte prisar, og at minst tre av desse skal vere 2-roms leilegheiter eller større. Plikt til utleige gjeld i 10 år, og maksimal utleigetid til kvar leigetakar skal vere tre år (gjennomgangsbustader). Ut over dette står utbyggar fritt til å selje/leige ut dei øvrige bueiningane, og til evt sal av dei seks utleigeeiningane etter 10 år.
Kontrakt vil verte tildelt tilbydaren med det mest fordelaktige tilbod for å nå kommunen sine mål om auka tilgang til utleigeleilegheiter i Nordfjordeid sentrum.

Nordfjordeid sentrum er ein uvanleg "kompakt" tettstad, som i fjor vart nominert som ein av fem finalistar i ei nasjonal kåring av Norges mest attraktive tettstad. Eid kommune har også pendlingsmulegheiter til ein arbeidsmarknadsregion med 40-45.000 menneske innanfor ein times reiseavstand, noko som gjer Nordfjordeid til ein attraktiv plass å busetje seg for mange "jobbpendlarar" i regionen.

For meir informasjon om Eid og Nordfjordeid (inkl "fotobank", sjå http://nordfjordeid.no/ 

For meir informasjon om tomtesalet og fullstendig konkurranseutlysing, sjå https://eid.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=2842&back=1&MId1=338&MId2=&MId3=& 

mandag 14. januar 2013

Vekeplan veke 3/2013




Slik - med linjegymnastikk anno 1863 - sparka turngruppa i Eid Idrettslag i helga i gong eit litt spesielt jubileumsår i Eid. Landets eldste landsidrettslag, Eid Idrettslag, fyller i år 150 år. Samtidig feirar Eid Musikklag 100 år. Og det skjer same år som Sogn og Fjordane fylke fyller 250 år - med oppstart av fylkesjubileet her på Eid i mars. Kort sagt: Eid jubilerer - i 2013! Mykje meir om det etter kvart.

Under ser du nokre av mine planer for veka vi no er inne i. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar"). Link til Eid kommune si offisielle Facebook-side er også nyttig.

Ha ei fin veke!

tirsdag 1. januar 2013

Vekeplan veke 1-2/2013


For eitt år sidan hadde eg som "ordførar-nyttårsforsett" å legge ut vekeplanen min på nett/blogg kvar veke. Det er eit nyttårsforsett eg stort sett har halde gjennom heile 2012, og som vonaleg har vore nyttig og interessant for fleire enn meg sjølv (tilbakemeldingane tyder i alle fall på det!). 

Eg er overtydd om at det er viktig for folkestyret at det er enkelt å følgje med på kva vi folkevalde driv med, og enkelt å kome i kontakt. Å offentleggjere vekeplanen er ein del av dette for min eigen del, og eg ser ingen grunn til å avslutte denne vanen når vi no går inn i eit nytt år.

Så her kjem årets fyrste vekeplan. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar"). Link til Eid kommune si offisielle Facebook-side er også nyttig.

Denne veka er eg på kontoret onsdag og fredag, medan eg er bortreist heile veke i samband med "sluttspurten" i eit statleg utval eg er med i som representant for norske kommunar, som skal sjå på den statlege ekstraberedskapen ut over i heile landet når ulukker og andre større hendingar rammar oss - anten vi no snakkar terror, uvêr, storulukker eller andre hendingar. Vi er no inne i sluttspurten av arbeidet, som skal vere ferdig innan mars 2013.

Vel møtt til eit nytt år - les ei lita nyttårshelsing skriven for vår lokalavis Fjordabladet her!