søndag 24. juni 2012

Vekeplan veke 26


Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 26. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms. Denne veka er eg lettast å treffe på kontoret onsdag eller fredag. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 25. juni
Møte i Hovudutval for opplæring i fylket. 

Tysdag 26. juni
Heildags workshop Helse i Nordfjord, Selje

Onsdag 27. juni
Kveld: Informasjonsmøte på Stårheim om planframlegg til endring i skulekrinsgrenser

Torsdag 28. juni
Møte med Statens Vegvesen. Generalforsamling Fjordvarme AS.

Kveld: Opningsarrangement Dei Nynorske festspela, Ørsta

Fredag 29. juni
På kontoret.

Ha ei fin veke!

onsdag 20. juni 2012

Helsing til elevane ved Eid vgs våren 2012


(helsing på skuleavslutning for skuleåret 2011/12 ved Eid vgs, 20. juni 2012)

Siste skuledag: Gratulerer med dagen! Spesiell helsing til russen: Uansett kor mykje det er ein klisje så er dagen i dag – siste dagen etter 12 år på skulebenken – eit av dei store vegskilla i livet. Det fortenar ein fest!

Det eg har lyst å gjere her i dag til dokke alle, er å nytte høvet til å takke frå alle oss andre på Eid, frå resten av oss for at de er på Eid. Nåken av dokke har budd her heile livet. Andre av dokke har berre vore her den tida de har gått på skule, budd på hybel eller bussa inn.

Uansett: Tusen takk for at de er her! Eg håpar de vil huske desse åra her på vidaregåande på Eid som nåke heilt spesielt, uansett kva de skal gjere vidare i livet.

Og utan at eg anar nåke om standpunktkarakterar eller eksamensresultat og slikt – det får rektor Ove og lærarane halde styr på – så må eg frå min ståstad få lov å gi elevane på Eid vgs toppkarakter – ein blank seksar.

Dokke – og lærarane og dei tilsette på skulen elles - er med å drive Eidasamfunnet framover. De har på mange måtar ”brote ned” skillet mellom skule og bygda elles. Det her huset gjer at skulen og lokalsamfunnet elles rett og slett er i lag – på dag, ettermiddag og kveld, det er naturleg å møtes, snakkast og finne på ting i lag. Og det kjem det fantastiske ting ut av. Opera, Malakoff, skulemusikalar, kino, konsertar, store og små festar. Det er her ”pulsen” i Eid verkeleg slår.

Husk: De går på ein ganske spesiell skule! September/oktober: Skule på dagen, opera på kvelden. Februar/mars: Skulemusikalen Les Miserables – ein ufattelig prestasjon av ei oppsetjing – vil aldri bli gløymt verken av de som var med eller oss som såg på. Heile året: Hovedkvarter for Malakoff-festivalen, som i går blei kåra av Pyro på NRK P3 til ein av dei tre beste rocketrøkk-festivalane i heile Norge sommaren 2012 saman med Slottsfjellet og Hove-festivalen – milevidt før Øya-festivalen og alle andre norske festivalar.

Smak litt på det! Dette er ein del av dykkar kvardag som elevar på Eid vidaregåande skule…

Eg brukar av og til å seie at det eg som ordførar vil at Eid skal vere, er ein plass som er stor nok til å gi folk albogerom og leve ut draumane dine, og samtidig ein plass som er liten nok til å sjå kvar enkelt og ta vare på deg utan at du ”forsvinn i mengda”.  

Det er ganske store ord. Det er ikkje sikkert vi er heilt der endå. I alle fall ikkje for absolutt alle, kvar einaste dag. Men eg håpar i alle fall de kjenner dokke igjen litt, og har opplevd at Eid kan vere nettopp det.

Og til årets russekull: Tusen takk for dei åra de har vore her. Eg håpar de har Eid med i hjartet dokka resten av livet. Nåken av dåkke blir buande her, har fått jobb eller kjem til å få jobb. Det er kjempebra. Nåken skal vidare ut i verda og gjere heilt andre ting. Det er også kjempebra. Og de skal vite at de alltid er velkomne tilbake. Og at vi har det ganske kjekt vi som har flytta tilbake til Eid også, etter nåken år ute, anten vi har enda opp som lærarar, ordførarar eller noko heilt anna.

Og så står det igjen ein ting til etter dåkke spesielt for min eigen del: Eg kjem aldri nokon sinne til å gløyme årets russerevy, og der klarte de jo eigentleg å lage den nye nasjonalsangen til Eid med avslutningsnummeret på den revyen..

Og eg trur i alle fall de tar med dåkke ein ting de har lært etter tre år på Eid vidaregåande skule: Sjølvtillit. Vi kan klare nesten kva som helst, berre vi tør å kaste oss ut i det. Fortsett med det vidare i livet også.

Så min avskjedspresang til dokke som er russ – og alle dåkke andre - er ganske enkel: Ei opa dør. Uansett kva de måtte lure på og ønske av Eid: Ta kontakt. Er dokke fornøgd: Ver Eida-ambassadørar, og ver stolte av det. Er dokke ikkje fornøgd: Sei frå om kva vi må få til, så skal vi sjå om vi ikkje kan ordne det. Ute i gangen finn de ein stor bunke visittkort og ei stor kasse med det nye ”Eid inviterer-magasinet”. Det kan de ta med dåkke så mange det vil av. Går det tomt skal vi skaffe meir.

Så tusen takk til elevar, lærarar og rektor – og til årets russekull spesielt. Nyt sommaren og livet – og lukke til vidare til alle!

søndag 17. juni 2012

Vekeplan veke 25


Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 25. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms. Denne veka er eg innom kontoret dei fleste dagar, men ikkje torsdag. Då er det heildags kommunestyremøte. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 18. juni
Generalforsamling i Norsk Fjordhestsenter. Generalforsamling i Nordfjordeid Næringshage.

Tysdag 19. juni
Møte i Beredskapsrådet.

Ettermiddag/kveld: Workshop om miljøhus med bedrifter i Eid.

Onsdag 20. juni
Skuleavslutning Eid vidaregåande skule

Torsdag 21. juni
Kl 0830: Møte i Administrasjonsutvalet (formannskapet pluss arbeidstakarrepresentantar)
Kl 0900: Generalforsamling Eid Industrihus (formannskapet)
Kl 1000: Kommunestyremøte, med innlagde orienteringar frå SFE og Sagastad-prosjektet. Dagsorden for kommunestyremøtet finn du her

Kveld: Informasjonsmøte i Kjølsdalen om planframlegg til endring i skulekrinsgrenser

Fredag 22. juni
Besøk på Stokkenes Golfpark

Ha ei fin veke!

tirsdag 12. juni 2012

Postkontorreform: Lokale konsekvensar

I går kveld (måndag 11. juni) vedtok Stortinget å redusere talet på postkontor i Noreg frå 179 til 30. Det betyr at det stort sett blir berre eit postkontor att i kvart fylke, også i Sogn og Fjordane. I løpet av 2013/14 blir postkontora i Eid, Sogndal og Florø dermed lagt ned og erstatta med post i butikk. (Tilsvarande blir t d i Møre og Romsdal postkontora i store byar som Ålesund og Kristiansund lagt ned, så dette er ikkje noko spesielt for Sogn og Fjordane). Bakgrunnen for dette er naturlegvis ei radikal endring/nedgong i folk sin bruk av posttenester, saman med ei vellukka utrulling av post i butikk framfor "reindyrka" postkontor.


Eg har på morgonen i dag ringt dagleg leiar på postkontoret på Eid, Ole Tom Myroldhaug, for å få vite litt meir om konsekvensane av dette for Eid. Kort fortalt vil det ikkje bli dramatiske endringar i posttenestene for folk flest. Posttenestene vil bli overført til ny ”Post i butikk” på ein av butikkane på Eid. Det vil ha som ein svært positiv konsekvens at vi får betydeleg utvida tilgjenge til tenestene (ope postkontor kanskje heilt frå 7 om morgonen til 22 om kvelden). Post i butikk er ei ordning som fungerer svært godt mange andre stader, og eg er trygg på vil bli god også for folk på Eid. Det vil ikkje bli endringar i postomberinga som følgje av dette.


Det som derimot er viktig, er å sikre gode løysingar for dei som i dag er tilsette på postkontoret i Eid. Det er snakk om fire personar på Eid som blir berørt av omstillinga (blir overtallige saman med ca 1.000 andre i Posten Noreg). Mange av desse har jobba i Posten svært lenge, og vi har ein flott stab av folk på vårt lokale postkontor på Eid. Det er ein spesiell dag for dei å møte på jobb til nyhenda om at postkontoret blir lagt ned (sjølv om ein har visst om lenge at omstillinga ville kome). 


Posten er tradisjonelt eit selskap som har vore gode på å ta vare på folk i omstillingsprosessar. Eg legg til grunn at det gjeld i denne runden også. Uansett: Eg har sagt til Ole Tom at Eid kommune skal stille opp om det er er noko vi kan bidra med i omstillingsperioden, og vi har avtalt å halde kontakten. Det er mange arbeidsgivarar i Eid og regionen rundt som for tida er på jakt etter flinke folk, og eg har god tru på at dette vil ordne seg. Men ein spesiell dag er det uansett – ikkje minst for dei tilsette på postkontoret på Eid.

Dette som ei lita dagsaktuell oppdatering frå mi side - kom gjerne med kommentarar/synspunkt!

søndag 10. juni 2012

Vekeplan veke 24


Denne veka skulle eg eigentleg ha starta med å reise til Arendal og delta i paneldiskusjon på Arendalskonferansen, men grunna mykje som har hopa seg opp, inkl nokre utsette møte siste par veker, blir Arendalsturen kutta frå programmet. Det tettar seg til før sommaren!

Det viktigaste som skjer lokalpolitisk denne veka er heildagsmøte med formannskap og finansutval på torsdag. Der skal vi ha første handsaming av framlegg til nytt langtidsbudsjett og handlingsplan for Eid kommune 2013-16. Vi skal også ha oppe sak om val av konsept for nytt omsorgssenter i Eid - ei sak som det hastar med å kome vidare i.

Og så skal vi ha opp ei sak som eg personleg er sterkt engasjert i for tida: Korleis få ytterlegare fart på bustadbygginga i Eid! Folketalet i Eid veks, leigemarknaden i Eid er svært trong og vi treng enno fleire både sosiale bustader, utleigeleiegheiter og attraktive byggeklare tomter i alle deler av kommunen. 

Elles er det verdt å nemne at det blir storinnrykk på Eid til helga: Ca 1000 korpsmusikantar og foreldre frå nær og fjern kjem til rocka korpsstemne på Eid. Vi gler oss til å ta mot gjestane!

Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 24. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms. Denne veka er måndag den beste dagen. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 11. juni
Møte med Landslaget for Nynorskkommuner (LNK). Styremøte Nordfjord Vekst. 

Tysdag 12. juni
Generalforsamling og aksjonærsamling for Framtidsfylket AS (eg har vore styremedlem fram til no, men går av på generalforsamlinga i morgon), Sandane. 

Kveld: Møte i bruselskapet for kryssing av Nordfjorden.

Onsdag 13. juni
Møte i Hovudutval for utdanning i fylkeskommunen, Stryn. Saklista til møtet finn du her. Etterpå er det markering av 100 år med vidaregåande utdanning i Stryn.

Torsdag 14. juni
Heildags formannskapsmøte i Eid, inkludert møte i Administrasjonsutvalet og Finansutvalet. Saklister til alle møta finn du på Eid kommune sine nettsider.

Kveld: Generalforsamling og aksjonærsamling Nordfjord Vekst AS.

Fredag 15. juni
Sentralstyremøte i Venstre, Halden. (Eg vart vald som 3. vara til Venstre sitt sentralstyre på landsmøtet i april. Dette er første gong eg skal møte i sentralstyret. Vil også prøve å få til nokre andre møte "på vegen" i Oslo tidlegare på dagen).

Laurdag-søndag 16.-17. juni
Landsstyremøte i Venstre, Halden

Ha ei fin veke!

onsdag 6. juni 2012

Innlegg i fylkestinget om Grand Prix

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok 6. juni med 21 mot 18 røyster å løyve 600.000 kroner til delfinale i Melodi Grand Prix i fylket i 2013 for tredje år på rad.

Venstre røysta mot løyvinga saman med Sp, Krf og SV. Ap, Høgre og Frp utgjorde fleirtalet, som dermed sørga for at Sogn og Fjordane fylkeskommune samla har gått inn med 2,25 mill kr til å arranger Grand Prix-delfinalar dei siste tre åra.

Så vidt eg er kjent med, er Sogn og Fjordane det einaste fylket i landet som har løyvd fylkeskommunale midlar til Grand Prix-delfinalar.

Her er manus til mitt innnlegg i debatten (framføringa vart litt kortare pga tidsnød..).

Fylkesordførar,

det er ei god liberal dyd for ein Venstre-mann å kunne skilje mellom det ein ikkje likar og det ein vil forby, anten det no er prostitusjon, tigging eller anna.

Men ei like viktig liberal dyd er å kunne skilje mellom det ein likar og det ein vil bruke skattebetalarane sine midlar på.

Dette er for meg ei slik sak.

Eg likar Eurovision Song Contest, heretter kalla Grand Prix. Eg er “begeistra for denne type arrangement” for å låne Ap-gruppeleiar Nils Støyva si elegante formulering. Og eg likar Florø. Florø er kommunen i fylket med størst vekstpotensiale. Florø er oljebyen, kysthovudstaden, som vi skal og bør satse mykje på i åra som kjem.

Og eg syns i og for seg det er greit at vi har svidd av ein del pengar på å gjere Florø til Grand Prix-by, ved starthjelp til den første delfinalen i 2011.

Men no syns eg ærleg talt det får halde. No er dette eit arrangement som må stå på eigne bein. Om ein arrangerer MGP to eller tre gonger, det speller inga stor rolle for vidare merkevarebygging. Vi veit allereie at dette kjem til å gi varige verknader i Florø, gjennom ein planlagt årleg vinterfestival i slutten av januar kvart år. Det er kjempebra. All honnør til lokale krefter som tar dette spranget.

Men så til fylkeskommunen si rolle. I dag sit vi i Fylkestinget, og har fått høyre av leiaren i Kulturutvalet vårt at dei ikkje prioriterer dette innanfor sine rammer – og at beløpet er langt, langt høgare enn noko anna kulturarrangement i fylket som dei har løyvd pengar til i løpet av 2012.

Og så, kjære Ap, Høgre og Frp: Viss det er slik som de seier, at ein allereie for to år sidan i praksis forplikta seg til gi fylkeskommunale midlar til Grand Prix i Florø i tre år – kvifor i all verda er det då ikkje tatt høgd for ei løyving i fylkeskommunen sitt budsjett for 2012 allereie? Kvifor står vi her i behandlinga av ein tertialrapport midtvegs i året og må ta pengar frå fylket sine bufferfond for dei trange tidene som vi veit står føre oss i åra som kjem?

Og som Krf-representant Tore Storhaug så glimrande sa det: Vi må ikkje ha så dårleg sjølvtillit i dette fylket at vi som einaste fylke i landet må betale for å få lov å arrangere Melodi Grand Prix. 

Kva er eigentleg dette? Sogn og Fjordane er ikkje noko indianerreservat. Vi er - i alle fall bør vere - eit heilt normalt fylke med større vekspotensial enn dei fleste. Då må vi oppføre oss slik også.

Så i denne saka skal eg vere kjedeleg, men konsistent. Når ikkje Høgre i denne saka vil stå for ein av dei fremste borgarlege dydene – ansvarlighet, stram hushaldering med offentlege midlar og ein medviten grenseoppgang mellom kva som er ei offentleg oppgåve og kva som ikkje er det – vel, då får Venstre og Krf gjere jobben Høgre ikkje gjer.

Men til slutt: Eg veit sjøvlsagt at det ganske sikkert blir eit knapt fleirtal for ei løyving. Så då vil eg samtidig nytte høvet til å ønskje arrangørbyen Florø lukke til. Eg er heilt sikker på at det blir eit glimrande arrangement. Det er ein knallflink arrangør som står bak. 

Nede i Aserbadjan i mai var det svigersonen til presidenten som blei heist ned på scena i heisekran som pauseunderhaldning. Kven av Høgre sine kronprinsar i Florø, Jacob Nødseth og Bjørn Hollevik, som blir heist ned på scena til Florø for å underhalde det norske folk veit ikkje eg. Men eg gler meg uansett. Lukke til med arrangementet!