mandag 28. oktober 2013

Veke 44 og 45


November blir ein spennande månad i Eid! Helga 15-16 november er vi så heldige å vere vertskap for den storslåtte avslutninga av 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane, med tre store festkonsertar med Kringkastingsorkesteret (KORK) og ei rad kjende artistar som gjestesolistar - i tillegg til at mange unge lokale talent får prøve seg med dei store. Og som ein ekstra bonus: I desember får heile resten av landet vere med på musikkfesten på Nordfjordeid: Det blir ei times TV-sending frå konsertane på NRK1 fredag 13. desember kl 2005. 

Vedlagt er min plan for denne og neste veke. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. 

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

søndag 20. oktober 2013

Vekeplan veke 43/2013


Etter mykje reising sist veke, er eg i all hovudsak "på heimebane" i veka som kjem. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. 

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

søndag 13. oktober 2013

Vekeplan veke 42/2013

To utrulege opera-veker på Nordfjordeid er over i Opera Nordfjord sitt jubileumsår (15 år). For ein fest det har vore - både for dei fleire hundre som har delteke på og bak scena, og for eit entusiastisk publikum på 13 framsyningar på 13 dagar!

Kvaliteten på årets oppsetjingar har vore betre enn nokon gong. Ein av verdas fremste kjennarar av klassisk musikk, britiske Andrew Mellor, seier at det som skjer i Opera Nordfjord er unikt i verda, og at til og med dei største operahusa i verda kan lære av "Nordfjord-modellen" med samspel mellom frivillige og profesjonelle, skule og kultur. Operasuksessen vart i år toppa av tidenes fyrste ballett-oppsetjing - Nøtteknekkaren med over 60 små og store dansarar på scena - ei oppsetjing som sjølv Ballettsjef ved Den norske Opera&Ballett, Ingrid Lorentzen, skrytte opp i skyene.


torsdag 10. oktober 2013

Ein jubeldag


- Dagens brev til Helse Vest frå Helseminister Jonas Gahr Støre om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus gjer meg jublande glad!

Det seier ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo (V), i ein kommentar til brevet Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr-Støre i dag (10. oktober 2013) har sendt til Helse Vest, som Fjordabladet offentleggjer no i kveld. I brevet slår Gahr Støre fast at mangelen på dagkirurgi ved "Framtidas lokalsjukehus" i Nordfjord er ein mangel Helse Vest bør søke å rette opp, med frist for tilbakerapportering 10. november.

søndag 6. oktober 2013

Vekeplan veke 41/2013


Vi har bak oss ei strålande operapremiere-veke på Eid for Flaggermusen i regi av Opera Nordfjord. Ei festforestilling på alle måtar! Det er spesielt interessant å høyre internasjonale operaekspertar seie at det ein får til i Opera Nordfjord er unikt også internasjonalt, og at samarbeidsmodellen amatørar/profesjonelle, kultur&skule som er skapt på Eid er noko som også dei største scenene i verda kan lære av. Det varmar å høyre!

Komande veke byr på statsrådbesøk til Eid, markering av verdsdagen for mental helse, ny Opera Nordfjord-premiere (!) og mykje anna.

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka er onsdag den beste dagen for å avtale ein prat. 

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!