søndag 26. januar 2014

Vekeplan veke 5/2014


Denne veka publiserte Folkehelseinstituttet såkalla "Folkehelseprofil" for alle landets 428 kommunar. For Eid sin del er resultata jamnt over gode, med nokre unntak (sjekk statistikken sjølv for di kommune her).

På eitt område i Folkehelseprofilen skil likevel Eid seg radikalt ut i positiv retning: Tal som går på oppveksttilhøva for barn og unge. 

mandag 20. januar 2014

Vekeplan veke 4/2014

Alle mine tankar ved starten av veka går til Lærdal. Brannen som har ramma lokalsamfunnet der i helga  er ei nær ufatteleg hending i skadeomfang og dramatikk, og vil prege bygda i lang tid framover. Vi får berre vere sjeleglade for at ikkje liv gjekk tapt, og at trass alt det aller meste av den nasjonalt unike trehusbebyggelsen på Lærdalsøyri unngjekk å gå tapt i flammane.

Brannen råkar Lærdal-samfunnet direkte, men er også ein alvorleg tankevekkar til alle oss andre til at vi for det første må gjere det som står i vår makt for å førebygge og planlegge for kva vi skal gjere viss slike hendingar først slår inn. Eid har også tett trehusbebyggelse i sentrum. Det er for meg som "fersk" ordførar godt å vite at kommunen har ein ganske ny og godt gjennomarbeidd brannsikringsplan for Eidsgata og Tverrgata, utarbeidd i 2010. I samband med pågåande arbeid med ny kommuneplan vil ROS-analysene bli ytterlegare oppdatert.

Brannen i Lærdal syner også godt kor viktig eit velfungerande lokalsjukehus er når krisa verkeleg set inn. Når 450 personar fekk behandling på lokalsjukehuset i Lærdal i døgnet etter brannen - ca  150 av dei måtte leggast inn! Med eit sentralisert helsevesen der det er 2-3 timars køyring til næraste sjukehus - med nattestengte ferjer på vegen - kan ein berre tenkje seg korleis det ville ha vore for folket i Lærdal, slik brannsjefen i Sogn gir ettertrykkeleg beskjed om til TV2.

Her er samanlikninga mellom Sogn og Nordfjord nærliggande. Det alvoret er viktig å ha med seg inn i ei veke då Nordfjordrådet kjem til å gjere det klinkande klart for Helse Førde at vi vil ha eit skikkeleg, robust Nordfjord sjukehus som er i tråd med nasjonale, faglege tilrådingar om korleis eit lokalsjukehus må vere for å sikre kvalitet, rekruttering og kompetanse ved sjukehuset på sikt. Adm dir i Helse Førde sitt framlegg om å trasse alle faglege råd om korleis eit kvalitetsmessig godt lokalsjuekhus skal vere, har provosert dei aller fleste i Nordfjord siste veka, underteikna inkludert.

Uansett: Slik ser min plan ut for veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. I veke 4/2014 passar det best onsdag.

søndag 12. januar 2014

Vekeplan veke 3/2014


Veka som står for døra, blir på tettpakka og uhyre viktig for framtida i Nordfjord. Både E39 og sjukehus står no føre avklaringar som vil bety mykje.



Slik ser min plan ut for veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. I veke 3/2014 passar det best fredag.

torsdag 9. januar 2014

Velkomen til E39-konferanse!

Velkomsthelsing på E39-konferanse på Nordfjordeid, 9. januar 2014


Eg vil med dette ynskje innleiarar og deltakarar på E39-konferansen 9. januar 2014 velkomne til Eid! Vårt motto er "Eid Inviterer". Det gjer vi også i dag!

Denne veka la NHO fram "Nærings-NM 2013". Det var resultat til glede og inspirasjon for Eid og Nordfjord! For første gong er Nordfjord, med våre ca 30.000 innbyggarar, blant dei 20 beste næringslivsregionane i landet (av 84). Nordfjord-bedriftene er i nasjonal toppdivisjon i reiseliv, maritim sektor, energi, automasjon, IT, design, møbel, fiskeri og landbruk/næringsmiddel.

Klipp frå "Nærings-NM 2013" - regionane si utvikling i næringsliv frå 2000 til 2013 (Telemarksforsking/NHO)
NHO rangerer i tillegg Eid blant dei 20% beste næringslivskommunene i landet i 2013, også det for første gong! Med ei unik næringsklynge i energi, elektro og automasjon - nye store handelsetableringar på gang og samarbeid skule/næringsliv som vekker nasjonal interesse skal næringslivet i Eid vekse meir i åra som kjem. Viss vi får sjansen..

NHO sitt Nærings-NM 2013. Kommunar med mørkegrøn farge er blant dei 20% beste kommunene i landet
Er det to ting næringslivet treng for å vekse vidare, er det betre samferdsle for å skape større bu- og arbeidsmarknadsregionar - og politisk forutsigbarhet. 

E39 midt i Nordfjord - over Lote-Anda - har i 30 år vore sjølvsagt for næringslivet som har etablert seg og investert midt i Nordfjord. Ingen har på alvor tenkt tanken på at nokon ville finne på å "bygge ned" E39 for vårt næringsliv. Tvert imot har alle politiske løfte frå alle parti heilt fram til 2011 gått i éi retning: E39 over Lote-Anda som framtidas stamveg - med brukryssing til erstatning for ferje. Det har næringslivet stolt på og investert etter, Fylkestinget i Sogn og Fjordane tilrådd, og alt regionalt samarbeid og gjensidig tillit i Nordfjord vore basert på.

Vi er svært glade for at visjonen om Ferjefri E39 no blir ein realitet - som eit felles løft for Vestlandet. Det er også flott at vi har fått ei regjering som andre stader på Vestlandet allereie har vore krystallklar på at vi skal investere i dei vegane som gir størst regional nytte og skaper størst mulig bu- og arbeidsmarknadsregionar - og at det skal lønne seg å bygge bruer som kan erstatte ferjer. Vi tek det som ei selvfølge at det skal gjelde også i Nordfjord!

Ein ferjefri E39 i midtre trase på aksen Skei-Nordfjordeid-Volda vil ikkje berre gjere Nordfjord til éin bu- og arbeidsmarknadsregion. Vegen vil også gjere det mulig å legge ned to ferjer, vere kortaste veg for gjennomgangstrafikken og binde Nordfjord og Sunnmøre saman til éin felles region med 60.000 menneske med over 5 milliardar kroner i samfunnsnytte. Ny bruteknologi gjer bruene heile 3 milliardar kroner rimelegare enn tidlegare antatt - i eit prosjekt som allereie før denne reduserte kostnaden var kjent blir rekna som det mest samfunnsøkonomiske trasealternativet av Regjeringa sine eigne innhenta samfunnsøkonomiske analyser.



Saman er Nordfjord og Sunnmøre dynamitt. Som Victor Norman sa det i ein kronikk i Dagens Næringsliv for ei tid tilbake: "Vi bygger ikke veier og bruer. Vi bygger bo- og arbeidsmarkedsregioner." Det vil vi vere med på - og det er det E39-prosjektet handlar om.

Velkomen til ein spennande E39-dag på Eid. Saman er vi sterke!

Alfred Bjørlo, Ordførar i Eid

torsdag 2. januar 2014

Vekeplan veke 2/2014

Riktig godt nytt år!

Etter ei lang og god jule-/nyttårshelg, er det fullt køyr frå første stund i 2014, med "store" tema som sjukehus og veg på menyen. Slik ser min plan ut for den fyrste heile arbeidsveka i 2014. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. I veke 2/2014 passar det best onsdag eller fredag.


God jul og godt nytt år!

Julehelsing frå ordførar i Eid, Alfred Bjørlo. Fjordabladet 21. desember 2013