torsdag 2. januar 2014

Vekeplan veke 2/2014

Riktig godt nytt år!

Etter ei lang og god jule-/nyttårshelg, er det fullt køyr frå første stund i 2014, med "store" tema som sjukehus og veg på menyen. Slik ser min plan ut for den fyrste heile arbeidsveka i 2014. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. I veke 2/2014 passar det best onsdag eller fredag.


Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke og eit godt nytt år!

Måndag 6. januar 
Møte med Helse- og omsorgsminister Bent Høie om Nordfjord sjukehus, Oslo. (Delegasjon frå Nordfjordrådet møter Statsråden saman med Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel)

Tysdag 7. januar
Diverse møte i Oslo
Kveld: Møte på Sandane 

Onsdag 8. januar 
Kontordag. Interne møte

Torsdag 9. januar 
Kveld: Middag i samband med konferansen

Fredag 10. januar 
Møte med KS Sogn og Fjordane om plan for busetjing av flyktningar. Kontordag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar