søndag 12. januar 2014

Vekeplan veke 3/2014


Veka som står for døra, blir på tettpakka og uhyre viktig for framtida i Nordfjord. Både E39 og sjukehus står no føre avklaringar som vil bety mykje.



Slik ser min plan ut for veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. I veke 3/2014 passar det best fredag.

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke og eit godt nytt år!

Måndag 13. januar 
Møte mellom Eid/Gloppen og Kommunal- og regionaldepartementet om regionkommune i Nordfjord viss realisering av bru Lote-Anda. Oslo
Kveld: Møte med Samferdsleministeren om traseval for E39 gjennom Nordfjord. Ørsta  

Tysdag 14. januar
Kl 8-11: Vegbefaringar langs E39 med Samferdsleministeren (er på Eid ca kl 0915)
Kl 13: Møte med Helse Førde om dagkirurgi på Nordfjord sjukehus, Førde
Kl 17: Avsluttande samling med Samferdsleministeren, Ørsta.

Onsdag 15. januar 
Møte i Oslo

Torsdag 16. januar 
Møte i Oslo

Fredag 17. januar 
Oppstartsmøte kulturminneplan for Eid.
Interne møte og kontortid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar