Eg vil med dette ynskje innleiarar og deltakarar på E39-konferansen
9. januar 2014 velkomne til Eid! Vårt motto er "Eid Inviterer". Det
gjer vi også i dag!
Denne veka la NHO fram "Nærings-NM
2013". Det var resultat til glede og inspirasjon for Eid og Nordfjord! For
første gong er Nordfjord, med våre ca 30.000 innbyggarar, blant dei 20 beste
næringslivsregionane i landet (av 84). Nordfjord-bedriftene er i nasjonal toppdivisjon
i reiseliv, maritim sektor, energi, automasjon, IT, design, møbel, fiskeri og
landbruk/næringsmiddel.
Klipp frå "Nærings-NM 2013" - regionane si utvikling i næringsliv frå 2000 til 2013 (Telemarksforsking/NHO) |
NHO rangerer i tillegg Eid blant
dei 20% beste næringslivskommunene i landet i 2013, også det for første gong!
Med ei unik næringsklynge i energi, elektro og automasjon - nye store handelsetableringar
på gang og samarbeid skule/næringsliv som vekker nasjonal interesse skal næringslivet
i Eid vekse meir i åra som kjem. Viss vi får sjansen..
NHO sitt Nærings-NM 2013. Kommunar med mørkegrøn farge er blant dei 20% beste kommunene i landet |
Er det to ting næringslivet
treng for å vekse vidare, er det betre samferdsle for å skape større bu- og
arbeidsmarknadsregionar - og politisk forutsigbarhet.
E39 midt i Nordfjord - over
Lote-Anda - har i 30 år vore sjølvsagt for næringslivet som har etablert seg
og investert midt i Nordfjord. Ingen har på alvor tenkt tanken på at nokon
ville finne på å "bygge ned" E39 for vårt næringsliv. Tvert imot har
alle politiske løfte frå alle parti heilt fram til 2011 gått i éi retning: E39
over Lote-Anda som framtidas stamveg - med brukryssing til erstatning for
ferje. Det har næringslivet stolt på og investert etter, Fylkestinget i Sogn og
Fjordane tilrådd, og alt regionalt samarbeid og gjensidig tillit i Nordfjord
vore basert på.
Vi er svært glade for at
visjonen om Ferjefri E39 no blir ein realitet - som eit felles løft for
Vestlandet. Det er også flott at vi har fått ei regjering som andre stader på
Vestlandet allereie har vore krystallklar på at vi skal investere i dei vegane
som gir størst regional nytte og skaper størst mulig bu- og
arbeidsmarknadsregionar - og at det skal lønne seg å bygge bruer som kan
erstatte ferjer. Vi tek det som ei selvfølge at det skal gjelde også i
Nordfjord!
Ein ferjefri E39 i midtre
trase på aksen Skei-Nordfjordeid-Volda vil ikkje berre gjere Nordfjord til éin
bu- og arbeidsmarknadsregion. Vegen vil også gjere det mulig å legge ned to
ferjer, vere kortaste veg for gjennomgangstrafikken og binde Nordfjord og
Sunnmøre saman til éin felles region med 60.000 menneske med over 5 milliardar
kroner i samfunnsnytte. Ny bruteknologi gjer bruene heile 3 milliardar kroner rimelegare enn tidlegare antatt - i eit prosjekt som allereie før denne reduserte kostnaden var kjent blir rekna som det mest samfunnsøkonomiske trasealternativet av Regjeringa sine eigne innhenta samfunnsøkonomiske analyser.
Saman er Nordfjord og
Sunnmøre dynamitt. Som Victor Norman sa det i ein kronikk i Dagens Næringsliv
for ei tid tilbake: "Vi bygger ikke
veier og bruer. Vi bygger bo- og arbeidsmarkedsregioner." Det vil vi
vere med på - og det er det E39-prosjektet handlar om.
Velkomen til ein spennande
E39-dag på Eid. Saman er vi sterke!
Alfred Bjørlo, Ordførar i Eid
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar