Bysta av Oliver Langeland, laga av skulptør Frode Lillesund. Til venstre: Frode Fagerli og leiar i Langelands-komiteen John Olav Vereide. Til høgre: Oberstløytnant Gudmund I. Haugen, tidl. sjef HV10. |
Dagen i dag har vore ein spesiell dag på Nordfjordeid.
Eit heilt folkehav har vore med på avdukinga av ei byste over Major Oliver Langeland. Han var fødd på Nordfjordeid i 1887 og bygde opp og var sjef for den største milorg-avdelinga i Noreg under andre verdskrigen Oslo-Milorg (1942-44). Det er ei byste Forsvaret og det offisielle Noreg på nasjonalt nivå har sagt nei til å vere med på å finansiere - til og med nei til å vere til stades på avdukinga av.