søndag 11. september 2011

Nordfjord kan bli best på utdanning

Nordfjord må ha som mål å bli ein føregangsregion for vidaregåande og høgare utdanning. Målet må vere at ungdom i Nordfjord samla sett skal ha det beste og mest komplette vidaregåande utdanningstilbodet i Sogn og Fjordane, og at vi samla bør ha etablert minst 200 studieplassar innanfor høgare utdanning innan 2020.


Skulestrukturen i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane er under press, på grunn av fallande elevtal. Fylkeskommunen varslar at opptil fire vidaregåande skular må bort i løpet av dei neste åra. Det er ein reell fare for at denne prosessen endar opp med skulenedlegging også i Nordfjord.


Skulestuasjonen i Nordfjord er ekstra krevjande, fordi vi har fire relativt jamstore skular. Det vil vere ei ulukke for heile regionen dersom det no blir ein "alles kamp mot alle" mellom skulane i Nordfjord, og vår region kjem ut som ein tapar i skulestruktur samla sett. No må vi lære av røynslene frå sjukehussaka: Vi må legge ein klar strategi i forkant - ein strategi som er felles for Nordfjord og som legg til grunn vekst og utvikling, ikkje nedbygging. Det samla utdanningsbehovet i samfunnet vil auke, ikkje minke, i åra som kjem! Det er difor meiningslaust å "bygge ned" store og gode utdanningsmiljø som Eid vgs pga ein kortvarig reduksjon i talet på 16-19 åringar, som berre er ein del av den samla elevmassen som i framtida vil trenge stadig meir utdanning og fagleg påfyll.


Å arbeide for dette bør vere eit tverrpolitisk mål alle nye folkevalde i Nordfjord-kommunane går laus på så snart valet er over. Her er ikkje partigrensene viktige. Her må vi stå saman! Eid kommune og Eid vgs har gjennom si fantastisk positive utvikling dei siste åra eit utmerka utgangspunkt for å setje seg i førarsetet for ein slik strategi.

Viktige punkt i strategien bør vere:


1. Spissing på kvar skule med fleire fylkesdekkande linjer

Kvar av skulane i Nordfjord må bygge opp og reindyrke unike tilbod som er spesielle for sin skule og tiltrekker elevar frå heile fylket. Eid har her eit ypperleg utgangspunkt med sitt elektro- og automasjonsmiljø, industriteknologi, samlokalisering med Operahuset/Malakoff/ kulturbasert næring og design/handverk. Ser ein dette i kombinasjon med Måløy vgs si spissing på marine og maritime fag og TAF (tekniske- og almenne fag), har ein i Midtre/Ytre Nordfjord allereie eit samla industri- og teknologiutdanningstilbod som er det leiande i Sogn og Fjordane på sitt område. Her er det potensiale for å spisse og utvikle dagens tilbod endå meir, mellom anna knytt opp til Lefdal Gruve-prosjektet, som vil vere ein enorm drivar for vekst og kompetansebehov i heile regionen.


2. Oppretting av høgskuleutdanningar og nye tilbod for etter- og vidareutdanning

Elevtalet i vidaregåande skule vil gå nedover, men det samla utdanningsbehovet i samfunnet vil auke sterkt i åra som kjem. Nordfjord er i dag sterkt underrepresentert når det gjeld høgare utdanning (kun eit avgrensa tilbod på Sandane, som vi sjølvsagt må slå ring om). Vi må ha mål om oppretting av minst 200 studieplassar innanfor høgare utdanning i Nordfjord samla sett, med vekst spesielt innanfor høgare utdanning retta mot næringsliv, industri og teknologi. Ein tanke kan vere å etablere ein eigen paraply "Høgskulen i Nordfjord" - evt kan ein søke samarbeid med større næringslivsretta utdanningsmiljø som Høgskulen i Ålesund eller NTNU/SINTEF.

Det same gjeld på etter- og vidareutdanning. Her vil det vere eit stadig aukande behov i åra som kjem. I staden for å "eksportere" nordfjordingar ut av regionen når dei skal etter-- og vidareutdanne seg, burde vi ta sikte på å gjere Eid vgs til eit senter for etter- og vidareutdanning med netto "import" av studentar inn til Nordfjord, ikkje eksport som i dag.


3. Felles tilbod på studiespesialisering - ny teknologi for felles utdanningstilbod for skulane i Nordfjord

På studiespesialiserande fag (tidl. almennfag) har Nordfjord ei spesiell utfordring. Vi har truleg nok elevar til at alle skulane kan ha eit "minimumstilbod" på studiespesialisering, men problemet med det er at alle skulane får for små fagmiljø til at dei kan tilby god nok fagbreidde i t d realfag og språkfag.

Dette bør løysast ved at skulane langt meir enn i dag samarbeider om felles opplegg for å sikre full fagbreidde for alle elevar i Nordfjord som tar studiespesialisering, uansett kva skule dei går på. Ved å ta i bruk ny videokonferanseteknologi kan ein enkelt få til felles undervisningsopplegg i "spissa" fag for fleire skuler. Då kan ein også tilby meir sjeldne fag som t d russisk eller avanserte teknologifag på skulane i Nordfjord, og med det gi ungdom i Nordfjord eit betre utdanningstilbod enn nokon andre stader i fylket.


4. Bli best på ny teknologi - tilby undervisning frå heile verda "live on screen" i Nordfjord

Dei vidaregåande skulane i Nordfjord bør bli føregangsskular på innføringa av ny teknologi som til dømes videokonferanse og digitale klasserom. Dette vil gi betre samarbeid mellom skulane og auke kvaliteten på undervisninga ved å dra inn relevant kompetanse frå heile verda. Ved bruk av ny teknologi er det også fullt mulig å tilby desentraliserte universitetsstudium i Nordfjord, t d med forelesingar direkte streama frå NTNU i Trondheim eller NHH i Bergen. VideoNor i Måløy sit allereie på teknologi som gjer dette mulig, og alle skulane er kobla saman på eit førsteklasses fibernett som fjernar alle tekniske begrensingar for kva som er mulig.


5. Bygg opp skulemiljøa i Nordfjord som Norges fremst skulesenter for ungdom innan fornybar energi.

Med framveksten av ny teknologiindustri i regionen, t d Lefdal Gruve og vindkraft/ småkraft/energiteknologi, er dette eit fantastisk spennande vekstområde for vår region på vidaregåande utdanning. Kanskje kan Nordfjord bli eit senter for "energiutdanning" for ungdom også nasjonalt? Vindkraftsatsinga i Måløy, Lefdal gruve, kompetansemiljøet på Eid på elektro/automasjon/fjordvarme og SFE/småkraftsatsinga i Gloppen gir eit meget spennande utgangspunkt.

torsdag 8. september 2011

Raudgrøn avsporing

Avsløringa av 26.100 lovbrot i eldreomsorga i Ap-styrte Trondheim kommune, er ei uvanleg alvorleg sak. Den syner kor meiningslaust det er å bygge opp myter om at alt som skjer i offentleg regi er bra, og alt som skjer i privat regi innanfor utøving av offentleg velferdsoppgåver er andrerangs.

Saka syner for øvrig også kor ille elles velmeinande politikarar kan ta seg ut når ivrige PR-rådgivarar på speed får fritt spelerom. Sjå berre dette klippet med Ap-topp Rita Ottervik i Trondheim frå NRK.

Uansett: Debatten om privat eller offentlig eldreomsorg, slik Ap elskar å føre den, er ei gedigen avsporing for dei aller fleste av oss som sit utover i landet og skal drive lokalpolitikk. Vi treng alle som kan og vil bidra til å gi ei god eldreomsorg. Vi treng samspel mellom offentlege, private og frivillige organisasjonar. Vi treng utbygging av fleire og betre sjukeheimsplassar, og at flest mulig engasjerer seg i ein felles dugnad for å gi dei eldre ein best mulig kvardag.

Då blir det for meg pussig å begynne diskusjonen med kven som IKKJE skal inviterast til å vere med på dugnaden, slik Ap er så opphengt i. Problemet i framtida blir ikkje å ordne køen av alle som vil hjelpe til. Problemet blir å skaffe nok kapasitet til å ta seg av stadig fleire eldre med pleie- og omsorgsbehov.

Det som derimot er ei reell utfordring, er kvalitet i eldreomsorga. Ein sjukeheim er ikkje berre eit bygg. Det er først og fremst folka som jobbar der. Vi manglar folk i dag, og meir krevande vil det bli. Og det handlar ikkje berre om "varme hender", men om kompetanse. Vi treng fagfolk i eldreomsorga. Det er krevande yrke som krever mykje kunnskap, og som ikkje kven som helst kan hoppe inn og ta. Vi treng folk med utdanning og kompetanse.

Skal vi kunne få nok flinke folk inn i omsorsgsyrke i framtida må, for å sette det på spissen, pleie og omsorg bli ein attraktiv karriereveg for ungdom som skal ta utdanning.

Der har vi som politikarar kanskje vår aller viktigaste jobb, i tillegg til nok sjukeheimsplassar. Då handlar det om løn, etter- og vidareutdanningsmulighetar, faglig interessante miljø, karrieremulighetar og variasjon i pleie og omsorgsyrka. Venstre har kome med fleire konkrete framlegg for å heve statusen til pleie- og omsorgsyrka og sjukeheimsmedisin som fag i lege- og sjukepleiarutdanninga.

Varme hender er bra - flinke fagfolk og ungdom som brenn for ei framtid i pleie- og omsorgsyrka er endå betre. Om hendene og institusjonane er private eller offentlege, er for meg knekkande likegyldig. Det er kvaliteten som tel.

mandag 29. august 2011

Lokalsjukehus høyrer heime i lokalvalkampen

Arbeiderparti-ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, er i eit intervju med Bergens Tidende 25/8 frustrert over at folk i Nordfjord for tida er så opptekne av sjukehussaka, og seier til avisa at framtida for Nordfjord sjukehus er "...ei sak som eigentleg ikkje høyrer heime i denne valkampen, ettersom dette for lengst er avgjort av Regjeringa." og vidare at "..som Ap-ordførar (...) må eg innsjå at dette er avgjort og lite å gjere med."

Det er ein mildt sagt oppsiktsvekkande påstand frå Ap sin fremste politikar i Eid. Eg er djupt usamd i hennar falitterklæring av tre årsaker:

1. Det er rett at Regjeringa, med Ap som pådrivar, har vedtatt at fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus skal leggast ned. Men: Samstundes lovde Regjeringa at Nordfjord sjukehus skulle bestå som akuttsjukehus, og at sjukehuset skulle vidareutviklast som "fremtidens lokalsjuehus". Det som no held på å skje, står i skrikande kontrast til Regjeringa og Ap sine fagre løfte. Det såkalla «fremtidens lokalsykehus» blir ribba for spesialistkompetanse og tenester. Kirurgar og overvaking blir fjerna. Medisinsk avdeling blir nedskalert. Livsnødvendige støttefunksjoner tatt bort. Fleirtalet av nordfjordingar misser fornuftig nærleik til akuttberedskap.

Eg trudde i mitt einfold at det politiske miljøet i Nordfjord sto samla om at det som no skjer er uakseptabelt og i strid med Regjeringa sine vedtak og løfte. Dersom Sonja Edvardsen og Arbeiderpartiet i Nordfjord på alvor meiner at alt som no skjer på Nordfjord sjukehus "..for lengst er avgjort av Regjeringa", og har visst dette heilt sidan april, så trur eg det er ei interessant opplysing for mange veljarar før valdagen 13. september.

2. Vi står no framfor den såkalla samhandlingsreformen i helsevesenet. Her skal ansvar og oppgåver for mange helsetenester flyttast frå stat til kommuner. Prisverdig nok seier Regjeringa at det er kommunane og lokaldemokratiet som må setje seg i førarsetet for endringane som no skjer. Det er då sjølvsagt at vi som lokalpolitikarar må "bry oss om" og ta omsyn til lokalsjukehusa sin plass i framtidas helsevesen. Lokalsjukehusa vil etter samhandlingsreformen rykke endå nærare vår kommunale kvardag enn før., og er umulige å oversjå i ein lokalvalkamp.

3. Som lokalpolitikarar styrer vi ikkje berre over kommunale budsjett og kommunale tenester. Vi har også ei ombodsrolle og eit heilskapleg ansvar for å utvikle gode lokalsamfunn. Vi er valde ut frå personleg tillit til at vi gjer det vi kan for å skape trygge rammer for dei som vil leve sitt gode liv i Nordfjord i framtida - også opp mot fylke, Regjering og statleg byråkrati. Dersom vi som lokalpolitikarar skulle la vere å gå inn i ei sak som berører og opprører titusenvis av menneske i Nordfjord, og som direkte går på framtida laus for fleire hundre frustrerte tilsette ved Nordfjord sjukehus, ja, då gjer vi rett og slett ikkje jobben vår som folkevalde og ombodsmenn.

Ut frå desse tre årsakene, ser eg og Venstre det som sjølvsagt at framtida for Nordfjord sjukehus er ei viktig sak både i valkampen og for dei nye folkevalde i Nordfjord.

At Arbeiderpartiet sin frontfigur i Eid gjennom Bergens Tidende veljer å "melde seg ut" av vidare engasjement i framtida for Nordfjord sjukehus, det får vi berre ta til etteretning. Eg håpar og trur det ikkje gjeld så mange andre. Det er no viktigare enn nokon gong at parti og politikarar i Eid og Nordfjord står samla og syner lokalt engasjement for "framtidas lokalsjukehus".

søndag 21. august 2011

Apell ved valkampopning på Eid 20. august 2011

Godtfolk. Dei tragiske hendingane den 22. juli gir denne valkampen eit heilt spesielt bakteppe. Heile poenget med å drive valkamp, og å gå til val, er å engasjere seg i demokratiet. I korleis landet og lokalsamfunnet blir styrt. Det som blir kalla folkestyre.


Folkestyre kan vi aldri ta som ei selvfølge. I sommar har 76 personar - dei aller fleste ungdom - mista livet på grunn av hat mot folkestyret.


Det er noko som aldri vil bli gløymt.


Men det er likevel vår plikt som politikarar, veljarar og innbyggarar i kvar våre lokalsamfunn, å sørge for at folkestyret lever vidare. Helst sterkare enn nokon gong før. Difor er det rett å drive valkamp. Difor skal vi ikkje vere redd for open politisk diskusjon i avisa og på gata. Difor er det viktig for alle i Eid å engasjere seg i kven som skal styre kommunen vår dei neste fire åra.


Eg flytta tilbake til Eid for fire år sidan, etter 15 år med utdanning og jobb i Bergen og Oslo.


Det gjorde eg fordi eg trur vi har framtida føre oss. Fordi Eid er ein god plass å bu og vekse opp i dag, men også fordi vi har enorme muligheter i heile regionen vi bur i til vekst og tilflytting. Det har eg lyst å gi mine bidrag til å få til. Det er grunnen til at eg stiller som ordførarkandidat i Eid for Venstre ved dette valet. Eg trur på framtida - men ikkje på at den kjem av seg sjølv.


Striden rundt Nordfjord sjukehus er eit godt eksempel på at framtida ikkje kjem av seg sjølv. Sett frå utsida er det som no held på å skje vanvittig. Vi har eit velfungerande sjukehus med effektiv drift og sterke fagmiljø, som attpå til er blinka ut av Regjeringa til å bli "fremtidens lokalsjukehus" - men som no blir bygd ned bit for bit etter innfallsmetoden i ein runddans mellom Regjeringa og det lokale helsebyråkratiet.


Og kvifor blir sjukehuset bygd ned? Statssekretær Tord Dale i Helsedepartementet forklarte det i vår med at Statistisk Sentralbyrå sine prognoser seier at folketalsveksten i framtida ikkje vil skje hos oss.


Alvorleg talt. Tenk viss dei unge næringslivsgrunderane eg jobbar med ute i Måløy skulle tenkt på same måte? Latt vere å starte bedrift fordi det "sikkert er kroken på døra om nokon år likevel". Tenk viss ei Kari Pavelich eller ein Arnt Ivar Naustdal skulle sagt "Nytt operahus? Større Malakoff-festival? Nei, vi kan ikkje gå i gang med noko slikt, for prognosane seier at det skal gå nedover her i fjorden."


Ærlig talt. Slik kan vi ikkje ha det. Vi er ikkje i blinde krefters vold - anten dei no kallar seg Statistisk Sentralbyrå, Jon Bolstad eller noko heilt anna. Vi må ta grep om vår eiga framtid, rette ryggen og sjå framover i felleskap.


Difor går Venstre til val på Ny vekst i Eid. Vi vil setje skulen først. Vi vil ha ein skule det skin av. Dei siste fire åra har skulane våre fått kutta driftsrammene sine bit for bit, slik at det kvar år blir litt mindre tid til kvar elev, litt færre lærarressursar og litt trongare i kvardagen. Det vil Venstre ha slutt på. Vi vil auke satsinga på skulen i Eid - auke ressursane ute på den enkelte skule. Venstre vil vere eit skuleparti også når kvardagen kjem etter valet.


Så vil vi ta nåken viktige steg vidare for å bygge eit sterkare Nordfjord. Eid Venstre går til val på at vi vil invitere kommunane rundt oss med på å utgreie samling til større kommuner i Nordfjord, og setje oss nåken høge mål for kva vi då kan få til saman.


Vi meiner Nordfjord bør sette seg eit felles mål om innflytting av 200 statlege arbeidsplassar dei neste ti åra. Venstre meiner vi bør lage ein "Samferdslepakke Nordfjord" der vi går saman om å få bygd både Nordfjordbrua, 45-minuttsregionen og Riksveg 60 innan år 2020, pluss timesavgangar med buss i alle retningar. Det er å knyte Nordfjord saman i praksis.


Ei røyst til Venstre er ei røyst for ny vekst i Eid, med ein sterkare og tettare samanknytt region rundt oss. Venstre vil ha lokalsamfunn der folk styrer si eiga framtid og er «med på laget».


Uansett kven de har tenkt å stemme på: Tida er inne for å rette ryggen og ha høge mål for framtida for Eid og Nordfjord. Eg trur vi har tak i halen på noko stort. God valkamp, og godt val!

mandag 8. august 2011

Dilemma i ein politisk unntakstilstand

Etter hendingane i Oslo og på Utøya 22/7 har det vore politisk unntakstilstand i Noreg. Det er riktig og nødvendig. Likevel: Ut frå min ståstad som engasjert politisk person i Eid og Nordfjord er det sider ved den politiske unntakstilstanden som ikkje er heilt beinkløyvde.


Kva gjer vi når den kanskje mektigaste politiske aktøren i Sogn og Fjordane - Helse Førde - ikkje er omfatta av nokon politisk unntakstilstand, men tvert imot nettopp no driv politikk i rasande tempo? Eg har ingen enkle svar, men vil reise debatten og lufte mine tankar om saka.


Framtida for Nordfjord sjukehus har dei siste åra vore den altoverskuggande saka for folk i Nordfjord. Det er ei sak som betyr mykje for tryggleik, framtidstru og utvikling i heile regionen og ei sak som er politisk tvers gjennom, heilt opp til Regjeringsnivå.


Ved inngangen til sommaren tilspissa situasjonen for Nordfjord sjukehus seg. Styrefleirtalet i Helse Førde vedtok - etter "benkeforslag" heilt ut av det blå, utan føregåande saksutgreiing og mot røystene til alle medisinsk kompetente fagfolk i styret - å stoppe viktige deler av aktiviteten ved sjukehuset umiddelbart. Det er eitt år tidlegare enn alle fram til no har rekna med, og vart gjort fordi styrefleirtalet ville få sett raskt sluttstrek for at folk i Nordfjord og tilsette ved sjukehuset engasjerer seg i sjukehussaka (å engasjere seg for eige sjukehus er i følge styreleiaren i Helse Førde ein "energilekkasje"..).

Sist veke sende Helse Førde ut ei pressemelding der dei kunngjer at det frå 1. august - midt i vår sjølvpålagde politiske unntakstilstand - er forbode for legane å tilvise pasientar til ortopediavdelinga i Nordfjord. Alle pasientar skal frå no av med tvang frå Helseforetaket visast vidare til Førde, ei ortopediavdeling som har annan type kompetanse og driv med andre typar operasjonar enn avdelinga ved Nordfjord sjukehus. Dette er altså resultat av noko som er vedtatt over bordet på eit styremøte i Helse Førde - utan førutgåande administrativ utgreiing og mot røystene til alle fagleg kvalifiserte styrerepresentantar.


No gjennomfører Helse Førde vedtaket i praksis. Dei raserer nær sagt over natta ei av høgkvalifisert ortopedisk avdeling med eit stabilt fagmiljø, bygd opp over fleire tiår, og går i staden ut og lyser rundt om i Europa etter korttidsvikarar for innleige.


Og ikkje nok med det: Ved inngangen til sommarferien (7. juli) sette Helse Førde ned eit hurtigarbeidande "Nedbemanningsutval" for Nordfjord sjukehus. Utvalet fekk frist til utgangen av sommarferien (20. august) med å førebu ei omfattande nedbemanning ved Nordfjord sjukehus allereie hausten 2011, med mandat til å gjennomføre oppseiingar.


Når Helse Førde brukar sommarferien til å førebu "slakting" av fagmiljøa på Nordfjord sjukehus, er det fullstendig i strid med lovnader frå Regjeringa. Helseministeren forsikra i april at ingen tilsette ved Nordfjord sjukehus skulle miste jobben som følge av endringane i sjukehustilbodet som Regjeringa då vedtok. Tvert imot vart det lova frå Regjeringa eit eige "utviklingsprosjekt" ved Nordfjord sjukehus med 25 mill kr i "friske midlar" pr år i tre år skulle legge grunnlaget for ny aktivitet ved sjukehuset. Det er eit prosjekt Helse Vest og Helse Førde no etter beste evne prøver å tøme for innhald, og som det rett før 22/7 var ein heftig avisdebatt om mellom direktøren i Helse Vest og nestleiaren i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget (Kjersti Toppe, Sp). Toppe skulda der Helse Vest/Helse Førde for å handle i strid med Regjeringa sine vedtak om framtida for Nordfjord sjukehus.


Korleis skal vi som politisk engasjerte menneske i Nordfjord handtere Helse Førde si pågåande nedbygging av Nordfjord sjukehus, i strid med politiske lovnader frå Helseminister og Regjering, i dei vekene kor vi andre er i politisk unntakstilstand?


I ein normal situasjon hadde vi jobba døgnet rundt for å stoppe galskapen. Folkevalde og ordførarar i Nordfjord-kommunane hadde jobba inn mot Helse Førde og Helse Vest og sine kontakter i det sentrale politiske miljøet. Vi hadde stilt spørsmål og utfordra Helseministeren til å stå ved det ho lovde i april. Eg hadde personleg halde fram å ha ein offentleg debatt med Helseministeren sin rådgjevar Tord Dale som i ein samtale med meg kort tid før hendingane på Utøya kom med nye negativt lada, og etter det eg i etterkant har skaffa reie på, feilaktige påstander om aktiviteten ved Nordfjord sjukehus.


Ingenting av dette skjer no. Det kan ikkje skje. Det ville ikkje vere rett, og det ville vere fullstendig urimeleg å krevje at Helseministeren eller ordførarane i Nordfjord skulle ha brukt dagane i det siste på Helse Førde sine krumspring.

Likevel: Helse Førde har brukt sommaren effektivt. Dei køyrer fullt tempo i viktige omstillingsprosessar som er politisk høgst kontroversielle, burde vore avklart på regjeringsnivå før dei vart sett i gong og vil ha alvorlege, kanskje irreversible følgjer for vidare utvikling av Nordfjord sjukehus. Helse Førde er den kanskje mektigaste politiske aktøren i Sogn og Fjordane, men er ikkje omfattta av nokon politisk unntakstilstand.


Korleis vi som har politisk unntakstilstand skal forhalde oss til det, er eit spørsmål eg ikkje har noko godt svar på. Vi har neppe anna val enn å halde oss rolige fram til den 13. august, og i mellomtida utfordre media og andre i lokalsamfunnet til å følgje med i kva Helse Førde driv med.


Ein ting er sikkert: Slik Helse Førde køyrer løpet, vil sjukehussaka etter den 13. august kome attende for full musikk, også politisk. Alt Helse Førde gjer, skjer til sjuande og sist med løyver og fullmakt frå Regjeringa og Helseministeren, uansett kor omstendeleg ansvaret er forsøkt tåkelagt og splitta opp på vegen. Det som no skjer med Nordfjord sjukehus er utan tvil eit politisk ansvar. Sjølv om Helse Førde, den kanskje mektigaste politiske aktøren i Sogn og Fjordane, ikkje stiller til val.