fredag 24. februar 2012

Ordførarliv - testprosjekt 2012

Som nybakt ordførar i Eid er eg enno i ei prøve- og feilefase. Korleis fyller ein vervet som ordførar best mulig? Korleis kan ein skape "luft under vengene" for dei draumane og måla ein sette seg då ein stilte til val?

Eit av mine nyttårsforsett for 2012 er å "opne opp" kommunen og ordførarrolla mest mogleg. Ikkje minst meiner eg det er viktig i ei tid kor stadig meir makt blir flytta over frå folkevalde kommunestyre til såkalla "interkommunale organ" der få kan følgje med på kva som skjer. Det er på mange måtar heilt nødvendig på grunn av av ein forelda og størkna kommunestruktur tilpassa Noreg på 1960-talet, men svært problematisk i eit folkestyreperspektiv fordi det skaper eit uønskt "filter" mellom veljarane og dei som fattar dei reelle avgjerdene.

Som del av dette prosjektet, vil eg i tida framover bruke denne bloggen til å fortelje om kva eg driv med, dele tankar om saker og tema som engasjerer meg og invitere til spørsmål, diskusjon og tilbakemeldingar. Noko av det vil vere mest interessant for folk på Eid (som det er 5.950 av i talet - nyhenda om ein gledeleg folketalsvekst i 2011 vart offentleggjort i dag!). Andre ting vil ha meir almenn interesse.

Kort sagt: I løpet av 2012 håpar eg å finne rolla mi som ordførar på Eid så godt som mulig. Du kan gjennom denne bloggen få vere med på vegen fram mot det.

Kva gjer ein ordførar?

Det finst ingen jobbinstruks for ein ordførar (sjølv om KS har laga ei "Håndbok for ordførere" som er verdt å lese viss du er eller har planar om å kome i målgruppa). Reint formelt er ordførarrolla svært avgrensa. Du skal leie møta i formannskapet og kommunestyret ca ein gong i månaden og er rettsleg/juridisk representant for kommunen i ein del samanhengar. Ferdig med det.

I praksis er det berre ein liten del av det du driv med. Det kanskje viktigaste med ordførarrolla er at du i mange samanhengar er du kommunens "ansikt utad", både på eigen heimstad og i eit utal av samanhenger utanfor kommunegrensa. Du må vere budd på å handtere vanskelege og lite hyggelege saker som heilt sikkert vil dukke opp.

Samtidig kan du ta initiativ i saker du meiner krev det, og velje å bruke tid på å få til det du verkeleg brenn for. Og ikkje minst: Du kjem i kontakt med utruleg mange folk, folk som du får energi av og som du kanskje kan hjelpe på vegen fram til å realisere sine små og store draumar for sine liv. Rett og slett lokaldemokrati og folkestyre i levande live.

Vil du gi tilbakemeldingar, er du velkomen til å bruke kommentarfeltet her på bloggen. Vil du gi tilbakemelding på andre måtar, når du meg på mi opne politikarside på Facebook, på twitter eller privat mail (alfred.bjorlo /alfakrøll/ gmail.com.

Vil du ta opp saker som har direkte med Eid kommune å gjere, ber eg likevel om at du brukar jobbmailen min. Slike henvendelsar vil bli journalført på linje med eit vanleg brev til Eid kommune. Du er sjølvsagt også hjarteleg velkomen til å stikke innom rådhuset!

Døme på ei arbeidsveke

Frå og med komande veke (veke 9/2012) vil eg legge ut info her på bloggen ved vekestart om planane mine for veka som kjem (utdrag). Som ei lita oppvarming legg eg her ut ei oversikt over noko av det eg har drive med dei to siste vekene før vinterferien. Sjølv om lista på langt nær er altomfattande, gir ho ei brukbar innføring i kor mangfoldig ordførartilveret er - og kor nødvendig det vil vere å lære seg å prioritere tidsbruken..

Måndag 6. februar

Nordfjordkonferansen på Sandane med tema utdanning og kompetanse i Nordfjord i framtida. Arrangert av alle kommunane i Nordfjord i fellesskap gjennom Nordfjordrådet.

Kveld: Informasjonsmøte om Harpefossen skisenter - status, planar for framtida og ønske/behov for drahjelp frå Eid kommune

Tysdag 7. februar

KS sin Strategikonferanse for kommunane i Sogn og Fjordane, i Førde. Viktig møteplass for ordførarar og rådmenn i heile fylket, og påfyll av kunnskap om tema som berører alle kommuner i tida som kjem (lønsoppgjer, barnevern, IKT, helse og samhandlingsreformen med meir).

Var også innom NRK Sogn og Fjordane for å bli intervjua i ettermiddagssendinga om rekruttering av ungdom via Framtidsfylket. Ein følgjeeffekt av dette var at eg dermed også kom i prat med andre NRK-journalistar, slik at det i same slengen vart spelt inn intervju om tre heilt andre saker. Desse vart porsjonert utover av NRK SFj dei neste to vekene, mellom anna i saker om kommunesamanslåing og nominasjon til Stortinget. Så nei: Eg heng ikkje over telefonen til NRK Sogn og Fjordane dagleg...

Onsdag 8. februar

Dag 2 av KS sin Strategikonferanse i Førde.

Kveld: Kaffiprat med ein del andre politikarar i Eid om stamvegar og anna. Opning av aftenkonsertarrangement i Eid kyrkje med besøkande domkor frå England. Avslutta ein lang dag med å delta på siste halvdel av kveldsmøte om "Framtidsbonden" i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane og Eid bondelag. Eg delte der ut ei symbolsk gåve til mjølkebøndene i Eid, som leverte den kvalitetsmessig beste mjølka i landet i 2011.

Torsdag 9. februar

Møte med kyrkjeverjen/Eid kyrkjelege fellesråd for å gå gjennom viktige saker knytt til kyrkja i Eid i tida som kjem, og korleis få til eit best mulig samarbeid med kommunen.

Arbeids-/idemyldringsmøte med dei som styrer med landbrukssaker i Eid kommune, om korleis vi kan bidra best mogleg til verdiskaping og vekst i landbruksnæringa.

Interne møte på Rådhuset om reguleringsplansaker i Eid sentrum, og for å førebu saker som skal opp i neste møte i formannskap og kommunestyre.

Kveldstid: Førebuing av politiske fråsegner til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre. Eid Venstre leverte inn fem framlegg til fråsegner korav tre vart vedtatt av fylkesårsmøtet, mellom anna denne om grøn datalagring.

Fredag 10. februar

Frukostmøte med næringslivet på Eid, og påfølgande interne møte på rådhuset om korleis vi skal arbeide med næringssaker i tida framover. Besøk på kontoret av to kulturgrunderar med nye idear dei vil drøfte med kommunen.

Arbeidsveka vart avslutta med offisielt besøk på vegne av Eid kommune til ein 100-årsjubilant på Eid eldretun, med overrekking av blomar og eit hyggeleg kaffibesøk hos jubilanten med familie (jubilanten har ein sprek mann på skarve 92 med sterkt engasjement for samferdslepolitikk!).

Laurdag/søndag 11-12. februar

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Venstre, Sogndal.

Måndag 13. februar

Strategisamling for det nye styret i Nordfjord Vekst, felles næringsselskap for Eid, Selje og Vågsøy. Ordførarane representerer dei tre kommunene i styret, som elles er samansett av næringslivsrepresentantar.

Tysdag 14. februar

Andre dag strategisamling Nordfjord Vekst. Deretter direkte vidare til Ålesund, der det vart arrangert høyringsmøte for arbeidet med kvalitetssikring av Statens Vegvesen si Konseptvalutgreiing for E39 Skei-Ålesund. Eg ga ein 10 minutts presentasjon på vegne av Eid kommune, og leverte inn eit skriftleg innspel. I same møte stilte også m a Gloppen, Stryn og Hornindal kommune.

Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle ha vore der, men deira stol sto tom og dei ga ingen innspel til kvalitetssikringa av traseval for stamveg nr 1 gjennom fylket. Det er verdt ein kommentar i seg sjølv, men det får bli eit eige tema ved eit seinare høve.

Onsdag 15. februar

Møte i Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane, der eg er vald inn som medlem. Møtet vart halde på Eid, med innlagt presentasjon og omvising ved Eid vidaregåande skule. Køyrde rett vidare derfrå til Bergen, for å delta på Nordfjord-standen på karrieremessa Framtidsfylket i Grieghallen. Kjekk og viktig møteplass - meir enn 500 deltakarar og mange gode diskusjonar i løpet av kvelden!

Torsdag 16. februar

Retur frå Bergen på morgonen, for å nå møte i Formannskapet på Eid ved middagstid. Alle sakene behandla på Formannskapsmøtet finn du her - nokre av dei vil eg kome attende til ved seinare høve.

Fredag 17. februar

Dag avsett til besøk i pleie- og omsorgstenestene i Eid kommune, for å bli kjent med avdelingane og dei som jobbar der. Var på Eid Eldretun, hos heimetenestene og i den kommunale psykiatritenesta.

Tok før jul tilsvarande runde mellom anna til alle skulane på Eid og på Eid sjukeheim. Slike besøk er svært nyttige for min del. Eg lærer mykje, det dukkar opp mange interessante problemstillingar og store&små ting å følgje opp vidare. Rakk også eit briefingmøte med vår dyktige varaordførar Gunvald Ludvigsen før vinterferien sette inn. Omsider..

tirsdag 31. januar 2012

Innlegg i Fylkestinget sin debatt om E39 Skei-Ålesund (januar 2012)

Fylkesordførar,

det blei skrive i eit av utruleg mange avisinnlegg i våre lokalaviser i Nordfjord om E39 no i veka at "I andre fylke byggjer dei bruer. I Sogn og Fjordane slæst vi om dei." Det kan virke som ei ganske god oppsummering av kva som har skjedd dei siste par månadene når det gjeld å peike ut framtidas trase for E39 gjennom Nordfjord.

Det vi her snakkar om, eller i alle fall skulle snakke om, er ikkje dei 100 eller 300 mill vi skal spare, bruke eller sjonglere rundt med dei neste 3-4 åra. Det vi skal snakke om, er dei strukturane samfunnet skal utvikle seg rundt i heile vår levetid. I 40, 50, 100 år. Ryggrada i samferdsleinfrastrukturen i fylket vårt. Det er ut frå det vi skal ta vårt val.

Ut frå det, landar Venstre og eg på midtre trase for E39 gjennom Nordfjord med framtidig fjordkryssing Lote-Anda. Då legg vi grunnlaget for å binde saman 50-60.000 innbyggjarar til ein samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion, med lettast tilkomst til flest stader for flest mogleg. I tillegg skaper vi eit raskt diagonalsamband frå Ytre og Midtre Nordfjord og Ytre Sunnmøre til Sogn via Skei, og vidare til Austlandet og Sørlandet over Hemsedal og Filefjell. Og ikkje minst: ein stamveg nord-sør på Vestlandet som er minst 45 minutt raskare enn i dag. Uansett kor traseen måtte gå vidare frå Lote og nordover, og der denne tidsgevinsten kan kome rimeleg raskt viss vi arbeider samla og målretta.

Samtidig står vi fast på dei planane som allereie er lagt for utbygging av E39 med gul midtstripe i fylket frå nord til sør - utan omkampar - og utnyttar dei investeringane som allereie er lagt ned i infrastruktur i regionen: Vegbygging, flyplass, næringsetableringar og mykje meir.

Det er påfallande å lese KVUen vi no behandlar, og sjå kor ulik omtalen er av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. For Møre og Romsdal, er det grundige, lange vurderingar og kartskisser av bu- og arbeidsmarknadsregionar ved ulike alternativ. Det blir i vårt nabofylke i nord tilrådd vegutbyggingar for til saman 35 milliardar kroner, samtlege med samfunnsøkonomisk lønsemd som er langt dårlegare enn for nokon av dei alternativa vi i dag diskuterer for strekninga Skei-Volda. Kvifor blir dei tilrådd? Regional utvikling. Vekstpotensiale. Samanknyting av sentra og regionar til endå sterkare sentra og regionar.

Eller sjå på Hordaland og Rogaland: Der lagar Statens vegvesen til og med nye modellar for betre å dokumentere dei enorme gevinstane og effektane av å knyte regionar tettare saman - effektar som ikkje blir fanga opp i dagens modellar.

Denne forskjellsbehandlinga mellom fylka burde vere eit tankekors for oss alle. Vi må stå saman om å ha like høge ambisjonar for Sogn og Fjordane - sjølv om innbyggjartalet er lågare og kjøtvekta mindre. Det er nylig lagt fram ein stor rapport som heiter "Eit kunnskapsasert Sogn og Fjordane". Ein av dei aller viktigaste tilrådingane her er å skape kritisk masse: Store nok bu- og arbeidsmarknadsregionar til at dei kan vere med i konkurransen om folk, bedrifter og kapital. I rapporten er nettopp Nordfjordbrua Anda-Lote løfta fram som eitt av dei viktige framtidige samferdsleprosjekta som kan bidra til å nå dette målet, og skape eit fylke med vekstkraft. Det er rett tenkt. Framtida handlar om å integrere. Bygge oss saman i større og sterkare bu- og arbeidsmarknadsregionar.

For Nordfjord sin del trengs den integrasjonen i særleg sterk grad. Skulle eg ha føyd til eitt ekstra vedtaktspunkt her i dag, måtte det har vore å vedta eit konseptval for ei framtidig felles lokalavis for Nordfjord, med lokalisering absolutt kvar som helst, men det ligg diverre litt utanfor rammene av denne saka.

Frank Willy Djuvik refererte i si tale til Abraham Lincoln sitt klassiske sitat "A house divided". Det Lincoln då snakka om, var slaveriet i USA. Og han konstaterte at nokre statar tillet slaveri, og andre statar ikkje tillet det. Det er eit rimeleg langt sprang frå slaveri til stamvegdebatt, men poenget til Lincoln er for så vidt relevant: Ein slik "splitta situasjon" kan vere der på eit gitt tidspunkt - men det er ikkje haldbart over tid. For framtida må vi samlast om ei løysing, sjølv om ein her og no var splitta.

Det er eit hovedpoeng. Vi har vore gjennom nokre krevande månader og veker i Nordfjord, men eg håpar at vi når dagen er over kan spele mot same mål. No må ikkje kampen fortsette. No må vi stå saman om å sikre finansiering av dei løysingane som blir vald. Då må vi stå saman om opprusting av E39 til gul stripe gjennom heile fylket slik Stamvegutvalet har lagt opp til, om å reise ein Førdepakke, om framtidig fjordkryssing av E39 over Anda-Lote, om ferdigstilling av Olden-Innvik og ikkje minst: For realisering av ein Kystveg i Sogn og Fjordane som får fart på utviklinga av kysten. Det er ein kamp eg og Venstre skal vere med på for fullt.

Samarbeid i Nordfjord: Ein positiv nyhet: Midt oppe i dei heftigaste rundane i denne saka, torsdag i førre veke, danna 250 bedrifter og tre kommuner i Nordfjord eit felles næringsselskap: Nordfjord vekst. Vi danna det selskapet. Vi går saman. Og vi er enige om at når dagen i dag er over, så står vi saman om dei løysingane som eit fleirtal i Fylkestinget no stiller seg bak, og slåst saman for å få realisert dei. No er det på tide å kome vidare. Og det er heilt nødvendig.

Heilt til slutt, som mange har vore innom i dag: Vegbygging tar tid. Dei løysingane vi i dag vedtar, kan ligge godt inne i framtida. Det er sant.. Men då, fylkesordførar vil eg, inspirert av Frank Willy Djuvik, sitere Abraham Lincoln, og hans forklaring på kvifor og korleis han oppnådde dei politiske resultata han gjorde, korleis han kom seg framover. Det er eit råd vi alle bør legge oss på minne, kanskje særleg midtrekka i fylkestinget her i dag (Ap-gruppa). Lincoln sitt svar på kvifor han lukkast i politikken var som følgjer:

"I am a slow walker. But I never walk back".

onsdag 21. desember 2011

Tid for samhald

I 2011 har vi blitt nær 100 fleire eidarar. Vi nærmar oss for fyrste gong 6.000 folkeregistrerte innbyggjarar. Eid er ei kommune i vekst.

Eid blømer også på andre frontar. Den flotte, nyutbygde vidaregåande skulen vår har rekordtilstrøyming av ungdommar. Vi har fått ferdigstilt og opna ein flunkande ny, stor barnehage på Golvsengane. Viktige eida-bedrifter som Norgesvinduet og Eid Elektro har jubilert i 2011. Saman med andre i næringslivet satsar og veks dei, og har tru på framtida.

Samtidig har våre "kulturflaggskip" Operahuset, Opera Nordfjord og Malakoff og vintereldoradoet Harpefossen sett publikumsrekordar i 2011 og trekt til seg gjester i titusenvis. Dei har alle trassa tyngdekrafta og gjennomført arrangement og satsingar som strengt tatt berre skulle vore mulig på langt større stader - i ein fantastisk miks av profesjonalitet og dugnadsånd. Seinast sist veke sat eg sjølv i Operasalen og høyrde ein av verdas største klassiske musikkstjerner, Leiv Ove Andsnes, skryte uhemma av Eid og minne oss på at det vi har fått til er heilt unikt. Det har han rett i. Men vi har lett for å ta det som sjølvsagt.

Vi har mykje å vere stolte av. I Eid, og i regionen rundt oss. Eg gler meg når Vestbuss i Stryn eller Båtbygg i Måløy dreg i land rekordkontrakter, eller når høgskulane i Volda og Sogndal trekkjer til seg fleire studentar.

Vi spelar alle mot same mål. Vi har ikkje råd til å spele kvarandre dårlege. Skal vi lukkast, må vi spele kvarandre gode. Så enkelt. Så vanskeleg.

Eg trur året vi no går inn, blir avgjerande for utviklinga av Eid og regionen vår framover. Sjølv om vi skal gle oss over det fantastiske lokalsamfunnet vi lever i, har vi svære utfordringar føre oss. I løpet av 2012 er vi nødt til å finne ein framtidskurs for Nordfjord sjukehus som gjer at folk i Nordfjord og tilsette ved sjukehuset veit kva vi har å innstille oss på for framtida. Fagre ord er ikkje lenger nok. Skal vi utvikle "Fremtidens lokalsykehus" slik Helseministeren har lovd, må vi vite kva det betyr i praksis og setje kursen dit. Det set store krav til alle partar.

Samtidig må Nordfjord-regionen gjere val om vi skal velje strid og splid eller samhald og felles strategiar innanfor samferdsle, vidaregåande skule og næringsutvikling.

Over mange år har vi i Nordfjord gradvis arbeidd oss fram til felles løysingar på samferdsle som heile fylket har kunna samle seg om, mellom anna om framtidig trase for E39. I dei komande vekene vil vi få vite om denne langsiktige tillitsbygginga ber frukter. Eg vonar alle i det politiske miljøet i Nordfjord og fylket skjønner kva som står på spel i E39-saka. Det er tid for klokskap og samhald.

Mi aller viktigaste rolle som ordførar i Eid er å prøve å løfte og bygge eit felleskap i tida framover. Det er eit samarbeid som må strekkje seg langt ut over kommunegrensene. Medreikna nabokommunane har vi ein bu- og arbeidsmarknad rundt oss på over 40.000 menneske. Fylket vi bur i har drøyt 100.000. Det er bra, men det er heller ikkje meir enn det trengs. Berre dersom vi klarer vi å løfte i flokk og spele kvarandre gode, og ynskje nye krefter velkomne med opne armar, vil vi lukkast med å vekse inn i framtida.

Som nybakt ordførar vil eg nytte høvet no ved inngangen til jula til å takke for tilliten. Eg vil også takke alle som gjennom året har gitt små og store bidrag til å gjere Eid til eit godt samfunn å bu i. Nokre - meg sjølv inkludert - får vår rikelege plass i rampelyset. Andre gjer sine bidrag i det stille. Det siste er minst like mykje verdt som det fyrste. Skal vi vere eit godt samfunn å bu i, må vi ta vare på alle. Alle må bli sett - og sett pris på.

God jul til alle nye og gamle eidarar - og til heimvendte "julegjester". Velkomen til felles krafttak for framtida i 2012! Vår dør er open for alle.

Alfred Bjørlo (V), Ordførar i Eid

mandag 12. desember 2011

Bygg Framtidsfylket!

Vi som skriv dette innlegget brenn for Sogn og Fjordane. Vi, som er unge, politisk engasjerte folk som ønskjer å bruke livet vårt på å utvikle fylket, trur på ei framtid med vekst og utvikling der vi saman gjer kvarandre sterkare. Eit fylke med knapt 110.000 innbyggjarar har ikkje råd til å bli splitta opp. Vi må stå saman - og byggje oss saman. Berre slik kan vi vekse.

Knapt noko er viktigare i eit spreittbygd fylke som Sogn og Fjordane enn samferdsle. Temperaturen i vegdebattane ber ofte preg av det. Heldigvis har vi dei siste ti åra klart å legge dei verste interne stridighetane bak oss. Heile fylket har stått samla om å få bygd ut E39 med gul stripe raskast råd som hovudpulsåra nord/sør, og med ei framtidig midtre E39-løysing i Nordfjord over Lote-Anda som både kortar inn reisetidene vesentleg og samtidig bind fylket saman og skaper regional utvikling. Vi er også samde om å prioritere realisering av Kystvegen/45-minuttsregionen og bygging av Rv 60 i indre. Samtidig er det sjølvsagt også andre stader i fylket viktige vegprosjekt som skaper vekst og fortener brei støtte.

Den nye E39-striden som no blussar opp, er omkampen ingen har bedt om. Det er trist å sjå dei sterke personangrepa som no kjem mot dei som står opp for å binde fylket saman. Slik kan vi ikkje ha det. Vi ser ingen grunn til å angripe eller undergrave dei mange viktige vegprosjekta i Stryn og indre Nordfjord. Vi har støtta Kvivsvegen, vi stør satsinga på Rv 60 og vi vil kjempe skulder ved skulder med Stryn for å få ny Rv 15 Strynefjellet realisert raskast råd.

Eit sterkare Stryn er bra for Sogn og Fjordane. Men heller ikkje Stryn er tent med ein region rundt som ikkje utviklar seg. Det er berre saman vi er sterke. Difor må vi finne løysingar som utviklar heile Nordfjord og heile fylket, utan omkampar om E39. Ein del av dette er at vi i Nordfjord seier unisont ja til å stille opp med brukarfinansiering både i ytre, midtre og indre for raskare å få på plass vegløysingar som vi treng for framtida.

Framtida for Sogn og Fjordane ligg ikkje i å vere eit fylke ein køyrer raskast mulig forbi. Samferdsleministeren har oppmoda oss om å tenkje regional utvikling, og lovd at det skal vere like viktig for val av E39-løysing som i andre fylke på Vestlandet. Det er ein invitasjon vi skal ta imot. La oss stå fast på dei samlande løysingane som byggjer Framtidsfylket - som samlar i staden for å splitte.

Alfred Bjørlo (V)

Erling Sande (Sp)

Ola Tarjei Kroken (Ap)

Olin Johanne Henden (H)

Hege Lothe (SV)

Øystein Rinde (KrF)

Ole Petter Henden (Sp)

Tore Hjelle (H)

Torbjørn Vereide (Ap)

Peder Lofnes Hauge (V)

Vigdis Heimdal (SV)

Arne Hjelle Strand (SV)

Anita Nybø (Sp)