Vinterferien er vel overstått, og vi går for alvor mot vår og lysare tider! Fredag fekk Eid ei særs inspirerande melding då Statistisk Sentralbyrå la fram den offisielle folketalsstatistikken for 2014: Folketalet vaks med 61 personar i fjor - til 5.987. Det er det høgaste folketalet målt i Eid nokon gong, og den største veksten på eitt år sidan 1992. Skal 2015 bli året då Eid når 6.000 innbyggjarar?
søndag 22. februar 2015
søndag 8. februar 2015
Vekeplan veke 7 (og 8)/2015
Travel, men hyggeleg og oppløftande helg er ferdig.
Først: Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Venstre på Sandane fredag- søndag. Venstre i Sogn og Fjordane er eit partilag i vekst - spenn klar til å gå til val til hausten med flinke og motiverte kandidatar fylket rundt.
Deretter: I ettermiddag har det vore felles UKM-mønstring for Eid, Stryn og Hornindal i Operahuset Nordfjord. Eg blir glad og får ny energi av å sjå så mange drivande flinke born og ungdommar med enorm spennvidde i kunstneriske talent samla på ein stad! Over 50 innslag på scene og utstillingsområde - frå dubstep-trommer til harpe, frå treskjering og maling til klassisk ballett. Ein sann fryd!
Skåret i gleda i helga er at ferjesambandet E39 Lote-Anda for fyste gong på aldri så lenge i går vart stengt ned ein heil dag på grunn av ruskete ver - rett etter at ferjeselskapet har sett inn ei ny ferje med dårlegare manøvreringsevne på sambandet. Dette er ikkje haldbart - her må vi setje alle krefter inn på å rydde opp i dagane og vekene som kjem.
Først: Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Venstre på Sandane fredag- søndag. Venstre i Sogn og Fjordane er eit partilag i vekst - spenn klar til å gå til val til hausten med flinke og motiverte kandidatar fylket rundt.
Deretter: I ettermiddag har det vore felles UKM-mønstring for Eid, Stryn og Hornindal i Operahuset Nordfjord. Eg blir glad og får ny energi av å sjå så mange drivande flinke born og ungdommar med enorm spennvidde i kunstneriske talent samla på ein stad! Over 50 innslag på scene og utstillingsområde - frå dubstep-trommer til harpe, frå treskjering og maling til klassisk ballett. Ein sann fryd!
![]() |
Oppspilt ordførar saman med to av deltakarane på UKM: Stand up-komikar Iver Flyum Bjørlo og den rampete Lurvefaksen |
søndag 1. februar 2015
Vekeplan veke 6/2015
Ei strålande vinterhelg er over - med rikelege høve til å vere i aktivitet for liten og stor.
I dag (søndag) var det aktivitetsdag i regi av Barnas Turlag på Tua i Stigedalen. Samstundes var det perfekte tilhøve og mykje folk også på den andre store vinter-utfartsstaden i Eid, Harpefossen. Og ikkje nok med det: I Eid Idrettshus synte i ettermiddag 150 unge turnarar fram kva dei har lært i løpet av året, i Eid IL Turn si tradisjonsrike nyttårsoppvising.
Barn og unge i Eid har rett og slett eineståande høve til å leve eit aktivt liv. Det er det viktig at vi som vaksne legg til rette for at dei skal kunne nytte seg av.

onsdag 28. januar 2015
Belzec - den ultimate vondskap
I går, 27.
januar, var det den internasjonale Holocaust-dagen.
På denne
datoen - for 70 år sidan - vart nazistane sin dødsleir Auschwitz-Birkenau i
Polen frigjort. Då hadde minst 1,1 million menneske blitt drepne i Auschwitz, i
eit planlagt folkemord forankra i forrykt politisk ideologi, der mellom anna
jødane skulle ryddast ut av jordas overflate.
Historia om
Auschwitch er relativt godt dokumentert - mellom anna fordi mange nok overlevde
Auschwitch til at det var rikeleg med augevitne som i ettertid kunne fortelje
om grusomheitane i leiren. Leiren vart også opna for publikum som museum
allereie få år etter krigen.
Likevel:
Frå Auschwitz finst det overlevande. Tidsvitne. Nokon som kan fortelje korleis
det var.
Slik er det
ikkje frå den konsentrasjonsleiren eg vitja i oktober 2014: Belzec.
søndag 25. januar 2015
Vekeplan veke 5/2015
Verdsøkonomien er inne i svært turbulente tider, med mellom anna dramatiske prisvall på olje dei siste månadene. Det rammar Noreg på ein annan måte enn mange andre vestlege land, sidan vi er eitt av få land i den vestlege verda som baserer mykje av vår velstand på eksport av olje og gass. Fallande oljepris betyr dermed tapte inntekter på kort sikt - men kan samtidig gi startskotet til ei heilt nødvendig omlegging av norsk økonomi, samt betre rammevilkår for den delen av industrien vår som ikkje er "oljeavhengig".
Uansett: Vi står føre store omstillingar i åra som kjem - det vil berøre heile næringslivet vårt, og alle lokalsamfunn. Difor inviterer eg meg no på besøk til ca 20 av dei største bedriftene i Eid i løpet av januar/februar og ei rekke andre viktige aktørar i lokalsamfunnet (bankar, store statlege arbeidsplassar etc) for å "ta temperaturen" på utfordringane dei ser i tida framover, og diskutere kva vi kan gjere frå kommunen si side for å spele på lag med vårt lokale næringsliv. Eg hadde det fyrste besøket fredag sist veke, og vil ta slike besøk fortløpande i vekene framover.

Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke!
Abonner på:
Innlegg (Atom)