fredag 13. april 2012

Innlegg på Venstres landsmøte 2012

Oslo, 13. april 2012. Innlegg i generell politisk debatt på Venstres landsmøte

Eg skal fortelje dykk ein hemmelighet. Ein ganske godt bevart hemmelighet i dagens raudgrøne Noreg.

Politikk handlar ikkje om å bygge det perfekte systemet.

Politikk er ikkje så komplisert. Politikk handlar rett og slett om folk. Om å gi folk mulighetar til å leve sine gode liv – ulike liv med ulike vegval på ulike stader i landet.

Det er ei sanning som kan det få til å gå kaldt nedover ryggen på ein systemtru sosialdemokrat. Men det er faktisk det det handlar om. Om å sleppe folk til, og gi folk makt og tillit til å ta styring over eigne liv, over eigne lokalsamfunn, over eiga framtid.

Eg er nyvald ordførar i ein del av landet som har vore gjennom ein sår sjukehusstrid, som eg ikkje skal gå i detalj i her. Men ein ting slår meg stadig sterkare. Det som har gjort sjukehussak så vanskeleg handlar ikkje berre om kva avgjerder som er tatt, men minst like mykje om måten avgjerdene er tatt på.

Det vi opplever, er at dei viktige avgjerdene for folks liv og helse er pakka inn i eit ugjennomtrengeleg statleg byråkrati, der ansvar og makt er pulverisert og delegert så langt bort frå folkevald styring som råd. Ikkje med borgarleg ”privatisering” (som visstnok er fælt og vondt), men med sosialdemokratisk ”byråkratisering” (som ser ut til å vere heilt ok). Ja, under den raudgrøne regjeringa kan du gå i fakkeltog for sjukehuset ditt. Men du anar ikkje kven du skal gå i fakkeltog mot.

Kjære landsmøte, folk er ikkje i vegen for politikken. Politikken må vere der for folk si skuld.

Vi må stå opp for asylborna, uansett kor vondt det måtte gjere for statssekretær Pål Lønseth og hans ”perfekte lovverk”.

Vi må stå opp for grunderen som slit med skjemavelde og urimelege skatte- og arbeidstidsreglar, uansett om ho ikkje er beskytta av ein sterk fagorganisasjon som har kjøpt seg plass ved bordet der avgjerdene blir tatt.

Vi må stå opp for kunsten, kulturlivet og frivilligheten sin eigenverdi. Venstre må aldri – aldri – stille krav om at kunst og kultur må ”bygge opp under politiske mål” for å bli verdsett og finansiert.

Og ikkje minst: Vi må stå opp for ein miljø- og klimapolitikk der Noreg går i front og dreg. Norsk klimapolitikk er for meg skrekkeksempelet på kva som skjer når Arbeiderpartiet får rå fritt. Då skjer det mest skumle av alt: Ingenting.

Kjære landsmøte, det er heilt uakseptabelt at ein global klimakvotemarknad blir brukt som unnskyldning for at ikkje Noreg på eigen kjøl skal gjennomføre klimatiltak som monnar.

Ærleg talt: Eg vil ikkje vente med å bygge ei vindmølle i hagen til Jens Stoltenberg har rekna ut at det løner seg på ein global kvotemarknad. Vi kan bli best på fornybar energi. Vi kan bli verdsleiande på miljøteknologi og miljøvennlig grøn industri. Men då må vi ville det. Ikkje leite etter unnskyldningar for å vente.

Mitt tålmod med raudgrøn maktesløyse er oppbrukt. Det er vår tur no. Venstre må vere klar til å ta makt i 2013. Klare til å ta ansvar for å flytte Noreg framover og makta nedover, og til å setje folk først. Godt landsmøte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar