I skrivande stund har ei busslast full av nordfjordingar inntatt Oslo, for å gjere seg klar til tidenes første operaproduksjon i regi av Opera Nordfjord i Operahuset i Bjørvika: Tryllefløyten av Mozart.
Det er ei dristig og utruleg tøff satsing, som snur dei tradisjonelle rollene mellom by og bygd i norsk kulturliv på hovudet. Vanlegvis er det hovudstadsbaserte Riksteateret, KORK eller Nasjonalballetten som reiser rundt i distrikta og gir folk over heile landet teater, ballett og musikk av ypperste merke. No er det tvert i mot eit operaensemble i ei bygd med 6.000 innbyggarar som reiser til Oslo, leiger Operahuset i Bjørvika, og tilbyr hovudstaden opera av ypperste merke tre dagar til ende.
Eg gler meg stort til å vere til stades på premieren i Oslo fredag kveld. Rapportane melder om tre nesten fulle hus - og oppsetjinga trur eg (utan å påberope meg å vere operaekspert) - kan måle seg med kva det kan vere. Alt går an - i alle fall for operamiljøet rundt Opera Nordfjord! Du kan følgje med i førebuingane på Opera Nordfjord sine Facebook-sider, som m a har ei flott fotodagbok.
Under ser du nokre av mine planer for veke 7-8/2013. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke!
Måndag 11. februar
Møte i ungdomsrådet i Eid
Gjennomgang av status/behov kommunale bygg
Tysdag 12.februar
Onsdag 13.februar
Torsdag 14. februar
Møte i statleg utval for beredskap og forsterkingsressursar i kriser og ulukker, Gardermoen
Fredag 15. februar
Opera Nordfjord i Oslo: Premiere på Tryllefløyten i Den Norske Ballett&Opera
Veke 8 (18-22/2): Vinterferie
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar