Eid får hausten 2013 eit
nytt Energikompetansesenter (EKS) tilknytt Eid vidaregåande skule.
Eid kommune løyvde denne veka eit investeringstilskot på 1,2
mill kr til å bygge første byggetrinn av EKS. Det vil vere eit 120 m2 råbygg i
tilknyting til eit nytt garasje-/lagerbygg som allereie er under oppføring på
Eid vidaregåande skule i regi av fylkeskommunen. Det nye EKS-senteret skal stå
ferdig allereie i oktober, og vil bli disponert av næringslivet i regionen
etter avtale med Eid kommune.
- Vi får no på plass ein
testarena i Eid for ny energiteknologi som gir store muligheter for vekst og
verdiskaping for næringslivet i heile regionen, seier ordførar i Eid, Alfred
Bjørlo. - Eg vil berømme Sogn og Fjordane fylkeskommune for godt samarbeid for
å få senteret etablert. Samarbeidet om EKS er eit godt døme på korleis
næringsliv og kommune kan samhandle, og korleis fylkeskommunen kan fylle si
rolle som regional utviklingsaktør, seier Alfred Bjørlo.
Det er gruppe på 12 bedrifter i Eid/Nordfjord innanfor
elektro/automasjon, bygg og miljøvennlig energiløysingar som har tatt initiativ
til EKS: Normatic, Caverion (tidl. YIT), Eid Elektro, Nordplan, Norgesvinduet
Bjørlo, LocalHost, Segel, Fjordvarme, Renewable Energy Norway, Moderne Varme, Norsk
Celluloseisolasjon og Riksheim. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Nordfjord
Vekst har gitt tilskot til forprosjektet.
- Eid og Nordfjord har eit unikt næringslivsmiljø innanfor elektro/automasjon, fornybar energi og smart energistyring/energibruk i bygg. EKS vil bli ein felles arena for næringslivet til utprøving, utvikling og kursing/sertifisering på nye tverrfaglege løysingar innanfor energi og bygg. Det seier prosjektleiar for forprosjektet til EKS, Anne van Oorschot.
Eid har i dag det største kompetansemiljøet i fylket i
elektro/automasjon med 150 tilsette og tre store bedrifter, Noregs største
fjordvarmeanlegg og to "signalbygg" nasjonalt innanfor miljøvenleg
energibruk (Operahuset Nordfjord/Eid vgs og Nordfjord sjukehus). Eid er nylig
utpeikt som ei av seks klimapilotkommuner i Noreg for satsinga på fornybar
energi over mange år.
I Vågsøy blir det gjort spennande pilotsatsingar knytt til
vind- og bølgekraft, og Vågsøy/Eid samarbeider om realisering av verdas største
grøne datasenter, Lefdal Mine Datacentre AS. SFE har hovudkontor på Sandane, og
er ein viktig partner og utviklingsaktør på energiområdet i heile regionen.
- EKS vil vere eit
møtepunkt, kompetansesenter og felles "teknologi-leikeplass" for
næringslivet i heile regionen, seier
dagleg leiar i Eid Elektro, Ove Kjøllesdal. - Det blir også i arbeidet
med EKS sett spesielt på mulighetene til pilotsatsing på ny velferdsteknologi i
Nordfjord-regionen. Her vil det skje svært mykje utviklingsarbeid i åra som
kjem. EKS kan spele ei viktig rolle for at Nordfjord går i front med å utvikle
og ta i bruk ny velferdsteknologi. Her er samarbeid allereie etablert med m a
SFE, NTNU og Helse Førde, seier Ove Kjøllesdal.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar