Dei neste vekene skal planen ut på høyring, mellom anna med opne møte i bygdene i Eid. Eg håpar på god oppslutnad og stort engasjement om desse - tid og stad blir snart gjort kjent!
Vil du møte meg på Rådhuset denne veka, er fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke!
Måndag 5. mai
Kontordag fram til kl 1230.
Presentasjon av effektar av vegprosjekt som skaper større
bu- og arbeidsmarknadsregionar, Stryn
Ettermiddag/kveld: Klimaspydspissmøte med middag på Balsnes Gard