Kjære alle besøkande på Eid 18.-19. juli 2014: Velkomen til eit nytt sommar-rockeeventyr
på Nordfjordeid - Velkomen til Malakoff Rockfestival!
Eid, med 6.000 innbyggarar til dagleg, er stolt av å vere
vertskap for ein av landets beste og største rockefestivalar. Eid har vore
samlingsplass for folk frå fjern og nær i hundrevis av år. Vi er vande med, og
trivst med, liv og røre. Ikkje minst vil du som festivalgjest oppleve ei enorm
dugnadsånd. Heile Eida-samfunnet er med å gjere Malakoff til ein festival i
særklasse!
Malakoff er i dag kanskje den viktigaste møtestaden for folk
i Eid og regionen rundt og ikkje minst for utflyttarar, studentar og andre med
tilknyting til staden og regionen.
Like viktig for oss, er det at Malakoff er til stades på Eid
gjennom heile året.
Med Eid vidaregåande skule i felles bygg med Operahuset
Nordfjord (Noregs einaste operahus utanfor Oslo), Opera Nordfjord, Malakoff
Rockfestival og Rockescena Gymmen, har vi skapt eit kraftsenter for kultur,
skule og entrepenørskap som få andre stader kan vise maken til. Det er ikkje
tilfeldig at Eid vgs i fjor vart kåra av NRK P3 til skulen i landet med best
samhald og elevmiljø eller at Eid i år er kåra til den 4. beste skulekommunen i
Noreg: Malakoff har ein del av æra for det!
Eid har slagordet "Eid Inviterer". Det er langt
meir enn eit slagord. Det er faktisk det vi gjer - også utanom Malakoff-helga.
Vi kan tilby fantastiske oppvekstvilkår for barn og unge, spennande næringsliv
med ein bu- og arbeidsmarknadsregion på 50.000 rundt oss for deg som er på jakt
etter jobb, og natur-, kulturtilbod og opplevingar i særklasse.
Så velkomen til rockehelg på Eid: Nyt det gode liv hos oss -
og velkomen tilbake! Eid Inviterer!
Alfred Bjørlo
ordførar i Eid
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar