”Den som har begge beina på
jorda, står stille”, skriv forfattaren Tor Åge Bringsværd.
Er det noko det ikkje vil
gjere i Eid i 2015, er det å stå stille. Knapt nokon gong tidlegare vil fleire utbyggings-
og utviklingsprosjekt pågå samtidig i Eid enn i året vi no går inn i.
Så ved inngangen til eit nytt år: Her er 10 prosjekt som vil fornye Eid - med det til felles at dei blir gjennomført heilt eller delvis i 2015.
Oversiktsfoto Eid (privat) |
Her er ei liste over 10 prosjekt som vil fornye Eid i 2015:
Nytt omsorgssenter
Heilt sidan 1990-talet har
det vore på tale med nytt omsorgssenter i Eid. I 2015 skjer det. Nytt
omsorgssenter vil bli det største utbyggingsprosjektet i Eid kommune sin regi
nokon sinne, med investeringsramme i fyrste byggesteg på ca 150 millionar
kroner. Det nye omsorgssenteret blir bygd på Myroldhaug rett bak dagens
sjukeheim. Fyrste byggesteg vil ha 40 heildøgns omsorgsplassar. Planlagt
oppstart er sommaren 2015, og bygget vil stå ferdig i løpet av 2016.
Illustrasjonfoto frå Konkurransegrunnlag for nytt omsorgssenter, Nordplan 2014. Dagens Eid sjukeheim til venstre, nytt bygg til høgre. Merk: Endeleg utforming kan bli annleis enn dette |
Hogaåsen – nytt bustadfelt
Hogaåsen blir det største nye
bustadfeltet i Eid sidan Myklebuståsen vart utbygd. Samla er Hogaåsen-feltet på
over 150 mål og vil utløyse ca 120 einebustadtomter og ni område for leilighetsutbygging.
Fyrste byggesteg av Hogaåsen
startar i 2015 i området nærast Myklebuståsen. Her vil det kome ca 40
einebustadtomter og fire nye område for leilegheitsutbygging. Skogryddinga
startar rett over nyttår. Opparbeidinga av feltet er planlagt oppstarta i andre
halvår 2015, slik at tildeling av tomter og utbygging av bustader kan skje frå
2016.
Illustrasjonen syner heile Hogaåsen-området. Området lengst til venstre på teikninga blir rydda og opparbeidd i 2015/16. (Foto: Nordplan) |
Myklebust/Stokkenes - nytt næringsområde
Sommaren 2015 vil det nye
kommunale næringsområdet på Myklebust/Stokkenes vere ferdig opparbeid. Med nær
40 mål er det det største samla utbygde næringsarealet i kommunal regi i Eid nokon
gong. Deler av området er allereie selt.
Røynsler både frå Eid og
andre stader seier at tilgang på opparbeidde, sentrumsnære og attraktive
næringsområde er avgjerande for ny næringsetablering. Dette er difor ei
investering det er all grunn til å tru vil kaste av seg for heile
lokalsamfunnet.
Nytt næringsområde på Myklebust/Stokkenes under opparbeiding hausten 2014 (Foto: Eid Industrihus KF) |
Utbygging Nordfjordeid skule
Nordfjordeid skule frå
1960-talet er vår største barneskule med ca 300 elevar. Skulen har vore utbygd og
rusta opp i fleire etappar. No står
siste del av utbygginga av Nordfjordeid for døra: Bygging av ny fleirbrukshall
til erstatning for dagens gymsal frå 1963. I dag må 300 born klare seg med ein
gymsal på under 100 m2. Verken sal, garderobar eller bygget elles er i
nærleiken av å vere tenlege for framtida.
Den nye fleirbrukshallen vil
gi over fem gonger så stort hall-areal som dagens gymsal: Minst 550 m2 mot
dagens 95 m2. Skulen har sjølv sagt at dei treng ein sal på 3-400 m2, men vil
bli bygd større enn dette for også å kunne gi auka hallkapasitet for idretten,
innanfor ei kostnadsramme på ca 35 millionar kroner. Hallen vil stette alle
krav til å vere ein fleirbrukshall, og med det utløyse tippemidlar som del av finansieringa.
Fleirbrukshallen vil i
motsetnad til dagens gymsal sikre universelt tilgjenge og gi ein god samlingsstad
for elevane også i andre samanhengar enn kroppsøving. Planlagt byggestart for
fleirbrukshallen er når skuleåret 2014/15 er ferdig. Ny hall kan då stå ferdig
til skuleåret startar i august 2016.
Ny hovudvassforsyning
Dagens gymsal på Nordfjordeid skule på 95 m2. Ny fleirbrukshall blir minimum 5 1/2 gonger større, og skal byggast der dagens gymsal står i dag med utviding mot aust. (Foto: Eid kommune) |
Ny hovudvassforsyning
I 2015 startar siste del av
utbygginga av ny hovudvassforsying i Eid. I framtida vil drikkevatnet for heile
Eidsbygda kome frå Hornindalsvatnet. I 2015/16 skal det byggast høgdebasseng i
sentrum, siste del av rørnettet på Hjelle og sjølve den nye pumpestasjonen i
Hornindalsvatnet på Nor. Deler av utbygginga skjer saman med ny gang- og
sykkelveg på Hjelle, men mykje av utbygginga skjer også uavhengig av dette.
Det nye hovudvassverket vil
gi betre kvalitet på drikkevatnet og nok vasskapasitet i overskueleg framtid. Utbygginga
har også gjort det mulig å legge ned fiber gjennom heile Eidsdalen – med
kapasitet til vidare fiberutbygging også til bedrifter og husstandar.
Hornindalsvatnet - Europas djupaste innsjø - blir ny drikkevasskjelde for Eid frå 2016/17. Samla vassmengde i Hornindalsvatnet er ca 12 milliardar m3 vatn. (Foto: Privat) |
Ny gang- og sykkelveg Hjelle-Nor bru
Hausten 2015 startar bygginga
av siste del av det som vil bli 8 kilometer samanhengande gang- og sykkelveg
langs E39/Rv15 gjennom heile Eidsdalen – frå Skårhaug til Nor bru. Det er mulig
takka vere ypperleg samarbeid mellom Eid kommune og Statens Vegvesen. Gang- og
sykkelvegen Hjelle-Nor bru vil også gje trygg skuleveg frå eksisterande og
planlagde nye bustadområde aust for Hjelle skule.
Når denne vegen no er sikra
byggestart, vil Eid kommune arbeide opp mot Statens Vegvesen for å planlegge vidare
utbygging av gang- og sykkelveg vestover langs Rv15: Frå Skårhaug til Haugen, gjennom
Stårheimsbygda og vidare vestover.
Oversiktsfoto Rv15/E39 Hjelle-Nor bru, der det blir starta arbeid med gang- og sykkelveg hausten 2015. |
Nytt dagsenter på Langeland
I førre kommunestyreperiode
vart det vedteke å samle dagsentertilboda i eitt felles bygg og
kompetansemiljø. Denne utbygginga er no i full gang på Langeland, samlokalisert
med Sandane Industrier som er vårt sterkaste fagmiljø på kvalifisering og
opptrening til arbeidslivet.
Det nye dagsenteret på
Langeland vil stå ferdig sommaren 2015. Det vil gi tenlege lokale til tenester
som i dag er spreidde og har trangt om plassen, og legge godt til rette for
tettare kontakt med arbeidslivet og ein meiningsfull kvardag for dei som nyttar
dagsentertenestene.
Dagsenteret på Langeland under bygging. (Foto: Eid Industrihus KF) |
Opprusting og nybygg sosiale bustader
I 2013 vart det for fyrste
gong sidan 2002 vedteken ein samla plan for sosial bustadbygging i Eid. Sosial
bustadbygging er eit særs viktig område for å ta vare på dei blant oss som
treng det mest, og eit område med gode statlege finansieringsordningar som kjem
”på sida” av dei ordinære statlege rammetilskota til kommunene.
I Eid vil sosial bustadbygging
skje i ein kombinasjon av nybygg og opprusting/fornying av eksisterande
bygningsmasse. Rett før jul i år sto nye leilegheiter i Frislidbygget i
Eidsgata ferdig. I 2015 vil vi få rusta opp mellom anna Messa og øvre del av
Prestealleen. Vi vil også bygge nytt på tomter peika ut i bustadsosial
handlingsplan som tidlegare Prestemarka Barnehage og fleire andre – og
samarbeide med private utbyggarar.
EKS og Eid vidaregåande skule – energi- og
velferdsteknologi
Det nye ”EKS-senteret” ved
Eid vidaregåande skule blir utvikla i samspel mellom kommune, lokalt næringsliv
og skule. Sjølve bygget står ferdig, men i 2015 blir det fylt med innhald. Noko
av det fyrste som vil skje, er utrusting av ei testleilegheit for
velferdsteknologi – som del av eit utdanningssamarbeid knytt til
velferdsteknologi mellom m a Eid og Stryn vidaregåande skule og Høgskulen i
Bergen. I tillegg vil Eid vgs i samarbeid med næringslivet bygge ut
testløysingar for ulike former ny fornybar energi.
Det er positivt for Eid at
både skulen vår og lokalt næringsliv er ”på hogget” for ny teknologi på veg opp
og fram – ikkje minst på miljøvenleg energi og velferd. Igjen er spleiselag og
samarbeid vegen å gå, med kommunen som ein av samarbeidspartane.
EKS under oppføring med representantar frå nokon av bedriftene som er med på satsinga (Foto: Privat) |
Nord-Øyrane: Handelsvekst og sentrumsutvikling
I 2015 ligg det til rette for
oppstart av det som samla er det største nye handels- og
sentrumsutviklingsprosjektet i Eid sidan utfyllinga av Sjøgata-området på
1970-og 1980-talet: Utvidinga av Moengården og opparbeidinga av Nord-Øyrane.
Planane for Moengården er om
lag ei dobling av dagens senter, med Coop og Noregs største kjøpesenterkjede
AMFI inne i prosjektet saman med lokale investorar. Området for Moengården-utvidinga
er allereie fylt ut og er byggeklart tidleg i 2015. Når det er avklart, vil
kommunen fylle ut Nord-Øyrane vidare nordover, og opparbeide dette til det nye
store frilufts- og aktivitetsområdet i sentrum – med badeplass, leike- og
parkområde nær skular, idrettshall og handelstilbod. På Nord-Øyrane vil det
også bli sett av tomt til Sagastad – det planlagde opplevingsenteret for
Myklebustsfunna. Heile Nord-Øyrane, ca 40 mål, vil etter planen bli fylt ut i
2015 og stå klart til bruk i 2016. Den nye klatreparken i same område, plassert
aust for Sjøgata, vil stå ferdig allereie våren 2015.
Denne type
sentrumsutviklingsprosjekt i samarbeid mellom private utbyggarar og kommune er
no den vanlegaste ”vekstmotoren” i mange større norske byar og tettstader. Å få
det til på ein såpass liten plass som Nordfjordeid - med Noregs største
kjøpesenterkjede på laget - er inga sjølvfølge. Å lukkast med heilskapen på
Nord-Øyrane er etter mitt syn noko av det viktigaste vi kan gjere for å sikre
vekst og utvikling på Eid og i Nordfjord langt inn i framtida.
Nord-Øyrane ferdig opparbeidd. Sagastad-bygninga til venstre (Illustrasjon: Steinart/Idar Vingen Engeland (Nordwest3D)) |
Det som er særleg verdt å merke seg, i tillegg til det samla omfanget av utbyggingane, er at utviklinga av Eid som no er på trappene ikkje skjer berre på eitt område, men på brei front.
Vi bygger ut både grunnleggande velferdstenester for alle (skuleutbygging, omsorgssenter og vassforsyning), målretta satsingar for dei med særlege behov ( dagsenter og sosial bustadbygging) – og vi gjer i tillegg langsiktige satsingar for å skape vekst og inntekter til framtidas velferd (nye næringsområde, bustadfelt og felles utviklingsprosjekt mellom kommune, næringsliv og skule).
Vi bygger ut både grunnleggande velferdstenester for alle (skuleutbygging, omsorgssenter og vassforsyning), målretta satsingar for dei med særlege behov ( dagsenter og sosial bustadbygging) – og vi gjer i tillegg langsiktige satsingar for å skape vekst og inntekter til framtidas velferd (nye næringsområde, bustadfelt og felles utviklingsprosjekt mellom kommune, næringsliv og skule).
Eg er overtydd om at det nettopp denne breie tilnærminga – velferd og vekstfremjande satsing parallellt - er avgjerande på lang sikt. Og endå viktigare: Det at vi utviklar kommunen etter ein langsiktig plan, med brei politisk oppslutnad om dei fleste prosjekta og utan å ta oss vatn over hovudet økonomisk.
Denne 10-punkts lista for 2015 er ikkje utfyllande. Mykje anna kunne vore nemnt: Planlagde opprustingar ved Eid Eldretun og Stårheim skule, nytt bustadfelt på Stårheim, ferdigstilling av ombyggingar og re-opning av dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus, nye næringsprosjekt som Lefdal Gruve og mykje meir.
Uansett: Vi står føre eit
særs spennande og aktivt år i Eid i 2015. Det er all grunn til å sjå
lyst på framtida!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar