onsdag 9. februar 2011

Ein dag i Måløy Vekst


I kveld fekk eg lyst å gjere noko eg ikkje har gjort før: Å skrive litt om ein dag på jobb i næringsutviklingsselskapet Måløy Vekst, der eg er dagleg leiar. Gjennom det vil eg fortelje litt om alt som for tida skjer i næringslivet i Vågsøy, heretter kalla Måløy (ha meg unnskyldt).

La meg med ein gong advare deg. Teksten under er ikkje spesielt pedagogisk oppbygd. Eg kjem til å dynge på med bedrifter og personar (du møter til saman 14 personar og ca 10 bedrifter). Det kan virke overveldande, men eg gjer det med vilje. Eg vil rett og slett gi deg eit ganske overfladisk ”snapshot” av det næringslivsmiljøet eg arbeider i til dagleg – og som eg er heilt sikker på at du kjem til å høyre mykje meir om i åra som kjem.

Måløy er kystbyen i Nordfjord i Sogn og Fjordane, eit steinkast frå Sunnmøre og på mange måtar nokså sunnmørsk i lynne og næringslivsmiljø. Måløy har ei nær 1000-årig historie bak seg, men det var først rett etter 1900 utviklinga skaut fart, takka vere driftige fiskarar. Under andre verdskrigen skreiv Måløy seg inn i historia for alvor gjennom Måløy-raidet. 1950-talet var den store tida for sildefisket, med opptil 1.000 båtar og 10.000 fiskarar samla i Måløy for å hauste havets sølv. Folketalet vart dobla på kort tid. Heilt sidan den tid har Måløy vore blant dei viktigaste fiskerihamnene i Noreg (på topp 3 pr i dag).

I 2011 er Måløy ein by på rask veg opp att etter ein down-periode på 1990-talet og første del av 2000-talet. Fiskebestandane og fiskeriaktiviteten er større enn på lenge. Eit mangfoldig og sterkt maritimt bedriftsmiljø skaper aktivitet på alle frontar. Nye typar teknologibedrifter og unge grunderar har fått ”luft under vingene” i Måløy på ein måte få andre stader kan syne maken til. Det er noko på gang i Måløy.

Så til saka. Dagen i dag. Første punkt på programmet var å ta imot fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane med Fylkesordførar Nils R. Sandal i spissen. Dei fekk to intensive timar i møte med næringslivsfolk frå Måløy, som ga glimt av kva næringslivet i Måløy står for, brenn for og har av forventingar for framtida.

Fylkespolitikarane fekk møte fiskebåtreiar Arild Aarvik i Carisma. Han har dei siste åra ikkje berre investert stort i nye havgåande linebåtar som driv miljøvenleg linefiske, men har også vore med å bygge opp ein flunkande ny næringspark i privat regi, Maritim Park, der ca 15-20 bedrifter i dag er samlokalisert. Vidare fekk dei møte Gunnar Domstein, adm dir i Norway Pelagic, verdas største salsselskap for sild og makrell. Dei omset, med hovudkontor i Måløy, for over 2,5 mrd NOK i året på ein global marknad. Norway Pelagic skal no investere nær 70 mill kr i eit nytt sentral-fryseri for pelagisk fisk i Måløy. Det vil gjere Måløy til ei endå viktigare hamn for fiskeflåten i åra framover.

Og dei fekk møte Sverre Søraa, adm dir i Coast Seafood, som også har hovudkontor i Måløy, omset for nær 3 mrd NOK i året og er verdas største uavhengige salsselskap for laks og ørret. skaper ca 30-40 i Måløy sentrum. Sverre Søraa si bedrift er også heilt i front på teknologi: Dei har rulla ut videoterminalar til alle sine tilsette, leverandørar og kundar – og driv med det eit globalt konsern i milliardklassen meir effektivt og lønsamt enn nokongang frå Måløy, der det sit 30-40 unge kvinner og menn og driv med trading i hundremillionersklassen i eit dynamisk salsmiljø.

Alle var klare i sin konklusjon: Fiskeri er ein bransje som skal vekse og skape auka verdiar i åra framover.

Vidare fekk dei møte bedrifter av heilt andre typar enn fiskeri. Adm dir Jonny Almenning i Nordvestvinduet presenterte ei bedrift som omset for 100 mill kr i året i spesialvindu til større byggeprosjekt og arkitetteikna bygningar, med høgteknologisk og robotisert produksjon. Dei fekk møte investor Gunnar Carlson, som dei siste åra har gått frå å drive og eige det største av Måløy sine fem skipsverft (Båtbygg), til å bygge opp ei unik ny portefølje av avanserte teknologibedrifter innanfor 3D-modellering, kompositt og ny produksjonsteknologi (Teknopollen-miljøet/Måløy-miljøet).

Til slutt fekk dei møte Heidi Kopperud frå VideoNor, som saman med mannen Jørn Mikalsen har flytta frå Oslo til Måløy for å bygge opp ei bedrift som tilbyr nye typar videotenester, og Kari Morvik frå Fiskeridirektoratet. Fiskeridirektoratet har sitt hovedkontor for Hordaland og Sogn og Fjordane i Måløy, og dei siste åra har oppbemanna kontoret kraftig og har planer om ytterlegare vekst.

Felles for alle desse bedriftsmiljøa er optimisme, framtidstru og vekstambisjonar - og ei sterk tru på at det å vere lokalisert i Måløy er eit godt utgangspunkt for å lykkast. Vi utfordra fylkespolitikarane på fem konkrete punkt – med bygging av Kystvegen mellom Måløy og nabobyen i sør Florø som punkt nr 1 (45-minuttsregionen). Eg trur vi etterkvart har ein felles forståelse med våre fylkespolitikarar om kva for eit fantastisk, uutnytta vekstpotensiale vi har på kysten av Sogn og Fjordane. Eg er no meir optimistisk enn nokon gong på at vi vil få den drahjelpa vi treng for å få det til.

Etter denne ”kræsj-presentasjonen” av næringslivet i Måløy, åt vi rykande fersk, pannesteikt torsk til lunsj på restaurant Kraftstasjonen i Måløy. Dette er også næringsutvikling i praksis. Kraftstasjonen er ei grunderbedrift bygd opp av ekteparet Rita og Arne Andal, som på kort tid har blitt eit viktig samlingspunkt og ein førsteklasses fiskerestaurant i Måløy både på dag- og kveldstid.

Første stopp etter lunsj var ein ny milepæl for Måløy Vekst: Vi teikna i dag saman med Vågsøy kommune kontrakt på bygging av fibernett i eigen regi ut til så godt som alle bedrifter med fiberbehov, i eit spleiselag mellom bedriftene, Måløy Vekst og statlege breibandsmidlar. Dermed vil vi om kort tid ha eit av landets beste og rimelegaste fibertilbud til bedriftene i Måløy. Det er ein avgjerande suksessfaktor for eit internasjonalt, høgteknologisk bedriftsmiljø med vekstambisjonar.

På dagens relativt korte kontorøkt med gode kolleger i Måløy Vekst, var hovedsaka planlegging av ein nasjonal konferanse for den havgåande lineflåten i Noreg, som vi skal arrangere i Måløy i slutten av mars med Fiskeriministeren til stades. Vi rakk også eit lite rådslag om vegen vidare for arbeidet med Stad Skipstunnel, der Måløy Vekst har vore med og fått fram ny dokumentasjon på nytteverdien og betydninga av dette heilt unike samferdsleprosjektet. Sjekk vår nye animasjonsfilm om Stad Skipstunnel her.

Dagen vart avrunda med eit hyggeleg besøk på det nyaste skotet på stammen i bedriftsmiljøet i Vågsøy – kundesenter-bedrifta ComiTale. Bedrifta har blitt finansiert opp av lokale investorar, på rekordtid starta opp av grunderane Liss Holandsli og Kristina Lunde, og har allereie ved oppstarten denne veka sju tilsette og full aktivitet i flotte, nyoppussa lokale sentralt i Måløy.

Det var dagens jobbdag i Måløy. Ikkje alle dagar er like intense. Av og til gjer eg faktisk noko sjølv også og ikkje berre fer rundt og poserer. Men eg håpar du får eit lite innblikk i kva som rører seg i kystbyen i vest. Måløy Vekst sin jobb opp i dette er å sørge for å skape eit miljø for at bedriftene skal lykkast, og å hjelpe nye prosjekt og nye bedrifter opp og fram. Det er, med handa på hjertet, ein utruleg interessant jobb i eit uvanleg spennande miljø.

Ja, forresten. I bilen heim hadde eg ein lang, oppløftande prat med LocalHost-grunder Sindre Kvalheim, som for tida arbeider på spreng med å få bygd verdas største datasenter i Lefdal Gruve i Nordfjord. Og som ser ut til å klare det.

Men meir om det ein annan dag. Du har ikkje høyrd det siste frå Måløy og Nordfjord.

fredag 14. januar 2011

Galskap sett i system

Innlegget du les under er skrive 11-12/1, og sto på trykk i fire aviser i Sogn og Fjordane 14-15/1. Den 14-16/1 har to nye saker dukka opp som forsterkar ytterligare hovudpoenget i innlegget: At Helse Førde er galskap sett i system.

Det gjeld for det første sak på NRK Sogn og Fjordane den 14/1 om den ferdigbygde rusposten på Eid, eit bygg på 23 mill kr som står ubrukt. Til no har Helse Førdes fremste "salsargument" for rasering av føde- og akuttilbodet i Nordfjord vore at dette automatisk ville utløyse oppstart av drift ved den nye rusposten. No syner det seg at dette har vore rein bløff: Helse Førde har ikkje ein gong starta å planlegge innhaldet i den nye rusposten, og oppstarten ligg minst to år fram i tid, truleg meir! Dette er rett og slett ei hån mot den mest sårbare av alle pasientgruppene i fylket, som Helse Førde til alt overmål har skyvd framfor seg for å samle støtte til nedlegging av føde- og akuttilbod.

Det gjeld for det andre Bergens Tidende sine avsløringar i nyhetssaker 15/1 og 16/1 om at sentralisering av fødetilbod fører til ein sterk auke i tal på fødslar utanfor institusjon, stikk i strid med det Helse Førde påstår. Og endå meir oppsiktsvekkande: Kvinner som føder utanfor institusjon (f eks i privatbil/drosje på ein 3 1/2 timers køyretur til næraste fødeavdeling), har ikkje noko juridisk vern, og må sjølve ta ansvaret dersom noko skulle gå gale! Med andre ord: Sentraliseringa av fødetilbod er ein effektiv måte for Helse Førde å skyve risiko over til fødande kvinner på, og dermed kutte kostnader og eigen økonomisk risiko for helseforetaket. Så kynisk at ein knapt kan tru det er sant. Galskap sett i system.

Den 17/1 samlar Fylkestinget i Sogn og Fjordane seg for å gi si innstilling om desse spørsmåla til Nasjonal Helseplan. Då får vi sjå kva som veg tyngst: Omsynet til innbyggarane i fylket, eller å sikre prestisjen til styre og direktørar i Helse Førde. Vi er mange som kjem til å følgje med.


-----
I farsen rundt Helse Førde er det lite som overraskar lenger. Mange av dei små bitane som til saman utgjer Helse Førde sitt puslespel for å undergrave lokalsjukehusa, går oss truleg hus forbi.

Sist fredag høyrde vi på NRK Sogn og Fjordane om éin av desse små bitane: All oppvarma mat til pasientar i heile fylket skal frå februar lagast i Førde, vakuumpakkast, frysast og så køyrast rundt omkring i fylket hundrevis av kilometer kvar einaste dag med bil. Kvifor? Direktøren for Internservice (!) i Helse Førde hadde svaret klart: Pasientane får byta ut fersk, kortreist mat med nedfrosne, langkøyrte feltrasjonar for at Helse Førde skal kunne ”..dokumentere hvilke næringsstoffer som er i maten. Nå har vi en oppskrift på maten vi kan gå tilbake til dersom noe skulle gå feil.” Med andre ord: Frå no av får kanskje pasientane skralare mat, men Helse Førde kan i alle fall dokumentere i ettertid kva dei kreperte av. Kva slags for ålmenta ukjente matforgiftingsskandaler ved sjukehusa på Eid og i Lærdal dette botnar i veit eg diverre ikkje. Noko får vi vel gå ut frå at det er, sidan det å lage mat etter oppskrift tydelegvis er for komplisert til at ein klarer det andre stader enn i Førde.

Eit anna døme er framlegget om å legge ned det ortopediske fagmiljøet på Nordfjordeid, bygd opp stein på stein over 30-40 år som eitt av Norges leiande på sitt område, med unik kompetanse, omfattande kurs- og opplæringsverksemd og utan rekrutterings-problem. På dette området innrømma sjølv Helse Førdes infosjef Arne Eithun på eit møte med ein Venstre-delegasjon frå Eid og Vågsøy sist veke at det ikkje låg noko fagleg grunngjeving bak ”slaktinga” av fagmiljøet på Eid. Men som han til slutt sette ein strek for diskusjonen med: ”Hovudpoenget er uansett at det skal til Førde”. Case closed og plusspoeng for ærleg svar til hr Eithun, mannen med fylkets minst misunningsverdige jobb: Å freiste å gje Helse Førde eit truverdig andlet.

Helse Førde er i dag ein organisasjon rigga for å slakte lokalsjukehus – og gjer det bit for bit utan å vente på politiske avgjerder. Det klarer dei ved å ha organisert seg i ein såkalla ”klinikkstruktur”, noko som betyr at det til dømes på Nordfjordeid sit eit helsefagleg kompetansemiljø på fleire hundre høgt utdanna menneske utan noko leiing eller fellesfunksjonar som bind dei saman. For Helse Førde finst det i praksis ikkje noko helsefagleg miljø i Nordfjord, berre ei rekke små, isolerte undereiningar av respektive hovudeiningar lokalisert i Førde, der alle avgjerder blir tatt og direktiva kjem meir eller mindre førehandsvarsla pr epost. I eit slikt system kan du i ro og mak flytte fokus og ressursar internt innanfor kvar klinikkeining bort frå lokalsjukehusa, utan at nokon frå utsida kan kontrollere eller stoppe det.

Behandlar du menneske i ei moderne kunnskapsbedrift slik – ei bedrift der verdiane stort sett er hendene og hovuda til dei som jobbar der? Ja, du gjer det. Du gjer det dersom du har ein plan i bakhand om å undergrave miljøet over tid, og få det til å fungere så dårleg at du i neste omgang kan dra fram trumfkortet ”kvalitet” som argument for svekke det ytterlegare.

Helse Førde er ein slik galskap sett i system. Det er i alle fall min påstand. Eg utfordra sist veke informasjonssjefen i Helse Førde til i det minste å gjennomføre ein uavhengig arbeidsmiljøundersøking blant dei tilsette i foretaket, for å få opp i dagen den enorme frustrasjonen over eigen arbeidssituasjon eg trur mange hundre menneske rundt om på helseinstitusjonane i fylket kjenner. Eg trur ei slik undersøking ville avdekka eit bilete ingen av oss ville ha likt å sjå. Samtidig: Ingenting ville gle meg meir enn om det var feil, og nokon utanfrå kunne dokumentere det svart på kvitt.

Svaret får vi nok aldri. Ei slik arbeidsmiljøundersøking på Nordfjord største kompetansearbeidsplass var ikkje av interesse for Helse Førde. Eg har ein stygg mistanke om at fleirtalet av fylkespolitikarane våre ikkje er så interesserte i det heller. Då er det kjekkare å samle seg på strategimøte i Førde der ein kan raljere over dei plagsame nordfjordingane som er fæle med dei stakkars direktørane i Helse Førde, utan at media og ordførarar i Nordfjord er invitert til å vere til stades.

Eg er skremd av Helse Førde. Det innrømmer eg ope. Eg har aldri sett noko liknande. Aldri sett større intern arroganse i eit system og mindre vilje til å ”vise korta” og gå i reell dialog med dei mange som ikkje skjønar kva som skjer i det stadig tettare direktør-befolka foretaksapparatet, eller korleis to timar lengre køyretid til akuttilbod og fødeavdeling skal gi ein tryggare kvardag utan å legge fram eit einaste konkret argument for at det er sant.

Eg veit heller ikkje om eg skal le eller gråte av eit styre med styremedlemmer som verken er fugl eller fisk. Ikkje er dei plukka ut på grunnlag av faglege kvalifikasjonar, og ikkje står dei til ansvar for partia som har peika dei ut. På toppen av alt ser dei ut til å vere heilag overtydde om at all helsefagleg og teknologisk utvikling automatisk er eit argument for at meir må skje i Førde, og at lukka i livet å vere direktør Bolstad sine fotsoldatar i striden mot folket i Nordfjord og Indre Sogn.

Dersom Fylkestinget neste veke gir si velsigning til dei modellane Helse Førde no styrer fylket etter, utan skikkelege risikoanalyser eller makroøkonomiske reknestykke i botn, ber dei eit stort ansvar på sine skuldrar. Svært mange av oss har gitt opp Helse Førde for lenge sidan. Mange eg snakkar med er også i ferd med å gi opp tilliten til heile det politiske systemet. Akkurat det må sjølv Helse Førde og direktør Bolstad sine mest blåøygde forsvarar i det politiske miljøet ta inn over seg. Hovmod står for fall.

søndag 19. desember 2010

Sakarias og sjukehusstruktur

Dei siste dagane har vi i Aftenposten og Sunnmørsposten fått historia om vesle Sakarias på 1 ½ år som vart funnen ute i sprengkulden nedkjølt til 21 grader kroppstemperatur. Etter lynrask helikoptertransport og kyndig behandling på St Olavs hospital i Trondheim, eit av landets mest avanserte sjukehus, er Sakarias no heime att og heilt frisk.

Samtidig har Helsedirektør Bjørn Inge Larsen i NRK åtvara mot å tru at alt kan vere som det er i sjukehus-Noreg. Larsen har to viktige poeng:

1. Meir av helsetenestene i sjukehusvesenet må i framtida desentraliserast og flyttast nærare dit folk bur enn dei er i dag. Mest mulig må ned til eit ”regionkommunenivå” tilsvarande dagens bu- og arbeidsmarknadsregionar (det framtidige kommunenivået).

2. For ein god del spesialiserte helsetenester er ei ytterlegare sentralisering nødvendig. Behandlinga må her skje ved "dei største sjukehusa" (sitat Larsen) fordi det berre er her kompetansen er god nok. Folk vil på desse tenesteområda, til dømes kreftbehandling, hjartekirurgi og slag, krevje å få den beste behandlinga som er mulig å få, uavhengig av kor i landet det måtte vere.

Helsedirektøren har gode poeng. Det er heilt på sin plass at han går ut og påpeikar kor viktige spesialiserte helsetenester av høgste kvalitet ved dei største sjukehusa er for folk uansett kvar vi bur. Det må aldri gløymast i kampen for lokalsjukehus og nærhelsetenester, og vesle Sakarias sitt tilfelle er ei viktig påminning.

Så langt alt vel. Men kva betyr så dette når vi skal prøve å overføre Helsedirektøren sine poeng til mikro-nivå i eitt fylke, i mitt tilfelle Sogn og Fjordane? Vårt regionale helseforetak Helse Førde følgjer tilsynelatande same logikk som Helsedirektøren: Bygg ned mest mogleg av dagens nærsjukehusnivå i Nordfjord og Sogn, og flytt ressursane over til ei sterkare spesialisthelseteneste på dagens halvstore sjukehus i Førde.

Eg trur diverre Helse Førde her er på ville vegar, også sett i lys av essensen i Helsedirektøren sitt utspel. Snarare er det slik at det nivået Helse Førde ønsker å bygge ned - dei velfungerande helsefaglege kompetansemiljøa i Nordfjord og Sogn med ca 20-30.000 menneske innan 1-1 ½ times reisetid – det er det nivået vi i framtida må bygge opp viss vi skal ha mulighet til å flytte fleire helsetenester nær brukarane. Det nøyaktige innhaldet og funksjonane på dette nivået er enno uvisst, og her er det heller ikkje sikkert at Helsedirektøren og eg er heilt på linje i alt. Men hovudpoenget står fast: Det er nettopp dette nærnivået som i framtida må byggast opp og styrkast.

Og motsett: Det nivået Helse Førde ynskjer å bygge opp, eit mini-sentralsjukehus for 60-70.000 innbyggarar i Sunnfjord og deler av Sogn, er eit nivå som, for å seie det diplomatisk, ikkje har nokon opplagt plass i Helsedirektøren sin behandlingspyramide. Eit mini-sentralsjukehus etter Helse Førde sin modell vil aldri kunne reknast blant “dei største og mest avanserte sjukehusa” i Noreg, slik Larsen og Helsedirektoratet skisserer framtida.

Truleg gjeld dette også fødslar. Helsedirektøren seier i intervju med NRK at deira gjennomgang syner at ”…svært mange fødslar skal skje ved dei aller mest avanserte fødeavdelingane i landet.” Heller ikkje her er eit mini-sentralsjukehus i Førde den første assosiasjonen som fell meg inn, sjølv om det også i Sunnfjord sjølvsagt må vere eit skikkeleg føde- og akuttilbod som sikrar nærhet til dei mest grunnleggande tenestene på same måte som i Sogn og Nordfjord. Jorunn Eide Kirketeig og andre systemtru Ap-politikarar må gjerne føde i drosjer så mykje dei vil for meg, for dei fleste andre av oss er eit slikt helsevesen ein absurd og skremmande tanke.

Oppsummert: Når den framtidige sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane no ligg på Helseministeren sitt bord, er det viktig at ho gjer ei uavhengig vurdering av korleis framtidas helsetenester i Sogn og Fjordane kan riggast ut frå behova til innbyggarane i det lange løp. Det er betydeleg viktigare enn behova direktørar, lokalpolitikarar og sentralt plasserte legar i Helse Førde måtte ha for å trygge sine eigne arbeidsplassar i ei usikker framtid for mini-sentralsjukehusnivået.

Tanken om eitt stort sentralsjukehus for Sogn og Fjordane som kan yte all sjukehushjelp folk i vårt fylke treng var kanskje ein offensiv visjon for 30 år sidan. Med den rivande utviklinga i medisinsk teknologi og kommunikasjonar er dette no dessverre ein gammaldags tanke tida truleg har løpt frå, og som no interessant nok blir fronta av politikarar på oppløpssida av si lange politiske karriere. Komande generasjonar i Sogn og Fjordane bryr seg neppe om korvidt avansert spesialistbehandling skjer innanfor fylkesgrensa. Dei vil på same måte som folk elles i landet ha behandlinga der den er best. Det trur eg alle kan samle seg om. Det er min påstand at dei sterke konfliktene internt i fylket som no er skapt, er noko Helse Førde sjølv har konstruert opp gjennom sin strategi for å suge ut mest mulig ressursar frå resten av fylket i eit siste forsøk på å berge mini-sentralsjukehusnivået.

Vesle Sakarias kom til behandling ved St Olav i Trondheim. Det var ikkje fordi han var trønder. Sakarias bur i Stordal på Sunnmøre, nøyaktig like langt frå Trondheim som Nordfjordeid er frå Bergen. Sakarias vart transportert til Trondheim fordi han måtte ha den beste behandling som var mulig å gi på landsdelens aller beste og mest avanserte sjukehus. Det var ikkje i Ålesund eller Molde, men i Trondheim.

Slik vil og skal framtidas helsevesen fungere. Det styrkar ikkje akkurat Helse Førde sin argumentasjon for at Sogn og Fjordane skal setje alle sine ressursar på å bygge ned dei helsefaglege ressursane på lokalnivået (rasering av nærsjukehusa) og setje alt inn på å bygge opp eit mini-sentralsjukehus som aldri vil kunne bli blant dei største og mest avanserte sjukehusa i Noreg når alvoret verkeleg set inn. Fylkesgrenser er uinteressante når det står om liv.

lørdag 11. desember 2010

Flytande suksess

I havet utanfor Karmøy ligg verdas første fullskala flytande vindmølle, Statoils Hywind. Få ser enno ut til å forstå kva for eit kvantesprang Hywind faktisk er, og kva konsekvensar det bør få for norsk energi- og næringspolitikk. 

I dag er det ei etablert sanning at det finst eit vegkart for utviklinga av vindkraftnæringa der ein gradvis "kryp til havs". Først vindkraft på land (teknologisk kurant, relativt lav kWh-pris). Deretter botnfast offshore vindkraft i grunne havområde (teknologisk meir krevande og dyrare). Så ein gong i fjern framtid: Flytande møller på store djup langt til havs (teknologisk mest krevande og dyrast). 

Kort oppsummert: Flytande offshore vind er spennande, men vanskeleg og svindyrt, så vi har god tid. Denne måten å forstå verda på blir stadig gjentatt av norske politikarar, og ligg til grunn for Havenergilova Stortinget vedtok i vår. 

Røynslene med Hywind er oppsiktsvekkande. Det er slått sprekker i mytene om at flytande vindkraft skal vere så mykje meir teknologisk krevjande og kostnadsdrivande. På ni månaders prøvedrift har Hywind-mølla levert 5 GWh inn på nettet og hatt over 40% kapasitetsutnytting. Det er nesten ufattelig bra resultat for ei prototyp-mølle som er den første i sitt slag og strengt tatt ikkje er laga for full produksjon.

I tillegg har Hywind ført til knoppskyting av ny norsk teknologi på alle nivå. Måløy-bedrifta Brothers samarbeider med Statoil om å utvikle ein ny leider for trygg bording av møller frå båt (SeaBridge). Eit høgteknologisk servicefartøy for offshore vindmøller er nylig ferdigstilt i Måløy, og prøvekøyrt på Hywind for kort tid sidan. Det er berre to av mange eksempel (les meir om desse prosjekta og andre grøne teknologiprosjekt i Måløy her)

Kva følger bør så Hywind-suksessen ha for norsk energi- og næringspolitikk? Kort oppsummert: Kast på skraphaugen ideen om at vi skal gi oss "god tid" før vi satsar for fullt på flytande vindkraft. Gi jernet her og no. Ikkje i staden for  industrisatsinga som skjer på botnfast vindkraft, men i tillegg. Med Hywind kan Noreg ta leiarrolla globalt på ein fornybar- teknologi som kan bli storindustri om kort tid. 

Statoil er allereie i gang med å planlegge Hywind2: Ein liten/mellomstor park med fleire flytande møller og endå betre turbinar. Jobb nr 1 for norske styresmakter bør vere å gjere det som må til for at Hywind2 kjem i Noreg. Kom opp med areal, rammevilkår, teknologiske pakkeløysingar og industriallianser som gjer det kommersielt interessant å bygge Hywind2, Sway og andre konsept for flytande vind i Noreg. Ikkje la oss kaste korta på det tidspunktet teknologien er oppe og går, og overlate til skottar og amerikanarar å kommersialisere og industrialisere framtidas fornybarenergi. 

Hywind-prosjektet har laga eit vegkart der neste steg kan vere å kombinere bygging av ein mindre flytande vindpark med elektrifisering av petroleumsinstallasjonar. Nordlege Nordsjø, oljefelta utanfor Sogn og Fjordane, kan vere ein utmerka "testarena" for flytande offshore vindkraft kombinert med elektrifisering av petroleumsinstallasjonar - til relativt låg kostnad. Vegen kan også vere kortare enn mange trur til at storskala produksjon av flytande vindkraft i nordlege nordsjø kan bli kommersielt interessant som salsvare til europeiske marknader.

Statoil har kasta hansken med Hywind. Spørsmålet er om norske styresmakter er dei første som plukkar han opp. Dei neste 1-2 åra har vi ein unik sjanse til å gripe flytande offshore vindkraft som det neste store industrieventyret i Noreg. I Sogn og Fjordane er vi klare til innsats – dersom norsk fornybarpolitikk går frå prat til handling.

Alfred Bjørlo, dagleg leiar Måløy Vekst og styreleiar Vindkraftforum Sogn og Fjordane

Dette innlegget står på trykk i Bergens Tidende i dag, laurdag 11. november.

lørdag 4. desember 2010

Helsepolitikk i fri flyt

Eg er ikkje av dei som meiner alt på død og liv må vere som før, heller ikkje i helsepolitikken. Teknologiske mulegheiter endrar seg, kommunikasjonar endrar seg, folk sine behov, levealder og helse endrar seg. Helsevesenet må endre seg i takt med det. Det må også sjukehusaksjonistar land og strand rundt ta inn over seg.


Likevel er det for meg umulig å godta den parodien på ein endringsprosess vi dei siste åra har sett I Sogn og Fjordane i regi av Helse Førde og deira innhyra konsulentstab frå PriceWaterhouseCoopers (PWC). Ein prosess som denne veka kuliminerte med at styret I Helse Vest velsigna Helse Førde/PWC sin plan for å rasere dei helsefaglege miljøa innanfor somatikken i Nordfjord og Sogn, og la helseinstitusjonane her sitje att med noko ein må vere Tor Bremer for å kalle eit lokalsjukehus slik regjeringspartia lovde veljarane før valet i 2009 og Regjeringa deretter forplikta seg til i Soria Moria.
Mykje kan seiast om dette, og om kva framtidige konsekvensar det vil ha å bygge ned eit fag- og kompetansemiljø på nettopp det regionkommunenivået vi I framtida må bygge opp for å kunne handtere eldrebølgja utan at velferdsstaten skal knekke nakken. Det meste av dette sett frå ein Nordfjord-ståstad er allereie sagt på ein glimrande måte av  Ap-veteran Rune Mikael Hetle på hans private blogg, som du finn her
Uansett: No er Helse Førde/PWC sin strengt tatt uinteressante parodi-prosess ferdig. Det er først no det er alvor.  No ligg avgjerda om framtida for lokalsjukehusa I Sogn og Fjordane I Helseministeren og den raudgrøne Regjeringa sine hender. Då er det på tide å gå til aksjon.
Som eg og mange andre sa på folkemøtet om sjukehus i Operahuset på Eid i vinter: Sjukehussaka der den no står handlar ikkje om å levere ”flinke” svar i  Helse Førde sine parodiske høyringsrundar. Helse Førde og Helse Vest har for lengst bestemt seg for at sjukehuset på Eid skal fjernast bit for bit. Når vi no i veka på ein oppsiktsvekkande tydeleg måte fekk demonstrert det vi alle eigentleg visste, at styret og administrasjonen i Helse Vest ikkje ein gong veit kva reisetider vi snakkar om i den regionen dei vil legge ned fødetilbodet (og ikkje syns den manglande kunnskapen gjer så mykje heller anna enn at det var litt artig, sjekk her og her), så syner det at dette ikkje på noko tidspunkt har vore reelle prosessar med eit seriøst beslutningsgrunnlag.
Denne saka handlar kun om ein ting: Rå politisk makt. Det einaste som kan sikre framtida på sjukehuset på Eid no er om Ap, Sp og SV sine politikarar i Nordfjord – med Eid-ordførar, 1. vara til Stortinget og nestleiar i SFj Arbeiderparti Sonja Edvardsen i spissen – no i samla flokk set hardt mot hardt overfor sine parti sentralt. Haldningar av typen ”det er så kjekt å vere ordførar at det har eg tenkt å fortsette med uansett er ikkje lenger gangbar mynt dersom sjukehuset skal ha ei framtid.
La meg understreke, sidan mange kjenner meg som Venstre-mann, at eg med det ikkje meiner å seie at dei andre partia enn dei raudgrøne nødvendigvis er så mykje betre eller verre i å handtere sjukehussaka i Sogn og Fjordane på ein fornuftig måte. Det er ikkje kven som er best eller verst det handlar om, men om kven som bestemmer. Og det er det ingen tvil om: Det er Ap, Sp og SV som gjennom si fleirtalsregjering sit med all politisk makt nasjonalt, og dermed sit med nøkkelen til
a) Om Helseministeren godtar nedlegging av dagens lokalsjukehus på Eid
b) Om ein godtar Komiske Ali-argumentasjonen om at det som no skjer ikkje er ei nedlegging, og ikkje i strid med raudgrøne valløfte og SoriaMoria.

Eg meiner personleg at politikarane i Nordfjord – med sjukehusordførar Sonja Edvardsen i spissen – i samla flokk bør sette hardt mot hardt mot Helseministeren på følgande tre konkrete punkt. Det må vere eit samla krav at desse tre punkta må innfriast før det blir tatt endeleg stilling til framtidig sjukehusstruktur i Sogn og Fjordane  - og før det blir gjort noko ”snik-nedlegging” av til dømes fødeavdelinga på Eid:

1. Krevje eit heilskapleg samfunnsrekneskap for dei strukturendringane som no blir foreslått - gjennomført av ein instans som er uavhengig av Helse Førde
Dei einaste reknestykka eg har sett, er reknestykke på innsparingar i dei interne rekneskapa i Helse Førde/Helse Vest. Det går an å ha forståing for at styret i Helse Førde/Helse Vest konsenterer seg om dette, men for Storting og Regjering er det dei heilskaplege samfunnsmessige verknadene som er interessante. Slik eg ser det, vil denne storstilte sentraliseringa føre til store auka kostander for næringsliv og privatpersonar i heile regionen vår. Det vil til dømes bli enormt mykje meir tid som går vekk i reiser – det er kostnader Helse Førde no skyv over på folk og næringsliv i Nordfjord.

Kan Regjeringa godta at ei slik strukturendring blir gjennomført utan at dei samla samfunnsøkonomiske effektane ein gong er rekna på?

2. Krevje ei uavhengig risikoanalyse for medisinske pasientar og fødande i Nordfjord ved ei evt. nedlegging av fødeavdelinga i Nordfjord og ei dramatisk endring av det indremedisinske tilbodet
 Vi har dei siste månadene fått opp mange døme på fødslar i Nordfjord der ”akseptabel reisetid” til sjukehus har vore avgjerande. Eg klarer ikkje å sjå at dette er noko Helse Førde/PWC har gått i djupna på, og eg trur ikkje nokon i Nordfjord ser det slik at det er lagt fram fornuftig argumentasjon på korleis det nye fødetilbodet som no blir skissert kan gi like god tryggleik for dei fødande som dagens tilbod. All dokumentasjon frå Helse Førde – i den grad den finst - er farga av at dei har eit overordna mål om ein ny struktur som er gitt på førehand, og tilpassar argumentasjonen ut frå det.

Det minste Helseministeren må sørge for no, er at det blir gjort ei uavhengig risikoanalyse av konsekvensane for dei fødande og medisinske pasientar i Nordfjord ved den nye strukturen som blir forslått, samanlikna med dagens fødetilbod og medisinske organisering. Og det må gjerast før tilbodet evt blir nedlagt/ omstrukturert, ikkje etterpå.

3. Krevje ein uavhengig gjennomgang av Helse Førde sin arbeidsgivarpolitikk overfor sine tilsette på sjukehuset på Eid siste 5-10 år - til dømes i regi av Arbeidstilsynet
Eg trur alle som ser Helse Førde frå utsida, er sjokkert over den måten dei over tid har behandla sine tilsette på sjukehuset på Eid på. Det virkar som det er ei medviten, systematisk forskjellsbehandling av dei tilsette i Helse Førde avhengig av kvar dei har arbeidsstaden sin, med velsigning frå toppnivå i organisasjonen. Å bli utsett for ein langvarig nedbyggings-/nedleggingsprosess initiert av sin eigen arbeidsgivar er ei enorm belastning for kvar enkelt av dei tilsette som er involvert. Det virkar ikkje som Helse Førde i det heile tatt har sett i verk tiltak som skal ivareta dei tilsette på Eid i denne situasjonen. Dette ville ein t d ha forventa og krevd av ein kvar privat arbeidsgivar, liten eller stor, i tilsvarande situasjon.

At dette er eit reelt problem og ein systematisk ukultur i Helse Førde, vart med skremande tydelighet demonstrert i den ferske saka der Førde-overlege Rune Larsen gjekk ut med direkte kritikk mot kolleger på Eid si handtering av ei dødsulukke utan å kjenne heile saka, og utan at dette tilsyneltande har fått konsekvensar i ettertid eller på nokon måte handtert aktivt av Helse Førde som arbeidsgivar. Når ein slik framgangsmåte er blitt gangbar mynt i Helse Førde, er det for meg tydeleg at det no finst eit A-lag og eit B-lag av tilsette i Helse Førde, med velsigning frå høgste hold.

Dette er tre punkt eg meiner bør vere eit godt grunnlag for å setje hardt mot hardt frå dei raudgrøne politikarane i Nordfjord, med Eid-ordføraren i spissen, overfor Helseministeren og Regjeringa. Dersom ikkje Helseministeren og Regjeringa ein gong er villig til å gjennomføre denne type uavhengige gjennomgangar før ei så alvorleg beslutning som nedbygging av lokalsjukehuset på Eid blir fatta, så kan eg ikkje skjønne korleis det er mulig for Ap-ordførar Sonja Edvardsen eller nokon andre raudgrøne politikarar i Nordfjord å bli verande i sine verv og sine parti.

Mykje kan seiast om den tafatte haldninga Eid som vertskapskommune for sjukehuset og dei andre Nordfjordkommunane over lang tid har synt for å bygge sterk lagånd og felles slagkraft I Nordfjord-regionen, og som ein no har blitt straffa hardt for ved å vere eit lett bytte for PWC sine konsulentar og Helse Førde sine rapportbestillarar. Det skal eg kome tilbake til ved minst eitt anna høve.

Men det er enno ikkje for seint: Enno har dei raudgrøne politkarane I Nordfjord sjansen til å syne kva dei er laga av – og at folk i Nordfjord sitt ve og vel til sjuande og sist er det viktigaste. Det er no det avgjerande slaget står – dette er siste sjanse til å stoppe ein helsepolitikk I fri flyt mot ukjent mål. Den er i alle fall ikkje på veg mot SoriaMoria.


Dette innlegget er ein utvida versjon av eit intervju i Fjordabladet laurdag 4. desember. Eg vil sterkt oppmode alle som har mulighet til å møte opp på Noregs første digitale demonstrasjon til støtte for Nordfjord sjukehus i Måløy måndag 6. desember kl 16.