søndag 10. mars 2013

Vekeplan veke 11/2013


I år er det 100 år sidan norske kvinner fekk røysterett. Det skal vi ha ei symbolsk markering av i samband med kommunestyremøtet på torsdag, kor vi også skal ha mange andre saker på dagsorden og får besøk av leiar i styringsgruppa for "Utviklingsprosjekt Nordfjord sjukehus", Odd Søreide.

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

søndag 3. mars 2013

Vekeplan veke 10/2013


Ein stolt Hairspray-gjeng tek mot applaus etter søndagens matiné - 1.000 tilskodarar såg dei tre forestillingane i Operahuset Nordfjord i helga. Mange av kostymene er utlånt av Opera Nordfjord. Regissør/orkesterdirigent Michael Pavelich i svart smoking.

For ei helg! Tre dagar til ende har elevane ved Eid vidaregåande skule sett fyr på Operahuset Nordfjord. 

Ikkje bokstaveleg talt, men gjennom ei heidundrande, overveldande, gnistrande og storslått Noregs-premiere på musikalen Hairspray - i engelsk originalversjon. Heile 42 elevar opptrer på scena - mange av dei med sangprestasjonar av ei anna verd. Det er 17 beinhardt innkoreograferte dansenummer i forestillinga med opptil 40 dansarar på scena samtidig - kostymer, sminke, lyd og lys på eit nivå som ikkje står eit fnugg tilbake frå profesjonelle scener kvar det skulle vere. Alt takka vere det unike samarbeidet mellom Opera Nordfjord, profesjonelle dansarar og Eid vidaregåande skule - og elevar som heilt sidan august 2012 har øvd beinhardt fram mot helgas forestilling. 

Over 25% av dei nær 400 elevane på skulen har vore med og setje opp produksjonen - frå alle utdanningsprogram og årstrinn. Og ingen - absolutt ingen - er elevar som har valt musikk-, dans og drama som utdanningsløp. Skulen har ingen slike linjer, rett og slett. Nei, det er snakk om heilt "vanlege" elevar på heilt vanlege utdanningslinje - framtidige elektrikarar, møbelarbeidarar, legar, datafolk, salsmedarbeidarar, rekneskapsfolk og ingeniørar. Som går på ein heilt spesiell skule, på ein heilt spesiell stad. Som har fått ein unik sjanse i livet ved å gå på landets einaste vidaregåande skule med eige operahus og operaselskap - og som har gripe sjansen... 

Ikkje rart det fall nokre tårer både på scena og i salen etter premieren fredag kveld - underteikna blant dei..

Ein stolt rektor ved Eid vgs, Ove Bjørlo, saman med to av stjernene frå Hairspray: Motormouth Maybelle (Hanna Kvamme) og Edna Turnblad (Hege Anita Vereide - Eid vgs sitt svar på John Travolta i filmen med same namn)
Av rettighetsomsyn ligg ikkje forestillinga ute på nett, men ein del flotte foto ser du her. Eit videoklipp av leiar i opplæringsutvalet i fylket Norvall Nøringset sin flotte opningstale og nokre få smakebitar frå forestillinga ligg i tillegg ute på Youtube.

Uansett: Klar for ei ny veke, som også startar svært hyggeleg: Snorklipping for nyopninga av Statens Vegvesen sitt avdelingskontor og trafikkstasjon på Eid - eit moderne bygg som husar over 20 vegvesen-tilsette på Eid, og som no er klar for minst 10 nye år på Nordfjordeid. 

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

søndag 24. februar 2013

Vekeplan veke 9/2013


Legg med dette ut sei oversikt mine planer for veke 9/2013. Vekas høgdepunkt kjem nok fredag kveld: Premiere på Eid vgs sin nye skulemusikal, Hairspray, som i følgje rykta blir ei forrykande forestilling av vært høg kvalitet. Eid vgs har brote ny grunn med si satsing på skulemusikalar som ein integrert del av skulekvardagen for "vanlege" elevar innanfor ei brei rekke utdanningsprogram - meir om det seinare.

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

mandag 11. februar 2013

Vekeplan veke 7-8/2013


I skrivande stund har ei busslast full av nordfjordingar inntatt Oslo, for å gjere seg klar til tidenes første operaproduksjon i regi av Opera Nordfjord i Operahuset i Bjørvika: Tryllefløyten av Mozart.

Det er ei dristig og utruleg tøff satsing, som snur dei tradisjonelle rollene mellom by og bygd i norsk kulturliv på hovudet. Vanlegvis er det hovudstadsbaserte Riksteateret, KORK eller Nasjonalballetten som reiser rundt i distrikta og gir folk over heile landet teater, ballett og musikk av ypperste merke. No er det tvert i mot eit operaensemble i ei bygd med 6.000 innbyggarar som reiser til Oslo, leiger Operahuset i Bjørvika, og tilbyr hovudstaden opera av ypperste merke tre dagar til ende.


søndag 3. februar 2013

Vekeplan veke 6/2013


Etter fem dagar med utvalsarbeid på Svalbard, vart veke 5/2013 runda av på ypperleg vis i kveld med Ungdommens Kulturmønstring for Eid i Operahuset. Sunnmørsposten har allereie lagt ut på nett foto frå dei mange flotte scene- og kunstinnslaga. Ein ting er sikkert: Dets spirar og gror i kulturkommunen Eid!

Under ser du nokre av mine planer for veke 6/2013. Programmet spenner frå skulebesøk, frukostmøte med næringslivet, møte i Nordfjordrådet, strategisamling i KS og feiring av 100-årsjubilant.

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!