Årets 8. mai-arrangement var ei felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og den internasjonale Røde Kors-dagen. Vi hadde besøk av gjester frå det nederlandske forsvaret og frå Røde Kors i Colombia. Over 120 personar var samla til kransenedlegging på minnesmerket for dei som fall i andre verdskrigen, taler, musikk av Eid Musikklag og sosialt samvere etterpå. Ei flott markering av ein viktig dag!
----
Tale ved markeringa av Frigjeringsdagen, Veterandagen og den
internasjonale Røde Kors dagen på Nordfjordeid, 8. mai 2014
Alfred Bjørlo, ordførar i Eid