søndag 25. januar 2015

Vekeplan veke 5/2015

Verdsøkonomien er inne i svært turbulente tider, med mellom anna dramatiske prisvall på olje dei siste månadene. Det rammar Noreg på ein annan måte enn mange andre vestlege land, sidan vi er eitt av få land i den vestlege verda som baserer mykje av vår velstand på eksport av olje og gass. Fallande oljepris betyr dermed tapte inntekter på kort sikt - men kan samtidig gi startskotet til ei heilt nødvendig omlegging av norsk økonomi, samt betre rammevilkår for den delen av industrien vår som ikkje er "oljeavhengig".

Uansett: Vi står føre store omstillingar i åra som kjem - det vil berøre heile næringslivet vårt, og alle lokalsamfunn. Difor inviterer eg meg no på besøk til ca 20 av dei største bedriftene i Eid i løpet av januar/februar og ei rekke andre viktige aktørar i lokalsamfunnet (bankar, store statlege arbeidsplassar etc) for å "ta temperaturen" på utfordringane dei ser i tida framover, og diskutere kva vi kan gjere frå kommunen si side for å spele på lag med vårt lokale næringsliv. Eg hadde det fyrste besøket fredag sist veke, og vil ta slike besøk fortløpande i vekene framover.

Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

søndag 18. januar 2015

Vekeplan veke 4/2015

Skule, miljø og kommunereform. Det er stikkord for min del for veka vi no går inn i - veke 4 i 2015. Tysdag er det samling med tema "Den gode skuleeigar" i Førde, onsdag skal eg møte ungdomsskuleelevar på Eid for å snakke om yrkesval og torsdag er det møte i Formannskapet med både kommunereform og grøn finansforvalting som tema.

Vil du avtale ein prat med meg denne veka, er onsdag eller fredag dei beste dagane. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

søndag 11. januar 2015

Vekeplan veke 3/2015


"Nina" kom - men ikkje til oss. Ta ein kikk på biletet under: Det syner dei enorme naturkreftene som var i sving då ekstremvêret "Nina" traff norskekysten laurdag ettermiddag - og korleis vi i Nordfjord tilfeldigvis denne gongen låg i "stormens auge".

Klipp frå nettstaden "Windyty" laurdag 10/1 kl 15


tirsdag 6. januar 2015

Vekeplan veke 2/2015

Godt nytt år! Eitt av mine nyttårsforsett er å kome tilbake "på sporet" med å legge ut vekeplan ved starten av kvar veke. 

Vi går eit spennande år i møte. I Eid har vi uvanleg mange store utbyggings- og utviklingsprosjekt på gang, og vi har ny rådmann på plass no frå årsskiftet. Og så går vi sjølvsagt inn i eit valår - der vi i Eid også er så heldige å få prøve ut valdeltaking for 16- og 17-åringar som ei av 20 kommuner.


tirsdag 30. desember 2014

2015: 10 prosjekt som vil fornye Eid

Den som har begge beina på jorda, står stille”, skriv forfattaren Tor Åge Bringsværd.

Er det noko det ikkje vil gjere i Eid i 2015, er det å stå stille. Knapt nokon gong tidlegare vil fleire utbyggings- og utviklingsprosjekt pågå samtidig i Eid enn i året vi no går inn i.

Så ved inngangen til eit nytt år: Her er 10 prosjekt som vil fornye Eid - med det til felles at dei blir gjennomført heilt eller delvis i 2015.


Oversiktsfoto Eid (privat)