fredag 24. juni 2011

Møt opp i Malakoff!


Eid, Mai 1895
Tusenvis av unge karar frå Sunnmøre og Fjordane har nettopp inntatt Eid for tre intense månader med soldatliv på Noregs eldste ekersisplass. Heile bygda står på hovudet. Soldatar er innlosjert i kvar einaste hus. I Eidselva driv Jekteholekjerringane klesvask. Folk i bygda kan følgje med på skyteøvingar, militær drill, marsj og korpsmusikk frå morgon til kveld. Kvar søndag er det mønstring og parade med langt over tusen soldatar - og etterpå fest og moro. Eidajentene får møte tilreisande soldatar og offiserar i dansen. Det er elskhug og eksis.

Samtidig er det ein politisk nerve i Eida-samfunnet vi aldri har sett maken til. Kampen for lausriving frå Sverige og det reine norske flagget er i gang. Venstre-rørsla er i si stordomstid, med eldsjeler som slåst for målsak, folkestyre og eit samfunn med mindre klasseskilje. Eid har fått eiga lokalavis, eigne ungdomsblad og frilynde ungdomslag, frie frå kyrkja sin strenge kontroll og vaksen overstyring.

Eid, juni 2011
Alt som har skjedd i Noreg sidan, er prega av dei opprørske 1890-åra. Alt som har skjedd på Eid, er prega av det som her også var Holtermanns tid, obersten som førte Eid opp til dei store høgder som militær samlingsstad.

Til helga får du sjansen til å stige inn i ei tidsmaskin. Du vil då bli tatt med tilbake til Eid anno 17. mai 1895, til Elskhug og eksis. Du vil bli tatt med storm. Du får møte offiserane, dei unge rekruttane, dei vakre Eida-jentene, alle borna og opprørske ungdommar som braut med den gamle tida og innvarsla ei ny. Og ikkje minst: Du får oppleve Kjøsnesmusikken: Militærmusikken som var startskotet for 150 års samanhengande musikkhistorie på Eid, og som var lydsporet til både elskhug og eskis.

Min apell er enkel: Møt opp i Malakoff til helga. Set av to timar fredag, laurdag eller søndag til å få den fantastiske historia inn i ryggmargen - ei historie som bør vere felleseige for alle som bur i Eid og Nordfjord elles. Opne hjartet ditt for Elskhug og eksis.

Samuel Kjøsnes
Fanejunker

søndag 15. mai 2011

Statssekretær må gå av

Det er no avslørt at Statssekretær Tord Dale (Ap) i Helsedepartementet på eigen kjøl plantar "skitpakkar" der han hevdar at sjukehuset i Nordfjord har eit frynsete fagleg rykte. Tida no inne for at Dale trekker seg frå si stilling.

Det var NRK som i går avslørte at Tord Dale overfor lokale Senterparti-folk har kome med grove, feilaktige påstander om det faglege nivået på Nordfjord sjukehus.

Dette er ikkje første gong Ap-statssekretær Tord Dale driv med ureint spel for å undergrave posisjonen til Nordfjord Sjukehus. Han har tidlegare bløffa om reiseavstander i Nordfjord, om storleiken på "nedslagsfeltet" til Nordfjord sjukehus og kome med grove påstander om kysten av Nordfjord som ein "nedgangsregion" det ikkje er så farleg med i framtida.

Det ferskaste dømet på at Tord Dale driv som privatpraktiserande dommar over grunnleggande helsetilbod i Nordfjord, er at han vil at Nordfjord skal ha eit medisnisk akuttilbod utan anestesilege. Dette står i direkte motstrid både til Regjeringsvedtaket om at Nordfjord sjukehus skal ha eit medisinsk akuttilbod som i dag, og til alle faglege synspunkt på kva eit lokalsjukehus med akuttfunksjon må innehalde. Dale sitt solospel i denne saka er så alvorleg at Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete no vil ta Dale sitt private prosjekt for å undergrave Nordfjord sjukehus opp i Regjeringa.

Det er også kjent at Tord Dale har ringt opp lokale sjukehusaksjonistar og prøvd å overtale dei til å trekke seg frå den offentlege debatten. Det er sjølvsagt heilt uhørt av ein Statssekretær i eit ansvarleg fagdepartement.

Eid-ordførar Sonja Edvardsen, som også er nestleiar i Sogn og Fjordane Arbeiderparti, vart landskjent då ho nylig som møtande vara i Stortinget stemte for nedbygging av eige sjukehus. Den gongen la ho seg langflat for partipisken i Arbeiderpartiet, og "gjorde som ho skulle" i følgje Ap sine mektige menn i Oslo. Tør Sonja Edvardsen denne gongen heve stemma mot Ap-statssekretær Tord Dale sitt undergravingsprosjekt av Nordfjord sjukehus, og stille krav internt i Ap om at Tord Dale må gå av?

søndag 10. april 2011

Du veit ikkje kva du snakkar om, Jens

Sist veke skulda Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete lokale sjukehusaktivistar i Nordfjord for at dei "ikkje veit kva dei snakkar om", i kampen for å unngå rasering av sjukehustilbodet i Nordfjord (nedlegging av fødeavdeling og ortopediavdeling).

No slår denne påstanden attende på Regjeringa sjølv.

Både Statsministeren og Helseministeren har dei siste dagane påstått at "for de aller fleste i Nordfjord blir det kortere reiseveg til sykehus med Regjeringens opplegg" (intervju med NRK), og "mange i Nordfjord får faktisk kortere vei til sykehus med den omleggingen av fødetilbudet Regjeringen nå gjennomfører" (intervju med TV2).

Her ser du kartet som syner at Statsministeren og Helseministeren er riv ruskande ute på viddene:




• Av 30.000 innbyggarar i Nordfjord får 29.000 (97%) lenger reisetid til sjukehus med fødeavdeling
• Ca 15.000 får heile 1 time lenger reiseavstand enn i dag. Talet på folk som får meir enn 1 time reiseavstand til fødeavdeling aukar frå ca 3.000 til over 15.000 med den nye modellen. Enkelte får over 2 1/2 time reisetid til fødeavdeling.
• Kun 3% av innbyggarane i Nordfjord (1.000 personar i deler av Hornindal kommune) får kortare veg til sjukehus (5 minutt kortare)

Kartet er utarbeidd av InMedia, og er til fri bruk gitt kreditering InMedia. Du kan laste ned kartet til eige bruk, lese mine kommentarar til saka og hente ned tabell/oversikt over reisetider i Nordfjord her

Det kanskje aller mest skremmande er at dette er berre eit døme i rekka på faktafeil og forunderleg argumentasjon frå politisk leiing i Helsedepartementet etter at vedtaket om nedbygging av Nordfjord sjukehus vart gjort 1. april. Mellom anna har Statssekretær Tord Dale blitt spurt av NRK SFj om kvifor Regjeringa vil oppretthalde fødeavdeling ved Narvik sjukehus og legge ned fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus. Statssekretæren sitt svar var at du "kan ikkje samanlikne dei to tilfella, for i Narvik er det eit heilt anna befolkingsgrunnlag for å ha ei fødeavdeling". Kva som er fakta? Nedslagsfeltet til Narvik sjukehus er 26.000 innbyggarar. Nedslagsfeltet til Nordfjord sjukehus er 25-30.000 innbyggarar...

Kva skal vi eigentleg gjere når dei som fattar livsviktige beslutningar om framtid og helse for folk i Nordfjord har så lemfeldig omgang med sanninga, og så slett grunnlag for avgjerdene som blir fatta? Beklager Jens og Anne-Grete - men slikt skapar politikarforakt. No må de snarast rydde opp!

søndag 27. mars 2011

Sjukehus 2.0 for Sogn og Fjordane

Helse Førde sin modell for framtidas sjukehusvesen i Sogn og Fjordane, med ekstrem sentralisering av føde- og akuttilbod, står for fall. Det er på tide å tenkje Sjukehus 2.0 for Sogn og Fjordane.

Nylig gjorde Helse Nord eit prinsippvedtak om å ha eit desentralisert fødetilbod i Nord-Norge, fordi dei meiner det er viktig “..med en spesialisthelsetjeneste som yter alminnelige tjenester nært der folk bor”. (sitat Bjørn Kaldhol, styreleiar Helse Nord).

Vedtaket blir neppe overprøvd av Helsedepartementet. Dermed er det etter alt å døme også spikaren i kista for Helse Førde sin strategi for å legge ned alminnelege spesialisthelsetenester nært der folk bur i Sogn og Fjordane, slik at langt fleire enn i dag i fylket får opp til tre timars reisetid til føde- og akuttilbod. Sjølv Statsminister Jens Stoltenberg trekte nylig fram kor viktig det er med kort reisetid til føde- og akuttfunksjonar, ved å skryte av at over 90% av Norges befolkning no bur mindre enn 1 time frå føde- og akuttilbod (Morgenbladet nr 3/2011, s 3). Dette er eit syn han deler med eit stort fleirtal av folk i Noreg, jmf ferske tal lagt fram av NRK i går

Slaget er nok tapt for Helse Førde-direktør Jon Bolstad og hans hoff. Eg kan aldri tenke meg at Regjeringa kan leve med å ha éin helsepolitikk for Nord-Noreg og ein heilt annan helsepolitikk for Vest-Noreg i så grunnleggande spørsmål.

Så er spørsmålet kva vi gjer i staden. Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde har heilt rett når ho seier at det må takast grep i spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane. Det er store utfordringar med økonomi, rekruttering og framtidig kvalitet vi ikkje kan sitje stille å sjå på. Eg har stor respekt for kor tydeleg styreleiar Clara Øberg har vore på dette. Det er ikkje mykje gale med diagnosen ho og styret dreg opp. Problemet er den einsidige og feilaktige medisinen dei til no har fått foreskreve frå eigen administrasjon.

No blir Jon Bolstad sin medisin snart tømt i vasken av Regjeringa. Som ein godt betalt og møblert toppleiar som har investert all si prestisje i modellen som no blir forkasta, reknar eg med at han raskt trekkjer den naturlege konsekvensen av det. Då er det mulig å tenke ope og nytt om framtidas spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane. Eg skal ikkje hevde å ha alle svara, men vil i alle fall dra opp nokre idéar og prinsipp eg meiner Helse Førde-styret no må ta tak i.

1. Offensiv strategi for rekruttering
Nord-Noreg og Sogn og Fjordane har ei felles utfordring med å rekruttere kvalifisert personell til sjukehusa, særleg legespesialistar. Det er likevel store skilnader på korleis helseforetaka tilnærmar seg utfordringa. Helse Førde har til no valt taktikken “tilbaketrekking og skremming”. Jon Bolstad vil bygge ned desentraliserte medisinske fagmiljø rundt om i fylket slik at det berre blir eitt middels stort fagmiljø att (Førde). Så går ein ut med skremselsretorikk i media om at fagmiljøa elles i fylket står for fall, er fagleg svake og "døyande respiratorpasientar". Den perfekte sirkelargumentasjon, det perfekte sjølvoppfyllande profeti.

Kva gjer ein i Helse Nord? Når Helse Nord no blinkar ut at dei ønskjer desentraliserte fødetilbod, seier styreleiaren følgande om korleis dei skal får det til: "Nå skal vi ytterligere intensivere arbeidet med å utdanne og rekruttere de fagfolkene vi trenger, Vi må ta lærdom av erfaringene fra rekrutteringsprosjektet i psykisk helsevern. Universitetssykehuset Nord-Norge Tromsø og Nordlandssykehuset Bodø vil ha en svært viktig rolle for å utdanne nye spesialister til landsdelen"

Med andre ord: Ein offensiv strategi for å møte framtida, framfor ein passiv. Og det virkar! Det er ein slik offensiv strategi som har gjort det mulig til dømes å bygge opp eit framifrå, fagleg spissa ortopedisk fagmiljø ved Nordfjord sjukehus, utan rekrutteringsproblem. Same type tenking har gjort det mulig å bygge opp Nordfjord Psykiatrisenter til eitt av dei mest innovative og fagleg kompetente psykiatrisentra i landet, utan rekrutteringsproblem for legespesialistar innanfor psykiatri. Og - for å ta eit sidespor - det er same type offensiv tenking som har gjort det mulig å bygge opp Lotteritilsynet i Førde, DiFi på Hermansverk, dei raskt veksande teknologiske fagmiljøa i næringslivet i Måløy osv.

Er du god, kjem dei beste, uansett om du har postadresse Førde eller ikkje.

Så utfordringa går til styret i Helse Førde: Snu om på heile dykkar tenking om rekruttering: Bruk røynslene frå fagmiljø som har fått det til. Legg frå dykk den gammaldagse forestillinga om at alt anna i Sogn og Fjordane enn Førde er ei øydemark som legespesialistar i beste fall kan tore seg ut i på dagsturar frå Base Camp ved Sentralsjukehuset.

2. Lokalsjukehusa som "nav" for samhandlingsreformen
Få, om nokon, veit nøyaktig kva samhandlingsreformen er eller korleis den skal rullast ut. Det vi veit, er at han betyr ei massiv overføring av helseoppgåver og helseansvar ned til kommunane - og at han er rett rundt hjørnet.

Dagens lokalsjukehus med akuttfunksjonar, slikt det t d er i Nordfjord, kan i staden for å slaktast, byggast opp til å bli det perfekte nav for gjennomføring av ei vellukka samhandlingsreform. Dagens kommunar er for små og har for lite kompetanse til sjølve å overta oppgåver i stor stil frå staten. Å ha eit fagleg sterkt helsemiljø med akuttfunksjonar i nærleiken, vil gjere det mykje lettare for kommunene å t d ta på seg krevjande, langvarig rehabilitering av gamle pasientar. Vi treng fleire legar innanfor geriatri/sjukeheimsmedisin. Desse, og alle andre typar legar i kommunehelsetensta, blir langt lettare å rekruttere med eit velfungerande lokalsjukehus med akuttfunksjonar som nav for kommunane. Eid Venstre har nylig utfordra Nordfjord-kommunane til å ta tak i dette i samarbeid med Helse Førde

Eit slikt samarbeid vil også kunne kutte kostnader, ved at ein unngår svindyre pleiedøgn for pasientar ved store sjukehus langt borte frå heimstaden.

Men dette krev at lokasjukehusmiljøa blir gjenreist som sjølvstendige, samla fagmiljø med heilskapleg ansvar for økonomi, rekruttering og fagleg utvikling. Fragmenteringa i ein "klinikkstruktur" der alt blir styrt via eit utal kommandolinjer frå Førde, må stoppast slik eg har skrive om i eit tidlegare blogginnlegg.

3. Samarbeid universitetssjukehus/lokalsjukehus
Hordaland Venstre la nylig fram spenstige tankar om sjukehusorganisering som også kan vere verdt å vurdere i Sogn og Fjordane. Kort fortalt foreslår dei m a at universitetssjukehusa skal ha eit fadderansvar overfor lokalsjukehusa, og plassere ut eigna sentraliserte funksjonar til lokalsjukehus. Det vil bidra til ei nødvendig avlasting av universitetssjukehusa og samtidig sikre sterke fagmiljø ved kvart enkelt lokalsjukehus. Det må óg leggast til rette for godt utdanningstilbod ved lokalsjukehusa, og utvikling av relevante forskingsmiljø. Les heile utspelet frå Hordaland Venstre her.

4. Bryt ned regiongrensene
Deler av Sogn har kortare reisetid til Voss/Bergen enn til Førde. Det blir stadig kortare avstandar mellom Nordfjord sjukehus og sjukehusa i Volda og Ålesund (som ligg i Helse Møre/Helse Midt, ikkje i Helse Førde/Helse Vest).

Eg trur det er mykje å hente på t d eit nærare samarbeid mellom sjukehusa i Nordfjord og på Sunnmøre, til pasientane sitt beste. Det er svært viktig at strukturane i helsevesenet ikkje blir laga ut frå kva som er best for Helse Førde eller Helse Vest, men ut frå kva som tener pasientane og folk i fylket best. Samarbeid og samordning er like viktig på tvers av regiongrenser som innanfor. Folk først.

Dette må takast på alvor og samordnast på ein heilt annan måte enn til no, i eit framtidig Sjukehus 2.0 for Sogn og Fjordane. At det også ligg effektiviserings- og innsparingsgevinstar i dette, er heva over tvil.

5. Gravlegg Helse Førde?
Heilt til slutt - viss ein skal ta omgrepet "Sjukehus 2.0" på alvor - må det også vere lov å stille spørsmål ved om ikkje tida er inne til å gravlegge namnet "Helse Førde". Eit namn gir assosiasjonar, og kan til og med vere med å styre retning og innhald.

Helseregionen skal tene interessene til heile Sogn og Fjordane. Det vi alle eigentleg ønskjer er eit "Helse Sogn og Fjordane", ikkje eit "Helse Førde". Når "Førde" no er i ferd med å bli eit skjellsord i Nordfjord på grunn av prosessane og konklusjonane Helse Førde sin topptunge administrasjon har trekt, er ikkje det bra for nokon, og djupt urettvist mot folk og bedrifter elles i Førde, samt mot dei tilsette flest ved Sentralsjukehuset.

Når vi no truleg får eit skifte i toppleiinga i Helse Førde, er kanskje tida inne for å byrje på nytt. "Helse Førde" kan gå over i historiebøkene. Fram kan kome eit nytt "Helse Sogn og Fjordane", med eit nytt namn og eit nytt innhald, der ein samarbeider på like fot over heile fylket, toppadministrasjonen ikkje ligg i skyttergravskrig med eigne tilsette og fagmiljø rundt om i fylket, og ein set seg nokre felles mål for framtida bygd på gjensidig respekt. Det vil ikkje kome over natta, men arbeidet må byrje no. Alternativet er at Sogn og Fjordane raknar som helseregion.
Det treng ikkje nødvendigvis vere den største ulukka som kan skje, men det må gå an å gjere eit seriøst forsøk på å unngå det. Loddet er kasta.

tirsdag 22. februar 2011

Motorveg i Måløy



I dag går startskotet for eit prosjekt vi i næringslivsmiljøet i Måløy har jobba med i snart tre år: Utbygging av eit samanhengande fibernett for næringslivet i Vågsøy, eigd lokalt av kommune og næringsliv. Kort sagt: I 2011 blir det bygd motorveg i Måløy.

I mai skal fibernettet stå ferdig. Då er minst 30 bedrifter – truleg langt fleire – knytt saman på ein felles ”digital motorvei” med i praksis ubegrensa kapasitet.

Kostnaden er på ca 4 mill kr – finansiert i spleiselag mellom bedriftene, Vågsøy kommune og fylket/Kommunal- og regionaldepartementet. Takka vere godt samarbeid med kommunen og ”Kommunenett Nordfjord”, som knyter Vågsøy saman med resten av Nordfjord i felles fiberinfrastruktur, vil vårt nye nett henge saman og gi tilgang til påkobling med andre nett i ein vid region rundt oss.

Kvifor vi gjer dette? Fordi dagens sterke næringslivsmiljø i Vågsøy, som du kan lese meir om f eks her og her, treng det. Og ikkje minst: Fordi våre vekstplaner for framtida krev det endå meir.

Vi har tatt mål av oss om at næringslivet i Måløy skal vere i nasjonal elitedivisjon. Det skal være lett for teknologikrevande bedrifter i vårt næringslivsmiljø å utveksle informasjon og data utan kapasitetsavgrensingar – både internt i Måløy og med kundar og samarbeidspartnarar utanfor. Salsbedrifter i Måløy med globale nettverk (Norway Pelagic, Coast, Marine Harvest, Domstein og mange fleire) skal ha mest mulig opne linjer til kundar og samarbeidspartnarar overalt i verda – som også opnar for storskala bruk av video og andre framtidige behov.

Og ikkje minst: Vi er i ferd med å innleie tette FoU-samarbeid med mellom anna NTNU-miljøet i Trondheim og det maritime miljøet på Søre Sunnmøre (Ulstein, RollsRoyce m fl). Også her må motorvegen mellom oss vere på plass – til ein konkurransedyktig pris for dei som skal bruke han.

Måten vi har organisert fibernettubygginga på – og som er relativt unik for Måløy/Vågsøy – gjer det mulig for næringslivet i Vågsøy å gå ut i marknaden for internettaksess og andre tenester på nettet som éin kunde.

Dermed kan næringslivet i Vågsøy om kort tid bli fylkets største ”breibandskunde”. Det gir mulighetar for å skaffe bedriftene breibandstenester til svært konkurransedyktige prisar. Noko som betyr mykje for eit stadig meir teknologisk avansert og ”bandbredde-intensivt” næringsliv.

Sogn og Fjordane har lenge hengt etter dei andre Vestlandsfylka i utvikling og vekstkraft. Vi har med rette fått eit stempel som ”annleisfylket”. Eg er overtydd om at det er ei utvikling som med relativt lette grep kan brytast. Sterke, offensive næringslivsmiljø på kysten har vore drivaren for vekst i dei andre Vestlandsfylka. Det er nøkkelen til vekst også i Sogn og Fjordane, og det krev at vi bygger opp moderne infrastruktur som gjer våre vekstsentra på kysten konkurransedyktige.

I så måte er den nye motorvegen i Måløy eit viktig steg på vegen. Framtida vil syne kor langt den vegen vil føre oss

Kva eit fibernett er? Det kan du lese om her (for ordens skuld: Vi har ingen tilknytning til selskapet Norsk Fibernett, men heimesida deira gir ei god forklaring på kva fibernett er)

Link til pressemelding om fiberutbygginga i Måløy finn du her