fredag 14. januar 2011

Galskap sett i system

Innlegget du les under er skrive 11-12/1, og sto på trykk i fire aviser i Sogn og Fjordane 14-15/1. Den 14-16/1 har to nye saker dukka opp som forsterkar ytterligare hovudpoenget i innlegget: At Helse Førde er galskap sett i system.

Det gjeld for det første sak på NRK Sogn og Fjordane den 14/1 om den ferdigbygde rusposten på Eid, eit bygg på 23 mill kr som står ubrukt. Til no har Helse Førdes fremste "salsargument" for rasering av føde- og akuttilbodet i Nordfjord vore at dette automatisk ville utløyse oppstart av drift ved den nye rusposten. No syner det seg at dette har vore rein bløff: Helse Førde har ikkje ein gong starta å planlegge innhaldet i den nye rusposten, og oppstarten ligg minst to år fram i tid, truleg meir! Dette er rett og slett ei hån mot den mest sårbare av alle pasientgruppene i fylket, som Helse Førde til alt overmål har skyvd framfor seg for å samle støtte til nedlegging av føde- og akuttilbod.

Det gjeld for det andre Bergens Tidende sine avsløringar i nyhetssaker 15/1 og 16/1 om at sentralisering av fødetilbod fører til ein sterk auke i tal på fødslar utanfor institusjon, stikk i strid med det Helse Førde påstår. Og endå meir oppsiktsvekkande: Kvinner som føder utanfor institusjon (f eks i privatbil/drosje på ein 3 1/2 timers køyretur til næraste fødeavdeling), har ikkje noko juridisk vern, og må sjølve ta ansvaret dersom noko skulle gå gale! Med andre ord: Sentraliseringa av fødetilbod er ein effektiv måte for Helse Førde å skyve risiko over til fødande kvinner på, og dermed kutte kostnader og eigen økonomisk risiko for helseforetaket. Så kynisk at ein knapt kan tru det er sant. Galskap sett i system.

Den 17/1 samlar Fylkestinget i Sogn og Fjordane seg for å gi si innstilling om desse spørsmåla til Nasjonal Helseplan. Då får vi sjå kva som veg tyngst: Omsynet til innbyggarane i fylket, eller å sikre prestisjen til styre og direktørar i Helse Førde. Vi er mange som kjem til å følgje med.


-----
I farsen rundt Helse Førde er det lite som overraskar lenger. Mange av dei små bitane som til saman utgjer Helse Førde sitt puslespel for å undergrave lokalsjukehusa, går oss truleg hus forbi.

Sist fredag høyrde vi på NRK Sogn og Fjordane om éin av desse små bitane: All oppvarma mat til pasientar i heile fylket skal frå februar lagast i Førde, vakuumpakkast, frysast og så køyrast rundt omkring i fylket hundrevis av kilometer kvar einaste dag med bil. Kvifor? Direktøren for Internservice (!) i Helse Førde hadde svaret klart: Pasientane får byta ut fersk, kortreist mat med nedfrosne, langkøyrte feltrasjonar for at Helse Førde skal kunne ”..dokumentere hvilke næringsstoffer som er i maten. Nå har vi en oppskrift på maten vi kan gå tilbake til dersom noe skulle gå feil.” Med andre ord: Frå no av får kanskje pasientane skralare mat, men Helse Førde kan i alle fall dokumentere i ettertid kva dei kreperte av. Kva slags for ålmenta ukjente matforgiftingsskandaler ved sjukehusa på Eid og i Lærdal dette botnar i veit eg diverre ikkje. Noko får vi vel gå ut frå at det er, sidan det å lage mat etter oppskrift tydelegvis er for komplisert til at ein klarer det andre stader enn i Førde.

Eit anna døme er framlegget om å legge ned det ortopediske fagmiljøet på Nordfjordeid, bygd opp stein på stein over 30-40 år som eitt av Norges leiande på sitt område, med unik kompetanse, omfattande kurs- og opplæringsverksemd og utan rekrutterings-problem. På dette området innrømma sjølv Helse Førdes infosjef Arne Eithun på eit møte med ein Venstre-delegasjon frå Eid og Vågsøy sist veke at det ikkje låg noko fagleg grunngjeving bak ”slaktinga” av fagmiljøet på Eid. Men som han til slutt sette ein strek for diskusjonen med: ”Hovudpoenget er uansett at det skal til Førde”. Case closed og plusspoeng for ærleg svar til hr Eithun, mannen med fylkets minst misunningsverdige jobb: Å freiste å gje Helse Førde eit truverdig andlet.

Helse Førde er i dag ein organisasjon rigga for å slakte lokalsjukehus – og gjer det bit for bit utan å vente på politiske avgjerder. Det klarer dei ved å ha organisert seg i ein såkalla ”klinikkstruktur”, noko som betyr at det til dømes på Nordfjordeid sit eit helsefagleg kompetansemiljø på fleire hundre høgt utdanna menneske utan noko leiing eller fellesfunksjonar som bind dei saman. For Helse Førde finst det i praksis ikkje noko helsefagleg miljø i Nordfjord, berre ei rekke små, isolerte undereiningar av respektive hovudeiningar lokalisert i Førde, der alle avgjerder blir tatt og direktiva kjem meir eller mindre førehandsvarsla pr epost. I eit slikt system kan du i ro og mak flytte fokus og ressursar internt innanfor kvar klinikkeining bort frå lokalsjukehusa, utan at nokon frå utsida kan kontrollere eller stoppe det.

Behandlar du menneske i ei moderne kunnskapsbedrift slik – ei bedrift der verdiane stort sett er hendene og hovuda til dei som jobbar der? Ja, du gjer det. Du gjer det dersom du har ein plan i bakhand om å undergrave miljøet over tid, og få det til å fungere så dårleg at du i neste omgang kan dra fram trumfkortet ”kvalitet” som argument for svekke det ytterlegare.

Helse Førde er ein slik galskap sett i system. Det er i alle fall min påstand. Eg utfordra sist veke informasjonssjefen i Helse Førde til i det minste å gjennomføre ein uavhengig arbeidsmiljøundersøking blant dei tilsette i foretaket, for å få opp i dagen den enorme frustrasjonen over eigen arbeidssituasjon eg trur mange hundre menneske rundt om på helseinstitusjonane i fylket kjenner. Eg trur ei slik undersøking ville avdekka eit bilete ingen av oss ville ha likt å sjå. Samtidig: Ingenting ville gle meg meir enn om det var feil, og nokon utanfrå kunne dokumentere det svart på kvitt.

Svaret får vi nok aldri. Ei slik arbeidsmiljøundersøking på Nordfjord største kompetansearbeidsplass var ikkje av interesse for Helse Førde. Eg har ein stygg mistanke om at fleirtalet av fylkespolitikarane våre ikkje er så interesserte i det heller. Då er det kjekkare å samle seg på strategimøte i Førde der ein kan raljere over dei plagsame nordfjordingane som er fæle med dei stakkars direktørane i Helse Førde, utan at media og ordførarar i Nordfjord er invitert til å vere til stades.

Eg er skremd av Helse Førde. Det innrømmer eg ope. Eg har aldri sett noko liknande. Aldri sett større intern arroganse i eit system og mindre vilje til å ”vise korta” og gå i reell dialog med dei mange som ikkje skjønar kva som skjer i det stadig tettare direktør-befolka foretaksapparatet, eller korleis to timar lengre køyretid til akuttilbod og fødeavdeling skal gi ein tryggare kvardag utan å legge fram eit einaste konkret argument for at det er sant.

Eg veit heller ikkje om eg skal le eller gråte av eit styre med styremedlemmer som verken er fugl eller fisk. Ikkje er dei plukka ut på grunnlag av faglege kvalifikasjonar, og ikkje står dei til ansvar for partia som har peika dei ut. På toppen av alt ser dei ut til å vere heilag overtydde om at all helsefagleg og teknologisk utvikling automatisk er eit argument for at meir må skje i Førde, og at lukka i livet å vere direktør Bolstad sine fotsoldatar i striden mot folket i Nordfjord og Indre Sogn.

Dersom Fylkestinget neste veke gir si velsigning til dei modellane Helse Førde no styrer fylket etter, utan skikkelege risikoanalyser eller makroøkonomiske reknestykke i botn, ber dei eit stort ansvar på sine skuldrar. Svært mange av oss har gitt opp Helse Førde for lenge sidan. Mange eg snakkar med er også i ferd med å gi opp tilliten til heile det politiske systemet. Akkurat det må sjølv Helse Førde og direktør Bolstad sine mest blåøygde forsvarar i det politiske miljøet ta inn over seg. Hovmod står for fall.

1 kommentar:

  1. Hei Alfred,
    og takk for grei oppsummering. Mykje av dette har også eg hevda.
    Men eg vil legge til ein ting.
    Høgskulen i S. og Fj. var nyleg fram på om at dei vil ha universitets-status. Det spørst om ikkje mykje av det som foregår no, er ein del av eit slikt opplegg, der Førde og Sogndal har funne kvar andre.
    Ein av grunnane til at H.F. ville flytte ortopedi frå Eid til Førde, var at legane der trengde meir treninig. Og skal miljøet på Sentralsjukehuset bli stort nok til spesialist-utdanning, så må vel det meste dit. Forskning og patologi i Førde, trur eg også er ein del av dette. Og ser ein på Helse Førde sine vidare planer, med at alle skal tilsettast på Sentralsjukehuset, og reise ut der i frå, for å drive prakses og opplæring på distrikts-medisinske senter, så er vel dette også godt tilpassa.
    At Høgskulen og H.F. har vyer, og vil drive universitet er heilt o.k. for meg.
    -- MEN, det går ut over for mange i dette distrikts-fylket. Geografi, klima, avstandar, kominikasjonar og spredd busetnad med mange eldre, er ikkje tilpassa eit slikt opplegg.

    Helsing Egil Melvær

    SvarSlett