mandag 26. mars 2012

Flyktningar i Eid: Svar til Dag og Tid

Dag og Tid trykte 23/3 ein artikkel om Eid kommune og mottak av flyktningar, skriven i velkjent elegant polemisk stil av Jon Hustad. I artikkelen framstår Eid som ei kommune der eit fleirtal er negativt innstilt til flyktningar og asylsøkarar, og Ap er dei ”kvite riddarane” som vil noko anna. Nettversjonen av artikkelen blir no blir ivrig spunnen i sosiale media av Ap sitt velsmurte propagandaapparat, i ein dagsaktuell situasjon der Ap har desperat trong for å leie merksemda bort frå eiga regjering sin knallharde asylpolitikk.

Artikkelen skildrar ein røyndom eg ikkje kjenner meg att i. Nylig avgått Ap-ordførar Edvardsen har hatt seks år på å utforme Eid kommune sin flyktningepolitikk. Ho må stå fritt til å meine at den ikkje er god nok så snart ho sjølv har gått av, ved plutseleg å lansere eit ”benkeframlegg” på eit kommunestyremøte ho ikkje har lufta i nokon samanheng tidlegare. Men spesielt konstruktivt er det ikkje, sjølv om eg tek det som eit hyggeleg kompliment at avgåande Ap-ordførar legg lista høgare for ein nyvald Venstre-ordførar enn for seg sjølv i flyktningepolitikken. Det er ei utfordring eg meir enn gjerne tek.

Eid kommune har tatt mot flyktningar sidan 1987. Totalt har Eid kommune med 5.900 innbyggjarar (ca 0,1% av folketalet i Noreg), tatt mot 230 flyktningar. I periodar har Eid også hatt asylmottak. Dei siste åra har Eid kommune – under Ap-ordførar Edvardsen si leiing - hatt ein langsiktig strategi på mottak av ca 10 flyktningar pr år og bygd opp mottaksapparatet ut frå det. Nokon år litt fleire (i 2011 var det 15), nokon år litt færre. Strategien har vore at vi skal ha eit skikkeleg apparat klart for å ta mot alle som kjem til oss.

Pr i dag er det ca 60 busette flyktningar i Eid. Ca halvparten er born. Dei fleste er frå Somalia, Eritrea, Burundi og Afghanistan. I tillegg har Eid vidaregåande skule ei eiga introduksjonsklasse for ungdom med flyktning- og innvandrarbakgrunn for heile regionen rundt oss.

Eid har lagt særleg vekt på å styrke ressursane i grunnskulen til å ta mot born og ungdom med flyktningbakgrunn. Det har alt å døme vore vellukka. Etter ønskje frå IMDI har vi også ”vridd” mottaket i retning fleire einslege mindreårige asylsøkjarar, i praksis 15-17 år gamle gutar. Vi har dei siste tre åra tatt mot ni einslige mindreårige asylsøkjarar. Vi vil i 2012 ta imot ytterlegare tre av dei samla sett 400 einslege mindreårige asylsøkjarane som er venta til Noreg, slik IMDI har bedt oss om.

Einslege mindreårige asylsøkjarar krev særleg tett oppfølgjing. Vi har etablert eit omfattande apparat rundt ungdommane i form av ekstra barnevernsressurar, miljøteraputar med meir. Eg opplever det som om Eid har lukkast med å få ungdomane integrert i lokalsamfunnet. IMDI sitt ønskje om at vi skal ta imot fleire i 2012 er eit prov på det.

For å huse flyktningane driv Eid kommune omfattande leige, kjøp og bygging/ombygging av bustader. I dag har kommunen 28 bustader til bruk for flyktningar,. I 2012 vil vi tilrettelegge fleire. Det vi ikkje gjer, er å drive ”kjøpsspekulasjon” i bustadmarknaden utan å ha nødvendige andre ressursar til å følgje opp dei som kjem, sjølv om dette isolert sett kanskje kunne vore ei inntektskjelde for kommunen med statlege refusjonssystem.

Dag og Tid omtaler Eid som eit ”utstillingsvindu” for Venstre. Det er hyggeleg, men eg vil minne om at det enno er berre nokre månader sidan valet. Sjølv eit liberalt paradis blir ikkje skapt over natta.

Eg ser det som svært truleg at Eid kommune med Venstre-ordførar og eit sterkt Venstre dei komande fire åra kjem til å auke innsatsen for å hjelpe flyktningar, samanlikna med dei seks åra vi har bak oss med Ap-ordførar. Men då skal vi gjere det ut frå ein gjennomarbeidd strategi, og vite at vi har ressursar i alle ledd til å følgje opp dei som kjem. Det er eit prinsipp eg ikkje vil rokke ved, av respekt for dei vi skal ta mot.

Eg kjem aldri til å vere med på at flyktningepolitikken skal utformast gjennom benkeforslag og ”talleik” i eit kommunestyremøte. Vi skal ha ein plan for det vi gjer først. Så skal vi gjere det.

Så eg kan love Jon Hustad og Dag og Tid sine lesarar at vi skal bidra til å syne at Venstre sin flyktningepolitikk på nasjonalt nivå ikkje berre er teori, men også praksis. Eg forstår godt at Ap no må ta grep for å framstå som mindre inhumane i asylpolitikken. Eg vil likevel tilrå at det grepet Ap tek er å endre asylpolitikken, til dømes ved å stoppe utkastinga av uskuldige born som har budd lenge i landet.

I lengda slepp ein ikkje unna berre med å drive symbolpolitikk frå talarstolen på lokalplanet som kan”spinnast” av partiet sitt PR-apparat på Youngstorget. Det blir lite humanitet av slikt, både i teori og praksis.


Alfred Bjørlo (V)

Ordførar i Eid

søndag 25. mars 2012

Vekeplan veke 13-14

Her finn du ei grov oversikt over mine planar for dei to neste vekene (inkludert påskeveka). Du er velkomen til å besøke meg på kontoret, men avtal helst på førehand pr mail eller sms sidan eg er mykje på farten. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 26. mars

Møte i Nordfjordrådet, Eid. Innkalling og sakliste finn du her

Tysdag 27. mars

Styremøte Nordfjord Vekst, Måløy

Onsdag 29. mars

Møte i Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt Hovudutval for opplæring. Sakliste og sakspapir finn du her.

Torsdag 30. mars

NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse - deltaking i panel om samarbeid kommune/næringsliv.

Generalforsamling Nordfjordkryssing AS.

Denne dagen er det også kommunestyremøte i Eid. Møtet vil bli leia av varaordførar Gunvald Ludvigsen. Innkalling og førebels sakliste finn du her.

Fredag 30. mars

På kontoret

Søndag 1. april

Opning av separatutstilling av kunstnaren Øyvind Botn i Gamlebanken, Eid (kl 16).

Måndag 2. april

På kontoret

Tysdag 3. april

Påsketreff i Operahuset Nordfjord. Meld deg på!!

Onsdag 4. april - måndag 9. april

Påskeferie

søndag 18. mars 2012

Vekeplan veke 12

Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret, men avtal helst på førehand pr mail eller sms sidan eg er mykje på farten. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 19. mars

Diverse møte i Oslo om grøn datalagring

Tysdag 20. mars

Presentasjon og befaring på Harpefossen Skisenter

Møte om SLT-samarbeid i Eid (rus- og kriminilaitetsforebygging)

Onsdag 21. mars

Førebuingar til Formannskapsmøte. Orientering om pågåande utviklingsprosjekt knytt til Nordfjord sjukehus.

Torsdag 22. mars

Formannskapsmøte. Startar med bedriftsbesøk på Norgesvinduet Bjørlo kl 11. Felles arbeidsmøte med Driftsutvalet kl 12-14 om nytt omsorgssenter. Ordinært formannskapsmøte kl 14, som blir innleia med orientering frå Statnett om arbeidet med 420 kV-linja gjennom Eid, som snart startar opp.

Fredag 23. mars

Frukostmøte med næringslivet

Helsing til Folkeakademiet sitt årsmøte

Laurdag/søndag 24-25. mars

Samling for Venstre sine folkevalde i Bergen

søndag 11. mars 2012

Vekeplan veke 11

Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret, men avtal helst på førehand pr mail eller sms sidan eg er mykje på farten. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 12. mars

Møte med Eid vidaregåande skule

Møte med elevrådet på Nordfjordeid skule

Møte i Eid eldreråd (om nytt omsorgssenter)

Tysdag 13. mars

Kontordag. Mellom anna førebuing av saker til Nordfjordrådet

Onsdag 14. mars

Kontordag. Førebuing av formannskapsmøte og arbeid med planstrategi for Eid kommune

Torsdag 15. mars

Bedriftsbesøk

Fredag 16. mars

Møte i Stamvegutvalet (Førde)

Premiere på Les Miserables på Operahuset Nordfjord (skulemusikal for Eid vgs)

søndag 4. mars 2012

Vekeplan veke 10

Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret, men avtal helst på førehand pr mail eller sms sidan eg er mykje på farten. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 5. mars

Fagdag for nye folkevalde i regi av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (på Eid).

Fellesmøte med Eid ungdomsskule og Eid vidaregåande skule om nytt samarbeidsprosjekt for elevar i ungdomsskulen

Tysdag 6. mars

Folkemøte "Vårt Eid" i samband med at vi startar opp arbeidet med ny kommuneplan.

Onsdag 7. mars

Opning av VestAuto sitt nybygg

Torsdag 8. mars

Møte i Selje om samarbeidsprosjekt innan helse i Nordfjord.

Fredag 9. mars

På Eid - open dag.

Tid for skifte

Innlegg i generell politisk debatt på Venstre sitt landsstyremøte 3. mars 2012

Terje Lyngstad, teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, skreiv nylig eit blogginnlegg med tittel "Kunsten i kulturpolitikkens kalde klemme". Der fortel han ei ganske oppsiktsvekkande historie.

Då Lyngstad kom inn som ny teatersjef i 2004, kunne han som ei selvfølge bestemme sitt eige repertoar på teateret. Etter det har den raudgrøne regjeringa år for år stramma grepet. Det kjem stadig litt meir tydelege føringar frå Regjeringa på kva teateret bør prioritere og legge seg på minne av Regjeringa sin politikk og prioriterte saksområde når ein fastset neste års repertoar. Og som Kulturdepartementet skriv i tildelingsbrevet: "Dersom en institusjon ikke kan innfri forutsetninger i tilskuddsbrevet, forventer departementet at dette begrunnes."

Det er her er ille nok i seg sjølv. Men det blir verre. Når NRK spør Anniken Huitfeldt sin politiske rådgjevar i Kulturdepartementet, Ap-politikar Kjersti Stenseng, om det er rett at dei raudgrøne i aukande grad instruerer kulturinstitusjonane, så stadfestar ho det, tilsynelatande utan å sjå problemet. Kvifor det er greit? Jo, fordi regjeringa har auka løyvingane til teateret...

Då meiner Arbeiderpartiet sine koryfear i departementet det ikkje berre er greit, men heilt naturleg med sterkare politiske føringar på det kunstneriske innhaldet.

Er det dette som er staten si rolle i kulturpolitikken? I ei Arbeiderparti-verd: Ja. I ei Venstre-verd: Nei.

Alle med eit snev av liberal ryggmargsrefleks forstår at kulturlivet skal vere fritt. Kunsten har ein eigenverdi. Eit teater skal ikkje måtte tilpasse repertoaret sitt til den til ein kvar til sitjande regjering for å få pengar frå dei. Kunst og kultur er ikkje og skal ikkje vere statens redskap. Det er ein tankegang som høyrer til i heilt andre samfunn enn vårt.

Teatersjefen si historie om den raudgrøne regjeringa si sentralstyring og statleggjering av makt gjentek seg på andre område også. La oss ta næringspolitikken. I Nordfjord har grunderar utvikla prosjektet Lefdal Gruve, som kan bli eit av verdas største senter for grøn datalagring med bruk av kortreist kraft. Eit breitt lag lokale, regionale, nasjonale og internasjonale næringslivsaktørar er med på laget. Og dei er ikkje aleine: Lefdal Gruve er berre eitt av fleire liknande initiativ rundt om i landet. I festtaler snakkar mange politikarar om at grøn datalagring kan bli ei stor framtidsnæring i norske distrikt.

Men kva gjer næringsminister Trond Giske? Jo, nylig vart det kjent at han har latt sitt heileigde statlege eigedomsselskap Entra i all hemmelighet utvikle eit konkurrerande, 100% statleg eigd datasenterkonsept i Oslo-området. Entra har allereie brukt ein kvart milliard kroner på å kjøpe dyr tomtegrunn i hovudstadsområdet med statleg eigedomskapital, og er no klar til å bruke fleire milliardar statlege kroner til å gå rett i strupen på konkurrerande private næringslivsmiljø rundt om i norske distrikt.

Er det dette som er staten si rolle i næringspolitikken? I ei Arbeiderparti-verd: Ja. I ei Venstre-verd: Nei.

Eller la oss ta regionalpolitikken og statlege arbeidsplassar. Dei siste seks åra - under den raudgrøne regjeringa sitt styre - har utflyttinga av statlege arbeidsplassar stoppa opp. Ingenting skjer. Nye statlege etatar blir plassert i landets største pressområde, fordi fagorganisasjonane ikkje vil ha endring. Som statssekretær i Næringsdepartementet, Ap-politikar Rikke Lind, sa det om kvifor ein nok ein gong etablerte ein ny stor statlig gigantetat i Oslo, nye Eksportfinans: «Vi ønsket å ivareta hensynet og rettighetene til de ansatte." (Kjelde: Bergens Tidende 12/2-12) Difor måtte alt bli ved gamle. Difor kunne ikkje Vestlandet få nyoppretta statlege arbeidsplassar: Tenk om nokon måtte flytte på seg - bort frå Oslo og regjeringskvartalet? Det skulle tatt seg ut.

Er det dette som er staten si rolle i regionalpolitikken? I ei Arbeiderparti-verd: Ja. I ei Venstre-verd: Nei.

Vår nye Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne-Karin Hamre, har heilt rett i si analyse av kvifor dagens Regjering ikkje tek heile landet i bruk i etableringa av nye statlege kunnskapsarbeidsplassar: Det handlar rett og slett om manglande politisk leiarskap.

Arbeiderpartiet sitt ærend i norsk politikk er å samle makt på få hender. Helst i kviskre-avstand frå Folkets Hus på Younstorget.

Venstre sitt ærend i norsk politikk er å spreie makt på mange hender. Over heile landet. Til nye, sterke kommunar som tek det lokale folkestyret tilbake. Til kulturlivet. Til grunderar og småbedrifter. Og ikkje minst: Til kvar enkelt av oss i våre eigne liv.

Difor har Venstre-leiar Trine Skei Grande heilt rett i sin bodskap til landsstyret i dag. Noreg må få ei ny Regjering i 2013. Ei grøn, liberal og reformvillig Regjering. Då trengs eit sterkt Venstre.