søndag 22. mars 2015

Vekeplan veke 13-14/2015

På torsdag vedtok Formannskapet i Eid å legge ny arealplan for Eid kommune ut på 2. gongs høyring, etter ein særs grundig og god høyringsprosess av fyrsteutkastet. Alt tyder på at vi får ein ny arealplan som gir oss det grunnlaget vi treng for å utvikle kommunen vidare: Nye bustad- og næringsareal, friare råderett og nye mulegheiter for mange grunneigarar som ynskjer å utvikle sin eigedom - og vi har sikra dyrka mark som er nødvendig for den livskraftige og veksande landbruksnæringa i Eid. Utan tvil ei av dei viktigaste og største sakene i denne kommunestyreperioden!

Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er fredag beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til denne eller andre dagar. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

søndag 15. mars 2015

Vekeplan veke 10-12/2015

Fredag kveld var det premiere på "Spelemann på taket", årets skulemusikal på Eid vidaregåande skule.  På scena sto 35 ungdommar i alderen 16 til 18 år - endå fleire var med i produksjonen på andre måtar - med å lage scenedesign, rekvisittar, lyd/lys, marknadsføring, servicefunksjonar etc.
Det var ei rett og slett uforgløymeleg forestilling! Enorme skodespelarprestasjonar, perfekt timing på koreografi, skodespel og sceneskift. Latter og gråt om kvarandre i den sterke historia om eit lite jødisk samfunn som strevar med å overleve i eit fiendtleg verd. Ei historie vi trudde var fortid - men som plutseleg er meir tidsaktuell enn nokon gong i mi levetid.
Det ein har fått til på Eid vidaregåande skule med dei årlege skulemusikalane for heilt "vanleg" ungdom på "vanlege" utdanningsløp både på studiespesialiserande og yrkesfag er heilt unikt. Eg er heilt sikker på at det å legge til rette for kultur og kreative fag i skulen er bra også for dei øvrige skuleprestasjonane - og ikkje minst for sjølvtillit, livsglede og meistringsevne vidare i livet for alle som er med. Dette er "den gode skulen" i praksis!