tirsdag 31. januar 2012

Innlegg i Fylkestinget sin debatt om E39 Skei-Ålesund (januar 2012)

Fylkesordførar,

det blei skrive i eit av utruleg mange avisinnlegg i våre lokalaviser i Nordfjord om E39 no i veka at "I andre fylke byggjer dei bruer. I Sogn og Fjordane slæst vi om dei." Det kan virke som ei ganske god oppsummering av kva som har skjedd dei siste par månadene når det gjeld å peike ut framtidas trase for E39 gjennom Nordfjord.

Det vi her snakkar om, eller i alle fall skulle snakke om, er ikkje dei 100 eller 300 mill vi skal spare, bruke eller sjonglere rundt med dei neste 3-4 åra. Det vi skal snakke om, er dei strukturane samfunnet skal utvikle seg rundt i heile vår levetid. I 40, 50, 100 år. Ryggrada i samferdsleinfrastrukturen i fylket vårt. Det er ut frå det vi skal ta vårt val.

Ut frå det, landar Venstre og eg på midtre trase for E39 gjennom Nordfjord med framtidig fjordkryssing Lote-Anda. Då legg vi grunnlaget for å binde saman 50-60.000 innbyggjarar til ein samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion, med lettast tilkomst til flest stader for flest mogleg. I tillegg skaper vi eit raskt diagonalsamband frå Ytre og Midtre Nordfjord og Ytre Sunnmøre til Sogn via Skei, og vidare til Austlandet og Sørlandet over Hemsedal og Filefjell. Og ikkje minst: ein stamveg nord-sør på Vestlandet som er minst 45 minutt raskare enn i dag. Uansett kor traseen måtte gå vidare frå Lote og nordover, og der denne tidsgevinsten kan kome rimeleg raskt viss vi arbeider samla og målretta.

Samtidig står vi fast på dei planane som allereie er lagt for utbygging av E39 med gul midtstripe i fylket frå nord til sør - utan omkampar - og utnyttar dei investeringane som allereie er lagt ned i infrastruktur i regionen: Vegbygging, flyplass, næringsetableringar og mykje meir.

Det er påfallande å lese KVUen vi no behandlar, og sjå kor ulik omtalen er av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. For Møre og Romsdal, er det grundige, lange vurderingar og kartskisser av bu- og arbeidsmarknadsregionar ved ulike alternativ. Det blir i vårt nabofylke i nord tilrådd vegutbyggingar for til saman 35 milliardar kroner, samtlege med samfunnsøkonomisk lønsemd som er langt dårlegare enn for nokon av dei alternativa vi i dag diskuterer for strekninga Skei-Volda. Kvifor blir dei tilrådd? Regional utvikling. Vekstpotensiale. Samanknyting av sentra og regionar til endå sterkare sentra og regionar.

Eller sjå på Hordaland og Rogaland: Der lagar Statens vegvesen til og med nye modellar for betre å dokumentere dei enorme gevinstane og effektane av å knyte regionar tettare saman - effektar som ikkje blir fanga opp i dagens modellar.

Denne forskjellsbehandlinga mellom fylka burde vere eit tankekors for oss alle. Vi må stå saman om å ha like høge ambisjonar for Sogn og Fjordane - sjølv om innbyggjartalet er lågare og kjøtvekta mindre. Det er nylig lagt fram ein stor rapport som heiter "Eit kunnskapsasert Sogn og Fjordane". Ein av dei aller viktigaste tilrådingane her er å skape kritisk masse: Store nok bu- og arbeidsmarknadsregionar til at dei kan vere med i konkurransen om folk, bedrifter og kapital. I rapporten er nettopp Nordfjordbrua Anda-Lote løfta fram som eitt av dei viktige framtidige samferdsleprosjekta som kan bidra til å nå dette målet, og skape eit fylke med vekstkraft. Det er rett tenkt. Framtida handlar om å integrere. Bygge oss saman i større og sterkare bu- og arbeidsmarknadsregionar.

For Nordfjord sin del trengs den integrasjonen i særleg sterk grad. Skulle eg ha føyd til eitt ekstra vedtaktspunkt her i dag, måtte det har vore å vedta eit konseptval for ei framtidig felles lokalavis for Nordfjord, med lokalisering absolutt kvar som helst, men det ligg diverre litt utanfor rammene av denne saka.

Frank Willy Djuvik refererte i si tale til Abraham Lincoln sitt klassiske sitat "A house divided". Det Lincoln då snakka om, var slaveriet i USA. Og han konstaterte at nokre statar tillet slaveri, og andre statar ikkje tillet det. Det er eit rimeleg langt sprang frå slaveri til stamvegdebatt, men poenget til Lincoln er for så vidt relevant: Ein slik "splitta situasjon" kan vere der på eit gitt tidspunkt - men det er ikkje haldbart over tid. For framtida må vi samlast om ei løysing, sjølv om ein her og no var splitta.

Det er eit hovedpoeng. Vi har vore gjennom nokre krevande månader og veker i Nordfjord, men eg håpar at vi når dagen er over kan spele mot same mål. No må ikkje kampen fortsette. No må vi stå saman om å sikre finansiering av dei løysingane som blir vald. Då må vi stå saman om opprusting av E39 til gul stripe gjennom heile fylket slik Stamvegutvalet har lagt opp til, om å reise ein Førdepakke, om framtidig fjordkryssing av E39 over Anda-Lote, om ferdigstilling av Olden-Innvik og ikkje minst: For realisering av ein Kystveg i Sogn og Fjordane som får fart på utviklinga av kysten. Det er ein kamp eg og Venstre skal vere med på for fullt.

Samarbeid i Nordfjord: Ein positiv nyhet: Midt oppe i dei heftigaste rundane i denne saka, torsdag i førre veke, danna 250 bedrifter og tre kommuner i Nordfjord eit felles næringsselskap: Nordfjord vekst. Vi danna det selskapet. Vi går saman. Og vi er enige om at når dagen i dag er over, så står vi saman om dei løysingane som eit fleirtal i Fylkestinget no stiller seg bak, og slåst saman for å få realisert dei. No er det på tide å kome vidare. Og det er heilt nødvendig.

Heilt til slutt, som mange har vore innom i dag: Vegbygging tar tid. Dei løysingane vi i dag vedtar, kan ligge godt inne i framtida. Det er sant.. Men då, fylkesordførar vil eg, inspirert av Frank Willy Djuvik, sitere Abraham Lincoln, og hans forklaring på kvifor og korleis han oppnådde dei politiske resultata han gjorde, korleis han kom seg framover. Det er eit råd vi alle bør legge oss på minne, kanskje særleg midtrekka i fylkestinget her i dag (Ap-gruppa). Lincoln sitt svar på kvifor han lukkast i politikken var som følgjer:

"I am a slow walker. But I never walk back".