mandag 28. april 2014

Vekeplan veke 18/2014


Våren er komen! I helga har det vore ei skikkeleg vår-festhelg på Eid, med Eid Cup i fotball med over 600 deltakarar og festkonsert for Grunnlova i Operahuset Nordfjord i går kveld. 

mandag 21. april 2014

Vekeplan veke 17/2014


Vel overstått påske! Etter ein grå start vart sjølve påskehelga av dei flottaste i manns minne - det gir energipåfyll og ein god start på våren.

På Eid hadde vi i påska det årlege "Påsketreffet" tysdag i påskeveka - ei rekrutteringssamling for Nordfjord som i år var større enn nokonsinne, med over 40 stands og 300 deltakarar. Svært gode tilbakemeldingar - eg veit til og med om bedrifter som allereie har gitt jobbtilbod til personar dei møtte på treffet, og som ønskte å flytte til Nordfjord. Sjå flotte foto frå Påsketreffet her 

Denne veka skal eg mellom anna setje meg på skulebenken att, og få vere med på ein skuledag ved den nyaste tilveksten til skule-floraen i Eid: Kjølsdalen Montesorriskule. 

Vil du møte meg på Rådhuset denne veka, er fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Tysdag 22. april
Kontordag. Diverse interne møte. Møte med Utdanningsforbundet

Onsdag 23. april
Skulebesøk Kjølsdalen Montesorriskule
Oppstartsmøte SMB Utvikling for Eid/Selje/Vågsøy, Nordfjord Vekst
Ettermiddag/kveld: Møte i programnemnda i Sogn og Fjordane Venstre, Florø

Torsdag 24. april
Møte i Arbeidsmiljøutvalet i Eid kommune
Styremøte Nordfjord Vekst (næringsfondsaker)

Fredag 25. april
Bedriftsbesøk
Besøksrunde institusjonane med Lions-tulipanar
Markering av 5-årsjubileet for Operahuset Nordfjord
Kontordag etter kl 13

Laurdag 26. april
Eid Cup (fotball)

Søndag 27. april
Velkomstseremoni for nye statsborgararar, Sogndal


mandag 7. april 2014

Vekeplan veke 15/2014


I helga hadde Venstre landsmøte. Der vart eg vald inn som ein av sju medlemmer i det nye Sentralstyret i Venstre. Det betyr nye utfordringar i ein allereie hektisk kvardag, men er samtidig noko av det mest spennande og utviklande ein kan drive med når ein først brenn for Venstre for politisk arbeid.