mandag 7. april 2014

Vekeplan veke 15/2014


I helga hadde Venstre landsmøte. Der vart eg vald inn som ein av sju medlemmer i det nye Sentralstyret i Venstre. Det betyr nye utfordringar i ein allereie hektisk kvardag, men er samtidig noko av det mest spennande og utviklande ein kan drive med når ein først brenn for Venstre for politisk arbeid.



Sogn og Fjordane Venstre fekk elles gjennnomslag for ei viktig sak på landsmøtet: Nei til deponering av gruveavfall i norske fjordar. Sjøen er vårt felles matfat - den er for viktig til å bli brukt til avfallsdumping! Dette er ein praksis alle land i verda har gått bort frå unntatt Tyrkia, Indonesia, Papua Ny-Guinea - og Noreg..

Vil du møte meg på Rådhuset denne veka, er det mulig deler av torsdag og fredag. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 7. april 
Kontordag. Besøksrunde til Stårheim, Haugen, Nordfjordeid og Hjelle barneskule og Eid ungdomsskule i høve at Eid er kåra til landets fjerde beste skulekommune.

Tysdag 8. april
Landskonferanse KS Bedrift, Oslo (Bedriftenes Møteplass)

Onsdag 9. april
Landskonferanse KS Bedrift, Oslo (Bedriftenes Møteplass)
Kveld: Gruppemøte Eid Venstre med gjennomgang av ny arealplan for Eid kommune

Torsdag 10. april
Nyopning av Felleskjøpet avd. Eid
Formannskapsmøte
Kveld: Debattmøte om ny kommunestruktur, Leikanger

Fredag 11. april
Møte i fylkesgruppe for kommunereform i regi av Fylkesmannen og KS, Skei

Laurdag 12. april
Invitert gjest på premieren på Palmerevyen 2014, Hermansverk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar