lørdag 29. mars 2014

Vekeplan veke 14/2014

I ein hektisk kvardag har ein ofte kjensla av ikkje å strekke til på alle område ein burde - mellom anna fordi døgnet enno berre har 24 timar. Då er det ekstra godt å oppleve at ein innimellom kan bidra frå ein posisjon som ordførar i ei lita kommune på Vestlandet til å utgjere ein skilnad på eit område som verkeleg betyr noko: Kampen for klima og miljø.


Torsdag i veka vi har bak oss var ein slik dag. Då kunngjorde KLP - Kommunenes Landspensjonskasse - at dei etter initiativ frå ordføraren i Eid no vurderer å trekke 7, 5 mrd NOK ut av kol, olje og gass - og flytte fondsinvesteringar over mot fornybar energi. Det KLP ønskjer, er å sikre at pensjonspengane til 600.000 kommunalt tilsette - fondsmidlar på ca 300 mrd NOK - bidrar til å løyse klimaproblema, framfor å forsterke dei. Statens Pensjonsfond Utland gjer det same - og mange andre verda rundt er allereie anten i gang eller står på startstreken til å flytte kapital over til ei fornybar framtid. 

Skal vi bremse den globale oppvarminga, må vi alle engasjere oss - heilt frå grunnplanen og opp i dei globale fora. Eg er utruleg glad for at KLP no tar klimatrusselen på alvor og reagerer så raskt og tydeleg på utfordringa frå ein utålmodig ordførar i Eid - det er framtida vår det handlar om!

Veka som no står for døra blir minst like begivenhetsrik som førre, då E39-saka tok av på nytt i media. 

Måndag legg Regjeringa sitt ekspertutval fram ein rapport om kriterie for ny kommuenstruktur som kjem til å vekke oppsikt og debatt. Same dag møtes Venstres 50 ordførarar og varaordførarar til rådslag om denne og andre saker i Oslo. Dagen etter samlast alle landets ordførarar til "Kommunapolitisk toppmøte" i Oslo med kommunereform på dagsorden. Eg har vore med i referansegruppa til Ekspertutvalet som no legg fram sin rapport, og skal difor også "på scena" på det kommunalpolitiske toppmøtet og delta i debatt. 

Og når veka går mot slutten, kjem eitt av årets store høgdepunkt: Landsmøte i Venstre! Heldigvis landsmøte i eit parti som for tida ikkje er splitta av uro og konflikt.  Det Senterpartiet opplever no er utruleg trist for alle dei engasjerte partifolka som brenn for sakene, ikkje personkonfliktane. Eg kryssar fingrane for at dei klarer å "rydde opp" på sitt ekstraordinære landsmøte til helga, og igjen kan få politikken fram i rampelyset. Sjølv om eg ikkje er samde med dei i eitt og alt, spelar etter mitt syn Senterpartiet på sitt beste ei viktig rolle som eit "politisk korrektiv" i Noreg til ein hovudstadselite som mange ganger tenker for likt og har for mykje makt i eit lite nettverk på tvers av partigrenser og blokker - og på tvers av politikk, PR-bransje og media. 

Vil du møte meg på Rådhuset denne veka, er onsdag dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!


Måndag 31. mars 
Møte i Venstres ordførar- og varaordførarnettverk, Oslo

Tysdag 1. april
Kommunalpolitisk toppmøte i regi av KS, Oslo (deltek i paneldiskusjon om ny kommunestruktur)

Onsdag 2. april
Frukostmøte Nordfjord Vekst
Kontordag - div avtalte møte
Kveld: Foredrag av Hans Olav Lahlum på Operahuset Nordfjord i samband med 200-årsjubileet for grunnlova

Torsdag 3. april
Årsmøte Kommunalbanken, Oslo (deltek i paneldiskusjon om klimautfordringar for norske kommuner)
Sentralstyremøte Venstre (møter som vara)
Landsstyremøte Venstre, Oslo

Fredag 4. april - søndag 6. april

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar