tirsdag 14. september 2010

Kyststamveg utan kyst: Nordfjord si felles utfordring

I Fjordabladet 11. september syner ordførar Sonja Edvardsen fram at ho i eit par gamle fråsegner har støtta samferdslesatsing på kysten av Sogn og Fjordane. Det er bra. Ein kunne óg ha funne eit par døme på det motsette, men det kan vi la ligge. No handlar det om framtida. Korleis skal Nordfjord nytte den pågånde E39-utgreiinga til å kome oss ut av uføret med uendelege drakampar, indre splid og manglande folketalsvekst over tid i alle kommunar, Eid inkludert?



Då er min enkle påstand – som ikkje Sonja Edvardsen forheld seg til i intervjuet i Fjordabladet – at det er Eid som sit med nøkkelen. Rett og slett fordi Eid er det geografiske midtpunktet i Nordfjord, og pr i dag har trukke vinnarloddet ved at det er her stamvegen nord/sør på Vestlandet går. Dette pålegg Eidapolitikarane, og Eidaordføraren særskilt, eit spesielt ansvar. Det er Eid som må ha initiativet. Det er Eid som må tenke smart og langsiktig, som må forstå korleis naboane tenkjer og sjå korleis det kan leggast samla samferdslekabalar som tener heile regionen best mogleg.


Utgangspunktet sett frå kysten av Nordfjord/Sogn og Fjordane burde ikkje vere umulig å forstå: Langs heile Vestlandet går ein stamveg som heiter E39 Kyststamvegen. Denne vegen er staten sitt ansvar. Staten skal bruke mange milliardar kronar til opprusting av E39 dei neste 10-15 åra. Det et no sett i gang ein voldsom prosess med konseptvalutgreiing for framtidas ferjefrie E39, herunder spørsmålet om trase mellom Skei og Ålesund. Vegvesenet reiser rundt og lagar storslåtte planar på staten si rekning, ordførarane rundt E39 blir tatt med på råd, dei får smørbrød og kan kjenne den liflige angen av statlege milliardar i det fjerne.




Fint, men kikk så på kartet over og prøv så å sjå dette frå kysten av Nordfjord si side: I Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal går Kyststamvegen på kysten. Her skaper E39 sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar ute på kysten som er vekstmotorane i sine fylke – rett og slett fordi dei sterke norske eksportnæringane er knytt til kysten og havet (olje&gass, fiskeri, havbruk, maritime næringar mv).

Alle som har vore i Nord-Rogaland og Sunnhordland dei siste åra veit kva utbygging av E39 har betydd for utviklinga der. I Møre og Romsdal er biletet det same. Kommunane på Sunnmøre nyttar den pågåande konseptvalutgreiinga til å diskutere korleis den framtidige Kyststamvegen best skal knyte saman Søre Sunnmøre og Ålesundsregionen – og med det gjere Norges allereie sterkaste maritime kompetanseregion endå meir samanvevd og framtidsretta. Viktige kystkommuner som Hareid, Ulstein og Herøy er med for fullt i konseptvalutgreiinga. Over heile Vestlandet - unntatt i Sogn og Fjordane - er kystutvikling og Kyststamveg to sider av same sak.


I Sogn og Fjordane er biletet snudd på hovudet. Her bind verken Kyststamvegen eller nokon annan veg kysten saman. Mellom våre to største kystsentra, Måløy og Florø, er det usle 39 km i luftlinje men to og ein halv time reisetid med bil! Og staten? Staten har rett og slett meldt seg ut. Av alle dei milliardane kroner staten skal bruke på veg på Vestlandet dei neste ti åra, er i alle fall ein ting sikkert: Ikkje ei einaste krone vil gå til kysten av Sogn og Fjordane. Vågsøy, Bremanger og Flora vil i overskueleg framtid få bygd veg for nøyaktig kr 0 over staten si rekning. Og på toppen av alt: Når Statens Vegvesen inviterer Sonja Edvardsen, Nils P. Støyva og dei andre ”innfjordsordførarane” i fylket til storslagne statlege planverkstader om Kyststamvegen – då sit kystordførarane i Sogn og Fjordane att heime. Sogn og Fjordane er Vestlandsfylket som har parkert kysten på sidelinja.


Dette er realitetane for kysten av Nordfjord og Sunnfjord. Lik det eller ikkje. Eg lever godt med at nokon sikkert syns det er ”illojalt” av meg som eidar å seie dette, at no må alle eidarar konsentrere seg om å skufle inn mest mulig vegpengar over alle budsjett til vår kommune, og så får desse sutrepavane på kysten klare seg sjølv. Eg trur dette er ein farlig strategi for Eid og resten av dei indre fjordstrøk. I det minste er det, reint egoistisk sett, eit kjempeproblem for Eid si framtid om omlandet i vest, med sitt enorme vekstpotensial knytt til kysten og havet, forvitrar på grunn av manglande kommunikasjonar.


Eg trur dei færraste – i alle fall ikkje eg – ønsker nokon ”omkamp” for å flytte Kyststamvegen frå indre fjordstrøk til kysten av Sogn og Fjordane. E39 ligg der den ligg. Etter mitt syn er ein framtidig trase i midtre Nordfjord mest tenleg for å skape sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar rundt oss.


Men: I denne situasjonen burde Eid strekke seg svært langt for å kome kysten i møte når det gjeld dei smulane av offentlege vegbudsjett som ikkje ligg på stamvegbudsjettet: Fylkesveginvesteringane. Når kysten sit att med kr 0 av statlege vegmidlar for all framtid, samtidig som vegnettet der er katastrofalt dårleg utbygd, burde det ikkje vere umulig for eidarar, honndøler og andre å løfte blikket såpass at ein gir kystkommunane førsteprioritet på framtidige fylkesveginvesteringar. Det er ikkje gitt at det er smart av Eid å krevje at innsparingane i hundremillionarsklassen som no kjem over fylkesvegbudsjettet på Bremanger 2 og Dalsfjord-sambandet skal inndragast frå kysten og i staden gå til å bygge internvegar i Eid kommune. Kanskje – kanskje – skulle Eid vere rause nok til å seie at desse innsparingane bør gå til å forsere ferdigstilling av kystvegen Måløy-Svelgen-Florø (45-minuttsregionen) , etter at den evige flaskehalsen Olden-Innvik er rusta opp. Så får til gjengjeld heile Nordfjord samle seg om eit E39-traseval som bind Nordfjord saman, ikkje splittar.


Og kanskje – kanskje – kunne ein Eidaordførar som ser litt lenger enn sin eigen nasetipp også ha gjort noko så enkelt som å invitere kystkommunane i Nordfjord med i dei pågaånde konseptutgreiingane for E39, sjølv om E39 ikkje går gjennom deira kommuner. Kanskje kunne ein invitert alle rundt same bord – sett stamveginvesteringar og fylkesveginvesteringar i samanheng – og prøvd å lage ein ”samla pakke” som ga heile Nordfjord rom for vekst og utvikling, og som tar på alvor det utrulege paradokset at kystutvikling ikkje ein gong er eit tema når ein i Sogn og Fjordane diskuterer Kyststamveg.


Ein slik invitasjon er verken Vågsøy eller andre på kysten sitt ansvar. Rett og slett fordi ein ikkje sit ved det bordet der dei store pengane skal fordelast. Det er Eid som sit med nøkkelen. Til alt overmål sit Eid med ein ordførar som også er fylkesnestleiar i Arbeiderpartiet og første vara til Stortinget og gud veit kva ho ikkje er. Eit gammalt ordtak seier at ”Den Vår Herre gir et embete, gir han også forstand”. Så mange embete Ap i Sogn og Fjordane har gitt Sonja Edvardsen, burde i så tilfelle det love godt.


Eg veit dette er store og vanskelege tankar, men invitasjonen er i alle fall med dette gitt. I mellomtida vil eg i min jobb som næringsutviklar på kysten halde fram med å arbeide for dei vegutbyggingane som MÅ kome på kysten uansett – uavhengig av E39 og framtidig traseval.


Alfred Bjørlo, dagleg leiar i Måløy Vekst, busett på Eid