søndag 26. april 2015

Vekeplan veke 18/2015

Ei aktiv helg i Eid er over! Meir enn 500 born mellom sju og 14 år har vore samla til "Eid Cup" i fotball - med mykje moro to dagar til ende i og på banene bak Eid Idrettshus.

Og i Operahuset Nordfjord var det i går kveld stappfullt hus på ein av dei mektigaste konsertane eg har sett nokon sinne: Beethovens 9. symfoni med fullt symfoniorkester, fire framifrå solistar og eit kor på nesten 100 songarar - korav 70 ungdommar som går musikklinja på Firda vidaregåande skule. Ei stor oppleving!



Vårt Sogn og Fjordane: Nei til gruveavfall i fjordane

Noreg er eitt av berre fire land i verda som enno tillet noko så gammaldags og "bakstreversk" som å tøme avfall frå gruvedrift ut i sjøen. Sist veke vedtok Regjeringa å tillate dette også i ein nasjonal laksefjord i Sogn og Fjordane med rike naturverdiar: Førdefjorden. 

Dersom ikkje  galskapen blir stoppa, kan det bli fylt så mykje som 250 millionar tonn gruveavfall ut i fjorden i løpet av dei næraste 30-50 åra. Og det er med dette sett ein standard for kor slappe miljøkrav ein kan stille til gruvedrift også andre stader i landet: Ingen fjord er no i prinsippet trygg.



Reaksjonane etter avgjerda om sjødeponi i Førdefjorden har vore svært sterke over heile landet. Her kan du lese eit innlegg om saka skrive av Venstre sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Gunhild Berge Stang, og meg. 

mandag 20. april 2015

Vekeplan veke 15-17/2015

Dagene og vekene flyg - mykje nytt og spennande skjer for Eid sin del (berre vent utover våren..), og for min del har også andre hendingar som Venstres landsmøte tatt mykje tid. Her har eg vore så heldig å få leie arbeidet med å stake ut ein ny, samla politikk for "Grøn Vekst": Det nye grøne næringslivet vi skal bygge opp i åra framover over heile landet. Dette har vore særs inspirerande, og gjett mykje "påfyll" som eg også tek med heim i det lokale arbeidet.

På talastolen på Venstres landsmøte om "Grøn vekst"
Vil du avtale ein prat med meg i nær framtid, er denne veka vanskeleg, men komande veke mykje betre. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

onsdag 8. april 2015

Apell på "Bondefrukost" ved Stortinget, 8/4-15.

Innlegget under er apellen eg heldt  på "Bondefrukost" på Eidsvolls plass utanfor Stortinget onsdag 8. april 2015 - eit arrangement i regi av Noregs Bondelag. Utfordringa eg fekk var å kome med eit blikk på kvifor "Noreg treng bonden" - sett frå min ståstad som Venstre-ordførar i Eid. Sjå heile programmet for Bondefrukosten her