søndag 26. april 2015

Vekeplan veke 18/2015

Ei aktiv helg i Eid er over! Meir enn 500 born mellom sju og 14 år har vore samla til "Eid Cup" i fotball - med mykje moro to dagar til ende i og på banene bak Eid Idrettshus.

Og i Operahuset Nordfjord var det i går kveld stappfullt hus på ein av dei mektigaste konsertane eg har sett nokon sinne: Beethovens 9. symfoni med fullt symfoniorkester, fire framifrå solistar og eit kor på nesten 100 songarar - korav 70 ungdommar som går musikklinja på Firda vidaregåande skule. Ei stor oppleving!



Har også hatt artig besøk av ei dansk riksavis i helga som sende journalist eins ærend til Nordfjordeid for å lage sak om at Eid kommune har gått i front på grøn finansforvalting - ein trend som no sprer seg raskt over heile Europa. Eg synst det er viktig å syne at også små lokalsamfunn kan gå i front inn i den nye tida - og gler meg til å sjå kva dansk presse skriv om Eid i nær framtid!

Komande veke er det som ser under også mykje spanande som skjer - ikkje minst er tida inne for eitt av dei årlege høgdepunkta i Eid: Hingsteutstillinga. Dei flottaste fjordhest-hingstane som skal ta rasen vidare skal kårast - med mange spente, tilreisande to- og firbeinte frå fjern og nær. Det blir kjekt - og i år har Eid kommune også for fyrste gong sørga for at vi tar imot dei besøkande med flotte fjordhest-flagg over heile sentrum - Eid Inviterer!



Vil du avtale ein prat med meg denne veka, er onsdag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 27. april
Møte med Eid Industrihus om ny bedriftsetablering
Planleggingsmøte Innbyggartreff
Informasjon til 10. klasse på Eid Ungdomsskule om 16-årig røysterett


Kveld: Møte om sentrumsutviikling med handelsstanden, innbyggarar m fl

Tysdag 28. april
Rådslag Innovasjon Norge om offentlege innkjøp, Oslo


Kveld: Ope møte om kommunereformen, Eid Venstre

Onsdag 29. april
Møte med Eid IL Fotball om samarbeid om integrering av flyktningar

Årsmøte Norges Fjordhestlag
100-årsfeiring, Eid Sjukeheim

Torsdag 30. april

Politiske møte i Eid: Arbeidsmiljøutvalet, Administrasjonsutvalet, Finansutvalet og Formannskapet

Fredag 1. mai
Festmiddag i samband med Hingsteutstilinga

Laurdag 2. mai
Hingsteutstillinga: Kåring og avslutning

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar