fredag 1. mai 2015

1. mai: Frå raud til grøn festdag

1. mai er arbeidsfolkets dag - gratulerer!

Ein av dei viktigaste kampsakene i vår tid må vere korleis vi skal skape dei gode, trygge og miljømessig bærekraftige arbeidsplassane for folk flest som vi skal leve av i framtida - når vi no går inn i ei svær omstilling gradvis bort frå det oljedominerte næringslivet Noreg har hatt siste åra.



Svaret er (som vanleg..): Sjå til Sunnmøre!

Faksimilie frå Sunnmørsposten 30. april 2015

I går ga Sunnmørsposten ut eit flott og tankevekkande bilag om "Nyskaping i næringslivet på Nordvestlandet" - med ein krystallklar bodskap frå A til Å i magasinet: Det grøne skiftet er i full gang: Bedriftene og arbeidsplassane som ikkje no vaknar og omstiller seg, vil snart vere "..ute av butikken", som professor Annik Magerholm Fet ved NTNU seier det.

Frå ein lokal ståstad er det utruleg kjekt å sjå at ei av dei tre nye, grøne bedriftene som Sunnmørsposten løftar fram og nominerer til Nyskapingsprisen 2015 for Nordvestlandet, er ReNorway​ frå Eid/Nordfjord.

Bedrifta er eit resultat av at Eid kommune har tord å gå i front på klima og miljø heilt frå slutten av 1990-talet gjennom satsing på Fjordvarme - kombinert med dyktige grunderar utanfrå som har sett mulighetane for å utvikle konseptet vidare og gjere butikk av det.

Begge deler var nødvendig for å lukkast: Det offentlege Noreg må gå i front på miljø - og dyktige grunderar må få sleppe til og lage butikk av ideane.

Når vi i same avis også kan lese flott sak om neste generasjon 16-17 år gamle grunderar frå Nordfjord som no satsar for fullt på å lage nye arbeidsplassar i ei av dei store vekstnæringane i framtida: Fiskeri&havbruk - ja då er det all grunn til å sjå lyst på livet både for dagens og framtidas arbeidsfolk!

Seinare på dagen i går, etter at Sunnmørsposten gjekk i trykken, stakk for øvrig denne ungdomsbedrifta, Westtip Supplies UB, av med nesten det som var av prisar på NM i Ungdomsbedrifter på Lillestrøm: Mellom anna pris for beste yrkesfaglege bedrift, best verdiskapingspotensiale, innovasjonsprisen og pris for beste seljar.

Så gratulerer med dagen - gjer han grøn! Framtida handlar ikkje om å fylle fjordar og forureine og å vente med ei grøn omstilling - men om å "raske på" for å gjere verda grønare og betre! Det gir gode arbeidsplassar, gode liv og ei trygg framtid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar