søndag 10. mai 2015

Vekeplan veke 20-21/2015

Ei flott helg i Eid er snart over - der vi har sett både bakover i historia og inn i framtida.

Fredag markerte vi tradisjonen tru Frigjeringsdagen 8. mai i Eid på den gamle Eksersisplassen, med kransenedlegging på minnesmerket over Nordfjordingar som vart drepne i andre verdskrigen, Sørgende Mor. Samtidig markerte vi Den Internasjonale Røde Kors-dagen med besøk av Visepresident Hanne-Marie Heggedal i Norges Røde Kors og avduking av ein raud Røde Kors-benk utanfor Gamlebanken i Nordfjordeid sentrum.





Laurdag var det klart for opning av den nye Klatreparken i Eid. Det vart eit arrangement som slo alle forventingar - over 500 frammøtte, og fullt hus frå lenge før den offisielle opninga kl 13 til langt ut på kvelden. Klatreparken i Kyrkjeparken er også fyrste "byggesteinen" i det nye Nordfjordeid sentrum vi vil sjå dei næraste åra - med realiseringa av Moengården Vest, Nord-Øyrane park- og badeanlegg og vonaleg også Sagastad-senteret som for alvor vil opne Nordfjordeid mot sjøen.

Vil du avtale ein prat i veka som kjem, er fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 11. mai
Besøk Nordfjord Sjukehus
Sentralstyremøte i Venstre, Oslo

Tysdag 12. mai
Gruppemøte Fylkestingsgruppa i Venstre, Hermansverk

Onsdag 13. mai
Politikardag fylket og Hovudutval Opplæring, Hermansverk

Torsdag 14. mai
Kristi Himmelfartsdag

Fredag 15. mai
Møte med Sagastad-stiftinga. Kontordag.



Søndag 17. mai (med Eid Musikklag)
0700 Revelje
0930 Barnetog
1330 Folketog Haugen
1500 Folketog Nordfjordeid
2000 Tappenstrek

Måndag 18. mai
Representantskapsmøte Nordfjord Hamn IKS, Måløy

Tysdag 19. mai-torsdag 21. mai
Kommunekonferansen og Næringsdagane i Sogn og Fjordane, Førde
(evt Formannskapsmøte i Eid 21. mai - blir avgjort i morgon)

Fredag 22. mai
Møte mellom kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde, Førde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar