søndag 3. mai 2015

Vekeplan veke 19/2015

Veka vi har bak oss, har stått i fjordhestens teikn på Eid. I år gjekk hingsteutstillinga - for ein gongs skuld - føre seg i strålande vårveir - med hingsteparaden gjennom Nordfjordeid sentrum laurdag føremiddag som eitt av høgdepunkta. Den flotte fjordhesten vår går ei lys framtid i møte - det er eg sikker på!



Veka vi no går inn i startar for min del måndag morgon med kontaktmøte med såpass ulike institusjonar som NAV Eid og Harpefossen Skisenter - før turen går til Ålesund seinare på dagen til utdeling av "Nyskapar i Nordvest"-prisen 2015, der Eida-bedrifta ReNorway er ei av tre nominerte.

Så går det slag i slag fram til den tradisjonsrike 8. mai-markeringa fredag, og opning av den nye klatreparken i sentrum laurdag. Mykje å sjå fram til - og fine mai-dagar i vente for store og små!

Vil du avtale ein prat med meg denne veka, er onsdag eller fredag dei beste dagane. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 4. mai
Kontaktmøte med NAV Eid
Møte med Harpefossen Skisenter


Ettermiddag/kveld: Utdeling av "Nyskapar i Nordvest"-prisen 2015, Ålesund (Eid sin føreslegne kandidat, ReNorway, er ei av tre nominerte bedrifter til prisen)

Tysdag 5. mai
Møte brukargruppa Sandane Lufthamn, Sandane
Generalforsamling Fjordvarme AS

Kveld: Medlemsmøte Eid Venstre

Onsdag 6. mai
Møte i prosjektgruppa for kommunereformen

Torsdag 7. mai

Møte med reiselivet i Eid og turistinformasjonen - planlegging av sommarsesongen
Kommunestyremøte. Sakene finn du her 

Fredag 8. mai
Kontordag
8. mai-markering - kl 17-19



Laurdag 9. mai
Opning av Klatreparken, kl 13-15


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar