søndag 11. oktober 2009

Når vart sentrum særnorsk?

Det har ikkje mangla analyser av Venstre og sentrums dårlege valresultat, inkludert Simen Sætres bidrag i Morgenbladet nr 37. Eit slåande trekk ved desse analysene er at dei byggjer på eit premiss om at sentrumsparti er nokre særnorske greier som før eller seinare uunngåeleg vil hamne på verdshistorias skraphaug, saman med åsetru, treski og Thor Heyerdahl.

Etter mitt syn, sjølv om eg er så uheldig ikkje å bu i Oslo og få ause av det norske kommentatorlauget sin visdom til dagleg, er dette ein høgst merkverdig konklusjon. Ser ein rundt i Europa elles er vitale, liberale sentrumsparti snarare regelen enn unntaket. Det gjeld på nasjonsnivå så vel som i EU, der dei liberale partia utgjer den tredje største partigruppa i EU-parlamentet, utgjer vippepunktet mellom blå og raude blokker og snarare har styrka enn svekka seg over tid.

Dei europeiske liberale sentrumspartia har generelt sett sterke likskapstrekk med norske Venstre. Dei bygger på liberal/sosialliberal ideologi, er uavhengige av organiserte særinteresser og brenn for personvern og borgarrettar, ønskjer balanse mellom stat og privat sektor og har næringspolitikk, utdanning og forsking som høgt prioriterte saksområde.

Den einaste verkeleg slåande skilnaden mellom Venstre og dei andre liberale partia i Europa er synet på EU og internasjonalt samarbeid. Dei liberale partia er generelt sett blant dei sterkaste, mest konsekvente tilhengarane av EU i sine heimland. Ikkje først og fremst ut frå økonomiske argument, men ut frå eit sterkt demokratisk engasjement for å ”følgje etter” globaliseringa av økonomien med stadig meir overnasjonal politikk. Kampen mot nasjonalistiske/proteksjonistiske straumningar som vil bygge ned EU-samarbeidet fører dei mot krefter både på venstre- og høgresida.

Det er med andre ord vanskeleg å forstå kor det norske kommentatorlauget har funne den naturlova som seier at det i framtidas politiske landskap ikkje er rom for liberale sentrumsparti. Eg ser ingen grunn til at det ikkje i Noreg, som elles i Europa, skal vere plass til eit sterkt, liberalt sentrumsparti mellom to stadig meir polariserte blokker på raud og mørkeblå/blåbrun side. I skuggen av Lars Sponheims person har Venstre i hans tid som leiar i stadig sterkare grad fått ein slik brei, liberal politisk plattform. Også i synet på EU synte sist landsmøte at det har skjedd ei kraftig dreiing i partiet og at det no er eit nokså klart reelt ja-fleirtal i Venstre – sjølv om ein del av noko uklare taktiske grunnar ikkje ville gi dette til uttrykk i partiprogrammet.

Eg trur difor Venstre vil vekse ut av den store skuggen etter Lars Sponheim som eit endå større, blankpussa liberalt sentrumsparti – som kan samarbeide både til høgre og venstre i politikken. Noreg treng eit slikt parti som motvekt til rødt og mørkeblått, og det norske kommentatorlauget blir med dette oppmoda til å legge neste julebord til valfri destinasjon i Europa i staden for Washington D.C.

Alfred Bjørlo, direktevald medlem i Venstres landsstyre

Dette innlegget vart publisert i Morgenbladet på nett 29. september 2009

Kva er du redd for, Liv Signe?

Kjære Liv Signe: Det er ikkje synd på Georg Arnestad. Han lever fint med å bli æreskjelt som ”gretten gammal gubbe”. Kjenner eg han rett, synst han til og med det er litt stas.
Men det voldsomme angrepet ditt på Arnestad er likevel interessant. Kvifor i all verda vekkjer ei nøktern påpeiking av fylket si sviktande folketalsutvikling så sterke kjensler? Viss Arnestad berre pratar tøys, kvifor i det heile tatt bry seg? Svaret er at Arnestad pirkar borti Sogn og Fjordane sin store verkebyll: Vi er eit annleisfylke – vi har i årtier har klart å gjere gull til gråstein.

Det er vanskeleg å nekte for at Arnestad har rett i sak: Resten av Vestlandet har dei siste 20-30 åra hatt eventyrleg vekst, medan Sogn og Fjordane har hatt stagnasjon. Og mest utruleg av alt: Medan kysten på Vestlandet elles blomstrar og er ”batteria” som ladar resten av fylket, er kysten i vårt fylke kriseområde som må ha naudhjelp frå staten og fylkesadministrasjonen i indre Sogn. Det på trass av at vi har same gullkanta utgangspunkt frå naturen si side som nabofylka i nord og sør.

Kjære Liv Signe – du treng ikkje å vere så redd for at alle som påpeiker fylket sitt nedgangs-paradoks er ute på nokon personleg vendetta mot deg. Eg synst du har vore ein framifrå samferdsleminister, og eg beundrar deg for ditt brennande engasjement. Problemet er ikkje det – problemet er at dei politiske løysingane du brenn for har slått feil. Det er det Arnestad pirkar bort i, og det er det veldig mange andre i fylket også ser.

Uansett kor ubehageleg det er, Liv Signe, må du tåle at det skjer ein meir open debatt enn i dag i fylket om korleis vi kan snu utviklinga og unngå at vi om 20 år er sør-Noregs Finnmark. Eg trur vi må stikke fingeren i jorda og forme framtidas Sogn og Fjordane ut frå kva veg utviklinga faktisk vil gå, ikkje ved å tvihalde på ei ideell verd som kun finst i partiprogram og politiske slagord. La meg byrje med å slå fast seks meir eller mindre ubehagelege påstander om framtida – som alle utfordrar det gjeldande politiske paradigmet i Sogn og Fjordane om kva som er rett og vrang politisk truslære:

1. I framtida må vi konsekvent tenkje større bu- og arbeidsmarknadsregionar, ikkje 1960-talets kommunestruktur.
2. I framtida vil fleire ønskje å bu med folk tett rundt seg (urbanisering).
3. I framtida vil vekstmotorane ligge på kysten, ikkje i indre fjordstrok.
4. I framtida kjem til å bli endå færre bønder.
5. I framtida må gardsbruk og bygder vere lett tilgjengelege for folk utanfrå, ikkje”beskytta reservat” for bøndene sine eigne søner og døtre.
6. I framtida vil kvaliteten og innhaldet på offentlege tenester (flyplassar, skular, rådhus) vere viktigare enn at det alltid finst akkurat like mange som før som driv akkurat som dei alltid har drive.

Alle desse seks påstandane kan og bør utdjupast. Det får vi kome attende til. Hovudpoenget mitt er som følgjer: Kan du Liv Signe love meg at dersom unge folk som oppriktig ønskjer å bu og leve i Sogn og Fjordane ytrar nokre av desse tankane, då vil du og dine la vere å slenge ut forbanningar over dei på same måte som de meia ned Georg Arnestad? Kan vi vere samde om at dette er spørsmål det går an å ha ein open debatt om, der ein ikkje øyeblikkeleg blir stempla som ”blodsvikar” frå det som er politisk akseptabelt å seie og meine i Sogn og Fjordane? Kan vi vere samde om at det går an å vere glad i Sogn og Fjordane sjølv om ein ikkje vil strekkje venstre handa mot himmelen, legge høgre handa på partiprogrammet til Senterpartiet og bøye nakken i evig truskap til Moderen (Liv Signe), Sonen (Erling Sande), Den Heilage Ande (Steinar Næss) og Den Heilage Far i Fylkeshuset på Systrond?

Eg har ei brennande tru på Sogn og Fjordane. Eg ser enorme mulighetar til vekst og verdiskaping – eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal klare den ”boomen” våre naboar i sør og nord for lengst har oppnådd. Men skal vi lukkast med det, treng vi å stikke hol på ein del byllar. Dei gamle trussetningane om kva som er god og dårleg distriktspolitikk slik dei blir dyrka av deg og dine, Liv Signe, er ikkje nødvendigvis den heile og fulle sanninga. Vi kan skape eit nytt fylke med ny vekst – men ikkje før vi legg av oss den voldsomme trongen til å ta i forsvar alt som har vore og æreskjelle dei som ønskjer endring. Kan du love meg det, Liv Signe – i alle fall etter 14. september?

Alfred Bjørlo, Nordfjordeid/Måløy

Dette innlegget sto på trykk i Firda 8. september 2009.

Vindmøller som turmål



Frå Mehuken i Vågsøy. Aldri har fjellområdet vore meir brukt som turmål som etter at vindmølleparken kom i 2001. Om vindmøller er fint eller stygt? Det kjem an på auget som ser - ta turen til Måløy og sjå, du også!

lørdag 10. oktober 2009

Motorsag


Det er nok av gran på Vestlandet. Desse snart 70 år gamle trea sto på innmarka på Bjørlo.