mandag 30. september 2013

Vekeplan veke 38-41/2013


Har slurva litt med utlegging av vekeplanar dei siste vekene, men er no tilbake i normalt gjenge. Her finn du for oversikta sin del både oversikt over kva eg har styrt med dei siste to vekene, pluss den vanlege oversikta over veka som står for døra.

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!


søndag 29. september 2013

Tale ved opninga av Operavekene 2013


Hausten 2013 er det 15 år sidan Opera Nordfjord for fyrste gong sette opp ein eigen operaproduksjon - Flaggermusen. Sidan den gong har Opera Nordfjord årvisst sett opp minst éin operaproduksjon i året - til fulle hus, stormande jubel og kritikarros. 

I 2009 flytta Opera Nordfjord inn i sitt eige operahus på Nordfjordeid: Operahuset Nordfjord. I 2013 bryt Opera Nordfjord enno ei ny barriere: Dei set i år opp både ein heilaftens operaproduksjon (Flaggermusen, for fyrste gong sidan 1998), og for fyrste gong også ein heilaftens ballett: Nøtteknekkaren. 

Til saman 13 opera- og ballettforestillingar på 13 dagar med solistar, kor, dansararar og fullt orkester! Det er ei kraftprøve utan sidestykke for eit lite operakompani i ei lita bygd på Vestlandet. Løp og kjøp billettar til Flaggermusen og Nøtteknekkaren - dette blir eit eventyr i musikk, dans, fargar og estetikk!

Laurdag 28. september vart operavekene på Nordfjordeid 2013 markert med opning av ei ny kunstutstilling i Kulturhuset Gamlebanken i Eidsgata, der malarane Roy Andreas Dahl og Per Rosenberg stiller ut sine maleri.  Her er talen eg heldt ved opninga av kunstutstillinga og operavekene 2013.

onsdag 11. september 2013

Sju keisame krav til ei ny regjering


Valet er over. Eit nytt fleirtal vil gi ei ny regjering. Kva regjering vi endar opp med er enno høgst uvisst, men ein rimeleg sikker spådom er at det er dei vanskelege einskildsakene som vil stå i sentrum for merksemda frå media og observatørar i vekene som kjem. 

Vi kjem til å bli tuta øyrene fulle av mediespekulasjonar om ja eller nei til oljeboring i Lofoten/Vesterålen, ja eller nei til asylborna, karakterar i barneskulen, sidemål, statsgaranterte sjukeheimsplassar, formueskatt, vinsal i butikk, bompengar, pappaperm og så vidare.

Einskildsakene er viktige nok. Likevel: Det er dei store strukturelle grepa i styringa av landet som verkeleg gir ei ny regjering sjansen til å setje sitt "vassmerke". Det er her ei ny regjering må bestå prøva: Ein må syne at ei Ap-dominert regjering og ei borgarleg regjering utgjer ein skilnad for korleis landet blir styrt. 


torsdag 5. september 2013

Venstre vil ha fleire bustader for unge




Solidaritet og sosialdemokrati er to ulike ting.

Under den raudgrøne regjeringa har vi fått eit tiltakande klasseskilje på bustadmarknaden. Unge i etableringsfasen utan rike foreldre er dei store taparane. Krava til eigenkapital for å byggje eigen bustad stig til himmels. BSU-ordninga held ikkje tritt med utvikling i bustadpriser.