søndag 29. september 2013

Tale ved opninga av Operavekene 2013


Hausten 2013 er det 15 år sidan Opera Nordfjord for fyrste gong sette opp ein eigen operaproduksjon - Flaggermusen. Sidan den gong har Opera Nordfjord årvisst sett opp minst éin operaproduksjon i året - til fulle hus, stormande jubel og kritikarros. 

I 2009 flytta Opera Nordfjord inn i sitt eige operahus på Nordfjordeid: Operahuset Nordfjord. I 2013 bryt Opera Nordfjord enno ei ny barriere: Dei set i år opp både ein heilaftens operaproduksjon (Flaggermusen, for fyrste gong sidan 1998), og for fyrste gong også ein heilaftens ballett: Nøtteknekkaren. 

Til saman 13 opera- og ballettforestillingar på 13 dagar med solistar, kor, dansararar og fullt orkester! Det er ei kraftprøve utan sidestykke for eit lite operakompani i ei lita bygd på Vestlandet. Løp og kjøp billettar til Flaggermusen og Nøtteknekkaren - dette blir eit eventyr i musikk, dans, fargar og estetikk!

Laurdag 28. september vart operavekene på Nordfjordeid 2013 markert med opning av ei ny kunstutstilling i Kulturhuset Gamlebanken i Eidsgata, der malarane Roy Andreas Dahl og Per Rosenberg stiller ut sine maleri.  Her er talen eg heldt ved opninga av kunstutstillinga og operavekene 2013.



Hjarteleg velkomne til opninga av operavekene på Eid 2013, og til årets operautstilling i Kulturhuset Gamlebanken!

I februar i år besøkte den internasjonalt kjende musikkmeldaren Andrew Mellor Oslo, mellom anna for å sjå Opera Nordfjord setje opp Tryllefløyten som gjesteproduksjon på Operaen i Bjørvika.

Han trudde han skulle sjå ei slags "sjarmerande amatørforestilling" av Tryllefløyten - noko ein kunne la seg underhalde av i augneblinken under overskrifta "dei prøvde no så godt dei kunne", men som sjølvsagt ikkje hadde så mykje å gjere på ei profesjonell operascene i eit av verdas mest kjende operahus.

Andrew Mellor fekk seg det som må vere eit av sitt livs sjokk. Opera Nordfjord var overhodet ikkje det ein skulle tru og forvente. I operameldinga i tidsskriftet Gramophone skriv han at "I can say now that I’ve never seen a more canny, effective or fundamentally relevant Magic Flute in any opera house.". ALtså: Eg har aldri sett ei meir skarpsindig, effektiv eller grunnleggande relevant framføring av Tryllefløyten i noko operahus.

Andrew Mellor skriv vidare i si melding av Opera Nordfjord sin produksjon av Tryllefløyten at det var gjennomført kvalitet på absolutt alle nivå, men det Opera Nordfjord klarer, det er det verkeleg vanskelege: Å levere ein original operaproduksjon som fortel ei gammal historie gjennom notidas auge, og å gi stykket relevans i vår tid.

Han skriv: - Eg gjekk ut frå forestillinga  med synet av Opera Nordfjord sitt kor etsa til netthinna: Store og små koristar og skodespelarar frå ein liten stad på vestlandet, frå 11 til 75 år, som gjer sine ting på scena i eit av verdas mest kjende operahus utan det minste teikn til verken overspeling eller nervøsitet og tilbakeholdenhet.

Så skriv han: - Kva blir det neste? Det er så mykje eg ynskjer å sjå denne operaen setje opp. Medan vi ventar kan vi alle ta lærdom av Opera Nordfjord sitt engasjement, inkludering, samarbeid og ambisjon. Så lenge operahuset består vil Nordfjordeid vere ein velsigna stad, og Opera Nordfjord sin kompromisslause visjon om å skape opera i verdsklasse i ei lita bygd på Vestlandet, syner oss for ei mektig kraft kunst og musikk kan vere.

Grunnen til at eg vil de skal høyre det Andrew Mellor seier og skriv ved opninga av Operavekene her i dag, er at eg trur vi treng å bli mint om for eit fantastisk kunstnerisk eventyr Opera Nordfjord er. Kor heldige - kor priviligerte vi er over å ha eit eige "operakompani" i Eid, i Nordfjord, i Sogn og Fjordane.

For det er slik at når vi politikarar har med kultur å gjere, skjer det veldig lett ut til å bli ein debatt om kunst og kultur er nyttig. Kan vi måle effekten av kronene? Gir offentlege kroner til kultur vekst, tilflytting, arbeidsplassar, pengar i kassa? Det er sjølvsagt spørsmål det er lov å stille. Men gløym likevel  ikkje: Kunst og kultur er der først og fremst for seg sjølv. Kunst og kultur har eigenverdi. Det betyr noko for kvar enkelt av oss - anten vi er på, bak eller framfor scena. Den dagen kunst og kultur berre er eit verktøy for å oppnå andre mål, då er vi på ville vegar.

Det er "det bankande hjartet" for kunstens eigenverdi som har løfta fram Opera Nordfjord til det det er i dag. Det er eldsjelene i kunst- og kulturlivet som gjer Eid til ei kulturkommune heilt utanom det vanlege. Det er gløden for kunst og skaparkraft som har fått til det unike samspelet mellom kultur og skule som vi ser oppe på Operahuset Nordfjord, det som gjorde at Eid vidaregåande skule i vår vart kåra til den skulen i heile landet med best elevtrivsel.

Og det er det bankande hjartet for kunst og kultur som i år, i 15-årsjubileumsåret for Opera Nordfjord, gjer det mogleg å greie noko som eg trur aldri har vore gjort før: Eitt lite operaselskap med halvanna fast stilling i administrasjonen set opp éi opera- og éin heilaftens ballettproduksjon i full skala samtidig - 13 forestillingar på 13 dagar - utan å fire på kvalitetskrava undervegs. Det er ein prestasjon så langt utanom det vanlege at eg berre kan gjere Andrew Mellors ord til mine: Nordfjordeid er " a blessed town", ein velsigna stad. Så også i dag vil eg få rette ein stor takk til Opera Nordfjord og operasjef Kari ein stor takk for å gjere operaeventyret på Eid mulig - for 16. år på rad.  

Og det som er ekstra hyggeleg å kunne fortelje, er at på tysdag kjem Andrew Mellor frå musikktidsskriftet Gramophone hit til Eid for å få oppfyld draumen om å sjå Opera Nordfjord "på heimebane", på premiera av Flaggermusen - saman med både operasjef Per Boye-Hansen og ballettsjef Ingrid Lorentzen ved Den Norske Opera i Bjørvika, og tusenvis av andre som skal få den same gleda i vekene som kjem.

Og så til slutt - det er ein sterk symbolikk i å kunne opne operavekene nettopp her i Kulturhuset Gamlebanken midt i Eidsgata, eit bygg med over 100 års historie i utviklinga av Eid og Nordfjord. Gamlebanken er i dag ein av møteplass for kultur. Her finn vi Opera Nordfjord – her har Malakoff Rockfestival sin plass – her tek vi imot turistane som kjem til Eid om sommaren, her møtes frivillige lag og organisasjonar, her er kulturpub inne og ute, her er kulturskulekonsertar, fotoutstillingar og gudane må vete kva.


Og her opnar i dag enno ei ny flott kunstutstilling - operautstillinga 2013. Dei to kunstnarane som her stiller ut er - som vår eigen operasjef - begge sunnmøringar.

Roy Andreas Dahl er fødd i 1958 på Langevåg i Sula kommune. Der bur og arbeider han også i dag. Roy Andreas Dahl har utdanning innen grafisk design, og målarkunsten hans er prega av sterke fargar og kontrastar med eit vidt utval av motiv - han malar alt frå bylandskap til "vestlandsnatur", ofte men ikkje alltid med menneske i bileta sine. 

Eg kan røpe at vi faktisk har bilete av Roy Andreas Dahl på veggen heime, innkjøpt her på Gamlebanken på ei tidlegare utstilling. Han har si eiga stemning i bileta sine som eg er veldig glad i - og som på eitt eller anna vis fangar ei "vestlandssteming" med møte mellom menneske og ein raskt omskiftande natur.  Alle som ikkje kjenner til Roy Andreas Dahl sin kunst, bør nytte det flotte høvet vi no får til å sjå bileta hans.

Og om ein kan seie om Roy Andreas Dahl at han er ein kunstnar med eit eige særpreg, så gjeld det i alle høgste grad den andre kunstnaren som stiller ut her i dag: Per Rosenberg.

Per Rosenberg er fødd i 1947 i Ålesund, men har vært bosatt i Lillehammer området siden 1982. Han deltok på si første kunstutstilling i 1960 og har deltatt mellom anna på Vestlandsutstillinga og hatt fleire separatutstillingar.

Per Rosenberg malar i store format, kraftige fargar og tydelege penselstrøk. Dyr og hus er stikkord for motiva hans. To ting som gjer det spesielt rett at Per Rosenberg er operakunstnar på Nordfjordeid: Det eine er at han sjølv samanliknar kunsten sin med musikk - han seier at han "lyttar seg fram" inne seg til motiva og malar etter gehør. Med andre ord: Ein operakunstnar i bokstaveleg forstand! Det andre er at det er eitt motiv som går att meir enn noko anna hos Per Rosenberg: Kyr! Og kva er vel meir naturleg i landbrukskommunen Eid - og rockekommunen Eid med ei kyr som "maskot" for vår store rockefestival Malakoff, enn ei utstilling av kyr i Kulturhuset Gamlebanken!

Så på denne utstillingsopninga kan vi trygt seie at det meste som kjenneteiknar Eid er samla i eitt hus: Opera, rock, kunst, landskap og landbruk. Berre hesten manglar, men det ordnar nok gallerisjef Arve Espe ved neste korsveg.

Så heilt til slutt: EIn stor takk til Kulturhuset Gamlebanken og 60-årsjubilant Arve Espe for å ha fått denne utstillinga i stand - riktig lukke til med dei fantastiske kulturopplevingane vi har i vente dei to neste vekene - med dette erklærer eg Operautstillinga i Gamlebanken og Operavekene 2013 på Nordfjordeid for opna!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar