lørdag 29. mars 2014

Vekeplan veke 14/2014

I ein hektisk kvardag har ein ofte kjensla av ikkje å strekke til på alle område ein burde - mellom anna fordi døgnet enno berre har 24 timar. Då er det ekstra godt å oppleve at ein innimellom kan bidra frå ein posisjon som ordførar i ei lita kommune på Vestlandet til å utgjere ein skilnad på eit område som verkeleg betyr noko: Kampen for klima og miljø.


Vekeplan veke 13/2014


Klima, vidaregåande skule, sosial bustadbygging, reservasjonsrett, Sagastad, Malakoff, E39 og Bergens-tur saman med NRK og Sparebanken Vest til inntekt for demens-saka.

Ein kan iallefall ikkje klage over ein kjedeleg kvardag som ordførar.

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

søndag 16. mars 2014

Vekeplan veke 12/2014


Har slurva med å legge ut vekekalender på nett dei siste to vekene - det er berre å beklage. Skjerping er på veg! 

Kort oppsummert har dei to vekene som har gått blitt brukt til å halde innlegg på Nasjonal Brannvesenkonferanse på Gardermoen, Høyringsmøte for Regional Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane, Lokalpolitisk Nettverk Sogn og Fjordane Venstre (denne helga), møte i Kommunalministeren si Referansegruppe for ny kommuneinndeling, styremøte Nordfjord Vekst, møte i Politirådet i Eid - og 
heldigvis også til å kunne gjere unna ting på kontoret og interne møte som har samla seg opp etter mykje reising i vekene før. 

Veka som no står for døra blir tettpakka. Vi får besøk på Eid både av Helse- og omsorgsminister Bent Høie, kulturutvalet i fylket og ein stortingsrepresentant frå Venstre, det er operapremiere og det er eit fullstappa formannskapsmøte der vi mellom anna skal handsame arealdelen av ny kommuneplan for Eid. 

Det kan bli vanskeleg å få til møteavtale på Rådhuset denne veka, men ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

fredag 7. mars 2014

Stå opp mot den skjulte valden!


I likestillingssamfunnet Noreg blir éi av fire kvinner utsett for vald i parforholdet. Talet kvinner og born som må søke tilflukt på krisesenter er aukande. Kvar tiande kvinne i Noreg har blitt valdtatt, mange av dei av kjærast/partner eller andre dei har nære relasjonar til.
  
Nokon - også enkelte kvinner som har kome seg opp og fram - meiner Kvinnedagen har utspelt si rolle. På nokre samfunnsområde er det sant. På andre område, som den skjulte valden i nære relasjonar, er det så langt frå sanninga som det kan få blitt.