søndag 16. mars 2014

Vekeplan veke 12/2014


Har slurva med å legge ut vekekalender på nett dei siste to vekene - det er berre å beklage. Skjerping er på veg! 

Kort oppsummert har dei to vekene som har gått blitt brukt til å halde innlegg på Nasjonal Brannvesenkonferanse på Gardermoen, Høyringsmøte for Regional Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane, Lokalpolitisk Nettverk Sogn og Fjordane Venstre (denne helga), møte i Kommunalministeren si Referansegruppe for ny kommuneinndeling, styremøte Nordfjord Vekst, møte i Politirådet i Eid - og 
heldigvis også til å kunne gjere unna ting på kontoret og interne møte som har samla seg opp etter mykje reising i vekene før. 

Veka som no står for døra blir tettpakka. Vi får besøk på Eid både av Helse- og omsorgsminister Bent Høie, kulturutvalet i fylket og ein stortingsrepresentant frå Venstre, det er operapremiere og det er eit fullstappa formannskapsmøte der vi mellom anna skal handsame arealdelen av ny kommuneplan for Eid. 

Det kan bli vanskeleg å få til møteavtale på Rådhuset denne veka, men ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!


Måndag 17. mars 
Møte med entrepenør om bustadutbyggingsprosjekt
Møte med Naturvernforbundet i Eid
Div. interne møte

Tysdag 18. mars
Møte i Eid Ungdomsråd
Besøk av Helseminister Bent Høie på Eid

Onsdag 19. mars 
Fylkeskulturutvalet på Eid - orienteringar og befaringar
Møte mellom Fjordvarme og Eid kommune om bruk av naturgass
Kveld: Møte programarbeid Sogn og Fjordane Venstre, Sandane

Torsdag 20. mars 
Planleggingsmøte Energikonferanse i mai
To møte med bebuarar om utbyggingsprosjekt (Stårheim og Nordfjordeid sentrum)
Formannskapsmøte med befaringar knytt til melkeproduksjon/landbruk i Eid. Sakene til formannskapsmøtet finn du her 

Fredag 21. mars 
Møte i Stamvegutvalet for E39, Førde
Kveld: Premiere på Turandot, Opera Nordfjord

Laurdag 22, mars 
Befaringar og møte (samferdsle)
Ungdommens Fylkesting, Skei

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar