onsdag 21. august 2013

E39: Ei bøn om avklaring

Teksten under er ein nedkorta versjon av eit brev stila til fylkesleiarane og førstekandidatane i regjeringspartia i Sogn og Fjordane. Teksten står også på trykk i Fjordenes Tidende, Fjordingen og Firda Tidend onsdag 21. august.




"Der ingen vil av vegen, kan ingen kome fram", heiter det i eit ordtak etter Ivar Aasen.

Det er ei ganske treffande skildring av situasjonen i Nordfjord pr august 2013. Akkurat no lir heile Nordfjord - og Sogn og Fjordane elles - av manglande avklaring av ei for lengst grytemoden sak: Traséval for E39 gjennom Nordfjord.

Slik kan vi ikkje lenger ha det. No må det kome ei avgjerd. Vi har rett og slett ikkje meir tid å miste. Vi har viktige ting å gjere - og det hastar å kome i gang.

søndag 18. august 2013

Vekeplan veke 34/2013


Stortingsvalkampen er i gong for fullt - men ute i lokalpolitikken går livet vidare med business as usual! 

I dag tek eit nytt skuleår til. Sist veke vart Eid kåra av Kommunal Rapport til den 15. beste skulekommunen av alle landets 429 kommuner! Det er vi stolte av, og i dag er 75 nye førsteklassingar klare for sin fyrste skuledag i den gode Eidaskulen saman med over 700 andre elevar i barne- og ungdomsskulen. Dei aller fleste går i den offentlege skulen, men for fyrste gong opnar dørene også for ein privat barneskule i Eid: Kjølsdalen Montesorriskule, med ca 30 elevar.

Eg har gleda av å både starte og slutte veka med å ynskje nye elevar utanfrå velkomne til skulekommunen Eid: Måndag morgon er det opning av nytt skuleår for nær 400 elevar ved Eid vidaregåande skule. Laurdag opnar nytt skuleår ved Fjordane Folkehøgskule - ein skule med lange tradisjonar, godt miljø og gledeleg vekst i søknadstalet før årets skuleår, slik at der no er nær på 100 elevar.

Samla sett går det altså ca 1.300 elevar på skulane i Eid - vi er heldige som har så mykje flotte born og ungdom i vårt lokalsamfunn!

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 19. august
Opning av nytt skuleår ved Eid vidaregåande skule
Styremøte Nordfjord Vekst, Måløy

Tysdag 20. august
Kontordag. Div interne møte

Onsdag 21. august 
Møte med Helse Vest om "Framtidas Lokalsjukehus", Førde
Møte i Driftsutvalet og Samfunnsutviklingsutvalet med orientering om økonomi- og budsjettarbeidet

Torsdag 22. august 
Oppsummeringsmøte i det statlege Forsterkingsutvalet, Kristiansand

Fredag 23. august
Stamvegkonferanse om E39, Førde

Laurdag 24. august 
Opning av nytt skuleår ved Fjordane Folkehøgskule