mandag 29. april 2013

Å investere i framtida

Tør vi ta risikoen på å gamble med vår felles formue på at FN og det store fleirtalet av forskarar i verda tar feil i klimasaka? 

Kan vi forsvare overfor våre barnebarn at vi set milliardar av offentlege kroner inn på å "vedde mot framtida", og investerer i selskap der verdiane er bygd på at vi skal utvinne dei 2/3 av verdas fossilreservar som forskarane seier må ligge i bakken, om ikkje klimaendringane skal kome ut av kontroll?

Skal Noreg, med vår enorme finansformue, bidra til å framskynde overgangen frå eit fossilsamfunn til eit fornybarsamfunn, eller skal vi investere i å forseinke og obstruere den overgangen som uansett må kome?



Vindmøller på Mehuken i Vågsøy, Sogn og Fjordane

Denne debatten er i gang i heile verda. I USA har store byar som Seattle og San Fransisco allereie trekt investeringar ut av fossilindustri. Store selskap som Adidas, Nike, Intel, Starbucks og Timberland utfordrar myndighetene på å vurdere det same. I Sverige er grønne finansprodukt ein sjølvsagt del av porteføljen for mange finansforvaltarar, og blir etterspurt av både private, offentlege og institusjonelle investorar.

Leiande økonomar snakkar no ope om ei mulig "karbonboble" på verdas børsar, og kva som vil skje dersom denne sprekk. Til og med vår eigen sentralbanksjef, Øystein Olsen, understreker no at vi må forvente at oljeprisen vil stupe umiddelbart dersom det kjem på plass internasjonale klimaavtaler - noko som berre er eit spørsmål om tid.

Så sjølv om debatten så smått er i gang også i Noreg, er han framleis berre på skrivebordsstadiet. Det er ikkje godt nok. Difor er eg glad for at Eid kommune no, som den første kommunen i landet, tek opp klimahansken.

Eid kommune i Sogn og Fjordane, med 6.000 innbyggjarar, har ca 120 mill NOK i langsiktige finansielle aktiva forvalta av profesjonelle finansforvaltarar. I tillegg kjem ca 250 mill kr i pensjonsfond, forvalta av KLP. Kommunestyret i Eid vedtok nylig å starte ein prosess for korleis kommunens investeringar kan få ein grøn profil. I vedtaket heiter det:

"Eid kommune startar ein prosess for å vurdere muligheitene av å sikre ein grøn, miljøvennlig profil på kommunen sine fondsinvesteringar, utan at det svekkar dagens krav til avkastning og risiko. Ei eventuell avgjerd om å innføre krav til «grøn finansforvaltning» blir å kome tilbake til som eiga sak"

Vi skal ikkje gamble, ikkje setje felleskapets pengar på spel. Vi skal starte forsiktig, rett og slett med å møte våre tre finansforvaltarar for å utfordre dei på kva muligheiter som finst i marknaden i dag for å gi Eid kommune sine fondsmidlar ein "grøn profil". Allereie neste veke skal vi møte vår pensjonsforvaltar KLP, og dei andre kjem etter i nær framtid.

Eg vil trekke fram fire hovudargument for kvifor det er viktig med grøn forvaltingsprofil på kommunen sine aksje- og pensjonsinvesteringar.
  1. Kommunen er ein langsiktig investor som må sjå minst ti, tjue og tretti år fram i tid. Dette handlar ikkje om å "avblåse oljealderen" over natta. Noreg lever godt, og vil framleis leve godt av olje og gass ei stund til. Men ikkje for alltid. 
  2. Verdssamfunnet er enig om at olje, kol og naturgass av klimaomsyn over tid skal erstattast med fornybare energikjelder. Å plassere offentlege fondsinvesteringar i selskap som berre vil gi avkasting dersom klimapolitikken slår feil, er direkte uansvarleg. 
  3. I følgje Det Internasjonale Energibyrået (IEA) må 2/3 av verdas kjente fossilreserver bli liggande urørt dersom vi skal unngå ei global oppvarming på meir enn to grader. Mange fossile selskap har i dag bokført store reservar som ikkje kan utvinnast dersom togradersmålet skal nåast. Dette er reservar uten verdi dersom klimapolitikken skal takast på alvor. 
  4. Fornybar energi og klimavennlig teknologi treng investeringar - noko som vil utløyse vekst og verdiskaping over heile landet, ikkje minst i Sogn og Fjordane og på Vestlandet. Eg helsar overgangen til fornybarsamfunnet velkomen. Eg trur vi på Vestlandet vil kome godt ut av det også - slik vi har gjort det ved alle energirevolusjonar i verda dei siste hundre åra. Det handlar om å vere i forkant og sjå muligheter, framfor å stikke hovudet i sanden og håpe endringane ikkje kjem. 
Med dette er hansken kasta. Det er aldri behageleg å stikke hovudet fram, men nokon er no rett og slett nødt til å gjere det. Heile mitt politiske engasjement som liberalar og Venstre-mann er bygd på at vi alle må gjere vårt, at vi har eit sjølvstendig ansvar for å skubbe verda dei små stega i riktig retning. I motsetnad til ein sosialdemokratisk innfallsvinkel til verda der kvar enkelt sit passiv og "stolar på systemet", eller ein konservativ innfallsvinkel der vi ikkje endrar noko før vi må.

Uavhengig av kva Jens Stoltenberg til ei kvar tid måtte rekne seg fram til i ein global modell, har vi andre til ei kvar tid eit sjølvstendig ansvar for kritisk å vurdere korleis vi som forvaltar av felleskapet sine midlar skal unngå å "vedde mot framtida".

I klimasaka er endring heilt nødvendig - og ikkje minst smart for å sikre felleskapets verdiar for framtida. Framtida er fornybar!

Vekeplan veke 17 og 18/2013


Dei to siste vekene har eg for første gong på eit år ikkje lagt ut vekeplan på nett. Er inne i ein håplaus periode når det gjeld planlegging og faste strukturar, etter at Regjeringa uventa bestemte å utsetje traseval for E39 gjennom Nordfjord i samband med framlegginga av Nasjonal Transportplan, sjølv om avgjerda er gryteklar etter avslutta KVU og Kvalitetssikringsrapport. 

lørdag 13. april 2013

Ein heilt spesiell skule fortener di røyst


Eid vidaregåande skule er nominert som ein av tre finalistar i ein nasjonal konkurranse på NRK P3 om å bli kåra til skulen med best samhald og elevmiljø - nominert av elevane ved skulen. Premien er ein konsert med LidoLido og Margaret Berger.

Det fortener dei. Men det vil berre skje om Eid vgs klarer å samle nok røyster/likes på Facebook til å slå Glemmen skole i Fredrikstad. Skulen i Fredrikstad er fire gongar større. Skal elevane på Eid vgs vinne, må vi vere meir dedikerte, og mobilisere betre blant alle vi kjenner heime og ute i landet/verda.

Den mobiliseringa vil eg at vi no alle skal vere med på - i ein siste sluttspurt før dommen fell søndag kveld. Oppskrifta er enkel – men krev at du har ein Facebook-konto:

1.      Gå inn på http://p3.no/skolesessions/
2.      Trykk på knappen for Eid Vidaregåande skule for å registrere di røyst
3.      Del på Facebook og oppomd alle dine vener på facebook til å gjøre det samme.

Foto: Øystein Torheim. Frå Eid vgs si oppsetning av Les Miserables i 2012- i samarbeid med Opera Nordfjord. Alle 40 rollene var med elevar frå "vanlege" studieretningar ved Eid vgs. Alle scenedekorasjonar, kostymer, lyd/lys etc er laga av elevane ved skulen som tar relevante fagutdanningar (møbelindustri, elektro, sal&service, design&handverk etc). Forestillinga blir sett opp i operasalen i Operahuset Nordfjod med 550 plassar, med tre forestillingar i løpet av premierehelga. For flotte foto av årets forestilling, Hairspray, sjekk denne linken 

Ørjan Ryland (17) har nominert skulen til konkurransen. Han grunngjev dette slik (sitert frå NRK sine nettsider):

"Årlig involverer Eid vgs elever fra alle trinn og linjer for å sette opp skolemusikal. Skolen er fantastisk unik, og inkluderer alle, sier elevrådsrepresentant Ørjan Ryland. Elevene får også styre skolen for én dag for å styrke samholdet. Hver onsdag serveres det gratis varm middag til alle som vil ha, med hybelbeboerne spesielt i tankene. Elever fra fjern og nær samles, knytter kontakter og sørger for at hybelboerne ikke føler seg ensomme."

Ørjan er ikkje åleine i å meine dette, sjekk f eks Sunnmørsposten sist veke. Skulen har klart å skape ein kultur der skulekvardagen går på tvers av studieretningar og alderstrinn, der ein bryr seg om kvarandre og har det kjekt i lag. Og på toppen av alt: Der det slår positivt ut både på skuleresultat og kor mange som gjennomfører vidaregåande skule. 

Eid vgs er den einaste vidaregåande skulen i landet som er samlokalisert med eit operahus: Operahuset Nordfjord, og ein rockefestival-stiftelse: Malakoff. Det gjer noko med elevane å ha kvardagane sine i lag med eit operahus fylt av kulturaktivtet frå morgon til kveld. Kvart år gir operaen og elevane oss andre flotte kulturopplevinger gjennom skulemusikal av høg kvalitet (sjekk glimt her: http://www.youtube.com/watch?v=4A8o0OH0sSk).

Tidlegare denne månaden tok dei eldste elevane over skuledrifta ein heil dag (inkludert alt frå vask og kantine til skuleleiing), og gjennomførte undervisninga for dei andre.

Foto frå skulemusikalen "Rent" i 2011


Elevane er dedikete, sprudlande, engasjerte og flinke. Til alle som klagar over dagens ungdom: Slutt med det. De veit ikkje kva de snakkar om. Kom til Eid og sjå sjølv - eller for så vidt til kva som helst av dei mange flotte vidaregåande skulane vi har i Sogn og Fjordane.

Finalen i konkurransen på P3 går no, og handlar berre om éin ting:  Å bli den av dei tre finalist-skulane som får flest røyster eller «likes» på Facebook innan søndag 14. april, via link på NRK P3 sine nettsider.

Det siste vi veit om status er at Eid vgs og Glemmen vgs i Fredrikstad ligg ca likt i tet av konkurransen. NRK har no stengt for innsyn i korleis opptellinga ligg an, og vil halde dette hemmeleg til måndag. Uansett: Ingenting er avgjort og kvar røyst tel fram til søndag!

Så mi oppmoding til alle i Nordfjord, Sogn og Fjordane og elles i landet er: Røyst på Eid vgs! Syn at ein liten skule kan utkonkurrere ein stor sjølv når det gjeld å vinne massene, viss engasjementet og ståpåviljen er til stades. 

Mobilliser alle du kjenner over heile landet og i utlandet til å gjere det same! Dette fortener elevane på den heilt spesielle skulen vår. Og så er du velkomen til Eid for å dele premien med elevane 30. april ;-)

Beste helsing

Alfred Bjørlo
Ordførar Eid kommune

Rektor Ove Bjørlo ved Eid vgs saman med to av rolleinnehavarane i årets skulemusikal, Hairspray





søndag 7. april 2013

Vekeplan veke 15/2013


Ei spennande veke står for døra. 

Måndag morgon reiser eg til Oslo for å vere med å legge fram ein utvalsrapport for Justisministeren og Forsvarsministeren med tilrådingar om framtida for dei statlege forsterkingsressursane i kriser og katastrofer: Sivilforsvaret, Heimevernet og Politireserven. Dette har vore eit utruleg interessant arbeid å vere med i det siste halvåret, ikkje minst med røynslene etter ferske hendingar som "Dagmar" og 22. juli friskt i minne. Eg håpar og trur tilrådingane vi kjem med i morgon vil skape debatt, og på sikt gi eit betre rusta kriseapparat over heile landet når ulukka først er ute. Uansett: Ein sterk kommunal grunnberedskap, politi og helsevesen som er til stades over heile landet og ein sterk frivillig sektor er grunnmuren i samfunnsberedskapen - ingen sentralt organiserte statlege spesialressursar kan erstatte dette.


mandag 1. april 2013

Vekeplan veke 14/2013

Ei strålande påske er vel overstått, ei påske som mellom anna har vore den beste nokonsinne på vårt skisenter Harpefossen!

Eg var på arbeid alle tre dagane i påskeveka. Måndag hadde eg mellom anna møte med alle frivillige lag som arbeider med tilbod til flyktningar og innvandrarar i  Eid (Sanitetsforeninga, Røde Kors, Frivilligsentralen), og tysdag kveld hadde vi eit rekordstort Påsketreff i Operahuset Nordfjord med nær 400 besøkande og 40 bedriftsstands. Mange nye kontakter vart oppretta på det som no har blitt eit årvisst arrangement som Eid er iniativtagar til og vertskap for, og kvelden vart avslutta med "sleppefest" for band-lista til Malakoff 2013. Det blir ein betre festival enn nokon gong - og det seier ikkje lite!

I morgon startar ei ny arbeidsveke. Mitt program for dagane som kjem finn du under.

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid - denne veka er fredag den beste dagen. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!