søndag 7. april 2013

Vekeplan veke 15/2013


Ei spennande veke står for døra. 

Måndag morgon reiser eg til Oslo for å vere med å legge fram ein utvalsrapport for Justisministeren og Forsvarsministeren med tilrådingar om framtida for dei statlege forsterkingsressursane i kriser og katastrofer: Sivilforsvaret, Heimevernet og Politireserven. Dette har vore eit utruleg interessant arbeid å vere med i det siste halvåret, ikkje minst med røynslene etter ferske hendingar som "Dagmar" og 22. juli friskt i minne. Eg håpar og trur tilrådingane vi kjem med i morgon vil skape debatt, og på sikt gi eit betre rusta kriseapparat over heile landet når ulukka først er ute. Uansett: Ein sterk kommunal grunnberedskap, politi og helsevesen som er til stades over heile landet og ein sterk frivillig sektor er grunnmuren i samfunnsberedskapen - ingen sentralt organiserte statlege spesialressursar kan erstatte dette.


Tysdag møter representantar for Nordfjord-kommunane Helse Vest i Førde med Nordfjord Sjukehus som tema, torsdag har vi eit historisk (litt store ord, men eg trur det er rett) felles formannsskapsmøte for Eid, Selje og Vågsøy i Måløy for å diskutere ei omfattande opptrapping av vårt interkommunale samarbeid, og fredag brakar det laus med Venstres landsmøte tre dagar til ende i Oslo. Og midt oppi dette kjem Nasjonal Transportplan...

Så det blir lite tid til å legge beina på bordet denne veka, det får vi kome attende til når røyken har lagt seg.

Uansett: Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid - denne veka er onsdag einaste høve. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 8. april
Framlegging til Justisministeren og Forsvarsministeren av utvalsrapport om framtida for Sivilforsvaret, Heimevernet og Politireserven, Oslo

Tysdag 9. april
Møte med Eid IL Fotball
Møte med Helse Vest, Førde
Kveld: Gruppemøte Eid Venstre

Onsdag 10. april
Kontordag. Diverse interne møte, og møte med næringsaktørar i Eid 

Torsdag 11. april 
Felles formannskapsmøte Vågsøy, Selje, Eid (Rådhuset i Måløy). Ordinært formannskapsmøte i Eid etterpå - også dette på Rådhuset i Måløy
Kveld: Landsstyremøte i Venstre, Oslo

Fredag 12. april - søndag 14. april 
Landsmøte i Venstre, Oslo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar