mandag 28. mai 2012

Vekeplan veke 22


Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som kjem. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms. Denne veka er torsdag og fredag dei beste dagane. Kontaktinformasjon finn du her.

Tysdag 29. mai
Kommunekonferansen 2012, Loen. Tema: Samhandlingsreforma

Onsdag 30. mai
Dag to av Kommunekonferansen 2012

Torsdag 31. mai
Møte med Fjord1 om rutetilbodet med båt og ferje kl 12-14. Elles på kontoret.

Fredag 1. juni
Koordineringsmøte næringsutvikling. Elles på kontoret.

Elles kan det vere verdt å minne om at Eid kommune for tida har liggande ute vår Planstrategi 2013-16 til offentleg ettersyn, med frist for tilbakemelding 12. juni. Du finn planutkastet på kommunen sine heimesider. 

Neste veke vil det også bli lagt fram planutkast for ein ny områdeplan for Tverrgata/Eidsgata, og det vil i samband med det bli invitert til eit ope møte for å presentere planen den 7. juni på ettermiddagen.

Ha ei fin veke!


onsdag 23. mai 2012

Kunst i Sogn og Fjordane: Berre for spesielt interesserte?

Sogn og Fjordane Kunstmuseum forvaltar store kunstverdiar i Sogn og Fjordane, herunder samlingane etter biletkunstnaren Nikolai Astrup (Astruptunet i Jølster), skulptøren Anders Svor (Svormuseet i Hornindal) og store samlingar på kunstmuseet i Førde som snart skal inn i eit lenge etterlengta nybygg til nær 100 mill kr.

Dei siste åra har musea i fylket spesielt, og kunstmuseet sine samlingar spesielt, opplevd sviktande besøkstal. Debatten i media siste tida syner at dette ikkje bli teke spesielt tungt av leiinga ved kunstmuseet i fylket. Det har også nylig kome eit interessant innspel om manglande fornying i musea i fylket si formidling av kunst av Gunnar Urtegaard, leiar for seksjon for e-kultur i Norsk Kulturråd og tidl fylkesarkivar i Sogn og Fjordane. Hans innlegg, med tittel "Nye pengar, gamle prioriteringar", har sparka i gang ein interessant debatt på nettstaden Kulturnett Sogn og Fjordane.

Eg har på bakgrunn av det utfordra Fylkesordføraren på følgande spørsmål til Fylkestinget i Sogn og Fjordane sitt møte 5-6 juni i år:

Korleis meiner Fylkesordføraren at fylkeskommunen kan bidra til utvikling og aktiv formidling av kunstverdiane som blir forvalta av Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, både i det nye Kunstmuseet i Førde og i dei andre samlingane Kunstmuseet har ansvar for?
 
Heile min interpellasjon er som følgjer:

----

Nordfjordeid, mai 2012

Interpellasjon til Fylkesordføraren til fylkestingssamlinga 5-6 juni 2012

Bakgrunn
Sogn og Fjordane Kunstmuseum forvaltar store kunstskattar i fylket vårt, mellom anna samlingane etter skulptøren Anders Svor i Hornindal og Astruptunet i Jølster og fylket sine felles kunstsamlingar i Kunstmuseet i Førde med ca 800 verk.

Fylkeskommunen er ein sentral aktør i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, som Sogn og Fjordane Kunstmuseum no er ein del av. Fylkeskommunen er også den største finansielle bidragsytaraen til det nye Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde, med eit investeringsbidrag på ca 40 mill NOK.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har dei siste åra opplevd sviktande besøkstal ved samlingane sine. Ved Svormuseet er til dømes besøket halvert dei siste ti åra. Det har også vore stor lokal misnøye med måten dei verdifulle samlingane har vore forvalta på.

I samband med opninga av ei ny utstilling på Svormuseet nylig, uttalte direktør Morten Johan Svendsen til Fjordabladet (10/5) at “Å få fleire folk til Svor museum er ikkje ei oppgåve for Sogn og Fjordane kunstmuseum” og vidare at “Om folk vil møte opp er deira sak, det kan ikkje vi engasjere oss så sterkt i.” Han utdjupa dette i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane (11/5) på følgande måte: “Skulle vi gå for å få mykje folk, måtte vi berre lage arrangement med Tone Damli, men det er ikkje vår jobb”.  Han varslar også at skulebesøk – altså formidling til barn og unge - vil bli nedprioritert ved Svormuseet i tida framover.

Det internasjonale museumsrådet (ICOM – International Council of Museums), har definert eit museum på følgjande måte: Et museum er en permanent institusjon, ikke basert på profitt, som skal tjene samfunnet og dets utvikling og være åpent for publikum; som samler inn, bevarer/konserverer, forsker i, formidler og stiller ut materielle vitnesbyrd om mennesker og deres omgivelser i studie-, utdannings- og underholdningsøyemed.

Med andre ord: I museumsverda elles er formidling og samspel med publikum ein maturleg integrert del av museumsverksemda. Det står i sterk kontrast til det synet på museumsdrift direktøren for Sogn og Fjordane Kunstmuseum gir uttrykk for i intervju med Fjordabladet og NRK Sogn og Fjordane.

Spørsmål
Er Fylkesordføraren samd med direktøren for Sogn og Fjordane Kunstmuseum i at det ikkje er museet si oppgåve å lukkast betre enn i dag med formidling av kunstverdiane?  

Korleis meiner Fylkesordføraren at fylkeskommunen kan bidra til utvikling og aktiv formidling av kunstverdiane som blir forvalta av Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, både i det nye Kunstmuseet i Førde og i dei andre samlingane Kunstmuseet har ansvar for?

søndag 20. mai 2012

Vekeplan veke 21


I oversikta under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som kjem. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms - denne veka er onsdag beste dagen. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 21. mai
Møte på Eid om morgonen.
Politikardag for fylkestinget kl 13-19, Hermansverk

Tysdag 22. mai
Møte i Hovudutval for Opplæring i fylkeskommunen

Onsdag 23. mai
På kontoret på dagtid.
Kveld: Ope møte i Nordfjord Vekst, sjekk programmet

Torsdag 24. mai
Politikardag for kommunestyret om Økonomiplan/Handlingsplan for Eid kommune 2013-16. OBS - møtet er denne gongen flytta frå Rådhuset til Valhall!

Fredag 25. mai
Div møte

søndag 13. mai 2012

Vekeplan veke 20


I oversikta under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som kjem. Planen er denne gongen ikkje fullstendig. Intern-nettet til Eid kommune er nemlig nede i helga for ei større systemoppgradering, så eg kjem ikkje inn på Outlook-kalendaren.. Men det gjer ingenting når vi kan vi gle oss over omsider å få eit up-to-date IT-system i kommunen, og ikkje minst: Klart for innføring av lesebrett og politikarportal på nett for heile kommunestyret, framfor dei enorme papirbunkane med sakspapir.. Det blir ei ny tid!

Men til saken - her er det eg hugsar om veka som står for døra. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms - denne veka er nok onsdag beste dagen. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 14. mai
Møte med Eid Bondelag om situasjonen etter brotet i landbruksforhandlingane
Møte i Nordfjordrådet, Stryn. 

Kveld: Møte i regi av Eid Ungdomsråd om tiltak for å sikre ein mobbefri kvardag for born og ungdom i Eid. 

Tysdag 15. mai
Møte med Norsk Fjordhestsenter
Styremøte Nordfjord Vekst, Måløy

Kveld: Dugnad i Osvika i regi av handballgruppa i Eid IL

Onsdag 16. mai
På kontoret (?)

Torsdag 17. mai
Held 17. mai-tale på Haugen kl 16.

Skal også spele med Eid Musikklag fire gongar i løpet av dagen: Revelje kl 0700, barnetog kl 0930, folketog kl 15 og tappenstrek kl 20.

Fredag 18. mai
Plan for dagen ikkje lagt

Laurdag 19. mai
Vil vere til stades på opning av Fotoutstilling med "Kalenderdamene" i Gamlebanken



tirsdag 8. mai 2012

Appell ved 8. mai-markering på Nordfjordeid 2012

Eid kommune har halde i hevd tradisjonen med å markere frigjeringsdagen 8. mai. Det går opptog med flaggborg og korpsmusikk frå Eid Kyrkje gjennom Eidsgata til den gamle eksersisplassen i Malakoff. Der skjer sjølve markeringa ved krigsmonumentet "Sørgende Mor", i samarbeid mellom Eid kommune, Røde Kors, Eid Frivilligsentral og Plassens Venner og med appellar og helsingstalar frå Eid kommune, Norske Reserveoffiserers forening, Fredskvinnerørsla Embla og Røde Kors. Arrangementet vart avslutta med hyggeleg sosialt samvere i dei gamle husa på Eksersisplassen.

Dette er min appell ved 8. mai-markeringa på Eksersisplassen, der eg også på vegne av Eid kommune la ned blomar på minnesmerket for dei falne frå Nordfjord i andre verdskrigen.

-----
Kjære alle frammøtte: Gratulerer med dagen!

Den 9. april 1940 vart Noreg okkupert av nazist-regimet i Tyskland. Vi misste fridomen vår. Konge, Regjering og Storting måtte rømme landet.

Den 8. mai 1945 – etter fem år under tysk okkupasjon - fekk vi tilbake fridomen vår. Etter fem år med krig kom våren i 1945 med fred.

Difor er 8. mai ein gledens dag. 8. mai - frigjeringsdagen - er ein del av historia vår som vi har alt å vinne på å ha med oss. Eg er glad for at vi på Eid framleis har ein sterk tradisjon for å markere denne dagen som ein fridomsdag og fredsdag.

Eit drygt år etter frigjeringsdagen - 14. mai 1946 - sto følgjande opprop å lese i Fjordabladet: “Underskrevne ber med dette folket i Nordfjord om å vere med å reise eit minnesmerke over dei nordfjordingar som fall i krigen. Dei gav det største offer, og det er vår skulnad å halde minnet om dei høgt. Minnesmerket som ein har tenkt å reise, skal stå på øvingsplassen på Nordfjordeid og vere eit vitnemål om kva åndsfridomen og vår nasjonale fridom har kosta. Samstundes skal det vere ei maning til oss alle – no og i framtida – om å yte det største om det krevst. Dei falne synte oss at ikkje noko offer er for stort når det gjeld å verne fridom og fedreland”

Dei som skreiv under, var leiande personar i lags- og organisasjonslivet i Nordfjord på den tida: Skyttarlag, idrettslag, frilynde og kristelege ungdomslag, kor- og musikkrørsla.

Fire år seinare - i 1950 - sto minnesmerket ferdig. Akkurat slik det var skildra i oppropet. Det er det flotte minnesmerket som står bak oss: “Sørgende Mor” eller “Mor Norge” av Dyre Vaa.

Sørgende Mor-monumentet på Nordfjordeid av Dyre Vaa
 Kjelde: NRK Sogn og Fjordane
Enno i dag – 66 år seinare - kan vi slå fast at dei store orda som vart skrivne i Fjordabladet i 1946 har tålt tidas prøve.  Det vi markerer her i dag ved Sørgende Mor, er nettopp det at vi alle må vere budd på å “…yte det største om det krevst”. At “..ikkje noko offer er for stort” når det gjeld å verne fridomen.

Det er ei sanning som ikkje har gått ut på dato. Dei siste åra har vi fått fleire alvorlege påminningar om nettopp det.

Den 22. juli i fjor miste 77 nordmenn livet for ein drapsmann si hand i Oslo og på Utøya. Det var ein drapsmann med forkvakla politiske forestillingar om rasehat og etnisk reinsing nært opp til ideologien som førte til andre verdskrigen.

Seinast sist søndag opplevde vi, i valet i Hellas, at eit nynazistisk parti gjorde sitt beste val i noko europeisk land sidan 1945 med bodskap om hat, nådelaus kamp mot “forrædarar” og jakt på syndebukkar utanfrå.

Ideologien som ligg bak dette må vi stå opp mot. I 2012 som i 1940.

Men på same tid har millionvis av menneske dei siste åra gjort opprør mot diktatorar som har nekta dei fridom - i land som Tunisia, Egypt, Libya og Syria. Dei har byrja den lange marsjen mot demokrati, slik vi vann det att i 1945.

I slike ”lange marsjar” mot fridom og demokrati rundt om i verda er Noreg ofte med gjennom internasjonale fredsbevarande operasjonar.  Frå og med i fjor er 8. mai også ei offisiell markering av dei meir enn 100.000 norske soldatane og offiserane som har tenestegjort i internasjonale operasjonar siden andre verdskrigen: Krigsveteranane.

Kvar enkelt krigsveteran - frå andre verdskrigen, via Tysklandsbrigadane og vidare til Korea, Libanon, Balkan, Afghanistan og alle andre internasjonale oppdrag Noreg har vore med på i etterkrigshistoria – dei ber på ei bør som er usynlig for oss andre.

For nokon er børa lett. Dei kjem kanskje til og med sterkare ut av det enn dei gjekk inn.

For andre er børa tung. For nokon er børa så tung at dei ikkje klarer å bere ho åleine. Det såg vi mange døme på i tiåra etter andre verdskrigen. Det same vil vi gjere i mange tiår no framover, ikkje minst for dei 8.000 norske soldatane og offiserane som sidan 2001 har tenestegjort i Afghanistan.

Nokre av dei kom ikkje heim i det heile tatt. Ti norske soldatar og offiserar har dei site åra misst livet i Afghanistan i teneste for konge og fedreland. Dei har “..ytt det største som krevst”, for å sitere oppropet i Fjordabladet frå 1946.

Kanskje kan ei markering som i dag vere med å gjere kvardagen litt lettare for våre krigsveteranar. Det minste vi andre kan gjere, er å sikre at ikkje deira innsats blir gløymd. De skal vite at vi set uendeleg stor pris på det de har gjort, heilt frå andre verdskrigen fram til i dag.

Krigsveteranane har utvist eit mot og ei offervilje som dei fleste av oss andre aldri har vore i nærleiken av. Ikkje som politisk reiskap for den til ei kvar tid sitjande Regjering, men for konge og fedreland. I fredens og fridomens teneste.

Og ein ting skal våre veteranar frå andre verdskrigen og heilt fram til i dag vite: De har gjort ein skilnad.

For vi går faktisk mot ei fredelegare verd, sjølv om den massive mediedekninga av dagens krigar og konflikt gjer at vi trur det motsette. Dei siste tiåra har talet på krigar og væpna konflikter i verda, og talet på drepne i desse konfliktene, gått ned. Og pila peikar framleis rett veg.

Internasjonalt samarbeid over landegrensene – herunder den norske innsatsen i fredsbevarande operasjonar – det virkar. Globalisering, samkvem over grensene, naudhjelp, fridom og demokrati – det virkar. Det skapar ei betre verd.

Men fridom og fred vil aldri kome av seg sjølv. Vi må kjempe for det. Til alle tider. Det står vi saman om her i dag – offiserar, soldatar, Raudekrossen, fredskvinner og vi andre.

Til slutt vil eg bere fram ei blomehelsing frå Eid kommune for å gjere ære på dei vi vil minnest spesielt her i dag: Nordfjordingane som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940-45. 

Fred over minnet deira. 

søndag 6. mai 2012

Vekeplan veke 19


I oversikta under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som kjem.

Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 7. mai
Arbeid på kontoret.

Tysdag 8. mai
Eit par besøk ute på bedrifter, er elles på kontoret. 

Om ettermiddagen (kl 1730-1930) er det arrangement på Eid for å markere Frigjeringsdagen og den internasjonale Røde Kors-dagen. Eg skal m a halde apell ved Sørgende Mor-monumentet på Plassen kl 18. Nærare informasjon vert lagt ut på kommunen sine nettsider

Onsdag 9. mai
Besøk hos bedriftsgrunder saman med Innovasjon Norge. Elles på kontoret.

Torsdag 10. mai
Formannskapsmøte

Om ettermiddagen (ca kl 16-18) er det arrangement i høve Eldredagen 2012, i regi av Eid Eldreråd og Eid Pensjonistlag. Eg deltek dersom Formannskapsmøtet er ferdig.

Fredag 11. mai
Møte om korleis Eid kommune kan bidra best mulig til å gjennomføre større festivalar og arrangement i Eid. Elles på kontoret.



lørdag 5. mai 2012

Appell på Hingsteutstillinga 2012

Dette er manuset til appellen eg heldt ved premieutdelinga på Hingsteutstillinga 2012 på Utstillingsplassen på Nordfjordeid laurdag 5. mai. Premieutdelinga markerte slutten på tre flotte utstillingsdagar. I følgje folk som har greie på det, var det jamnt høg kvalitet på hingstane som vart stilte i år. To hingstar vart tildelt den gjevaste utmerkinga - 1. premie og kvit sløyfe. Den eine  var femårshingsten Fjelltor, eigd av Knut Rasmus Hjelle frå Eid og Even Myklebust frå Ørsta. Den andre var Ronnjo, eigd av den nyvalde leiaren i Norges Fjordhestlag, 27 år gamle Janne Seilen frå Vang i Hedmark (sjå foto under).

Vi gratulerer, og takkar hestefolket frå fjern og nær på besøk på Eid for denne gongen!

Janne Seilen og hingsten Ronnjo, som fekk kvit sløyfe.

---

Oppdrettarar, mønstrarar, publikum, hingstar. Gratulerer med dagen!

Det er både ei ære og glede for meg, som ordførar i Eid, å få lov å markere starten på den store finalen av årets hingsteutstilling for fjordhesten – ein tradisjon her på Nordfjordeid sidan 1886.

And to our foreign guests: Welcome! It is both an honour and a pleasure for me, as the mayor in Eid, to mark the start for the great final in this years contest and exhibition. We are proud to host the fjord horse stallion exhibition, an annual tradition here on Nordfjordeid since 1886. 

Thank you for coming, and making these days even more special.

Fjordhesten si historie er lang og stolt. Ein av dei gamle, gode hestekarane i Eid, Kasper Hjelle, sette ord på det i eit intervju i Årbok for Nordfjord i fjor. Der blir han spurt: ”Kva har fjordhesten betydd for Nordfjord?”

Kasper Hjelle svarar: Fjordhesten har betydd alt. Han var trekkraft på garden og i skogen, når ein dyrka jord, køyrde heim avlinga frå bø og utmarksslått, henta tømmer, ved, torv og never, eller kløvja. Han var til avl og handel. Føla gjorde folk i stand til å betale renter og avdrag. Nordfjord hadde ikkje sett ut som det gjorde i dag utan hesten. Og så var han familiemedlem.”

Dei orda trur eg mange her lett kan slutte seg til. Og det forklarer kvifor fjordhesten i dag er kommunevåpen for både Eid og nabokommunen Gloppen. 

Men samtidig: Det er eit sitat som seier mest om fortida. Tradisjonar og historie er viktig i seg sjølv, men gir ingen garanti for framtida.

Eg har tru på ei god framtid for fjordhesten. Sjølv om utstillinga i år ikkje er av dei største, er det flotte dyr og eit livskraftig, ungt miljø vi ser rundt oss. Vi skal også hugse at interessa rundt fjordhesten alltid har gått i bølgjer. Går vi 60 år tilbake i tid, til 1954, var det berre 19 hingstar som vart stilt. Av dei kom  over halvparten frå Nordfjord. Tre år seinare, i 1957, var talet nede i 14.

I år stiller 32 hingstar. Av dei berre to med lokale eigarar frå Eid. Langt over halvparten kjem utanfrå vår landsdel. Fjordhesten har gått frå å vere lokal til å bli nasjonal, og ikkje minst internasjonal. I land som Danmark, Tyskland, Nederland og USA er rasen stor. Det samla talet fjordingar i verda er truleg ca 70.000. Fjordhesten er ingen heimføding lenger, den har blitt ein globetrottar. Det skal vi vere stolte av – ikkje minst her i fjordhestens heimbygd.  

Så eg trur på ei lysande framtid for fjordhesten. Fjordhesten er lett å handtere, har eit godt lynne og kan brukast innan mange område. Men framtida er det de i fjordhestmiljøet som må skape.

Og ei spesiell oppmoding frå meg: De må skape framtida saman. Skal hestenæringane lukkast i Nordfjord og nasjonalt, må de bygge sterke team og nettverk. Som tidlegare statsminister Jan P. Syse så treffande sa det: ”Valget står mellom å henge sammen eller bli hengt hver for oss”. Det trur eg gjeld også innanfor hestemiljøet.

Som vertskommune for fjordhesten bidreg vi meir enn gjerne til det lagarbeidet. Eg kan love at Eid kommune skal vere med og løfte fjordhesten. Vi kan få det til det utrulege her på Eid når vi først går inn for det. Men det er de som må peike ut vegen framover, og så skal vi vere med.

Eg må óg få lov å seie at det er kjekt å sjå at kvinnene no ”tek taumane” i fjordhestmiljøet. Eg vil nytte høvet til å gratulere det nye styret i Norsk Fjordhestlag, og spesielt Janne Seilen som den fyrste kvinnelege styreleiaren i Fjordhestlaget nokonsinne. Eg ser fram til eit godt samarbeid med Norsk Fjordhestlag i den spennande tida for fjordhesten vi no går inn i.

Men no er det tid for å gå vidare til det vi er komne her for – å feire fjordhesten og kåre hingstane som skal føre fjordhestarven vidare.

Gratulerer med dagen, og måtte den beste vinne!

Ordførar Alfred Bjørlo (V). Nordfjordeid, 5. mai 2012