tirsdag 8. mai 2012

Appell ved 8. mai-markering på Nordfjordeid 2012

Eid kommune har halde i hevd tradisjonen med å markere frigjeringsdagen 8. mai. Det går opptog med flaggborg og korpsmusikk frå Eid Kyrkje gjennom Eidsgata til den gamle eksersisplassen i Malakoff. Der skjer sjølve markeringa ved krigsmonumentet "Sørgende Mor", i samarbeid mellom Eid kommune, Røde Kors, Eid Frivilligsentral og Plassens Venner og med appellar og helsingstalar frå Eid kommune, Norske Reserveoffiserers forening, Fredskvinnerørsla Embla og Røde Kors. Arrangementet vart avslutta med hyggeleg sosialt samvere i dei gamle husa på Eksersisplassen.

Dette er min appell ved 8. mai-markeringa på Eksersisplassen, der eg også på vegne av Eid kommune la ned blomar på minnesmerket for dei falne frå Nordfjord i andre verdskrigen.

-----
Kjære alle frammøtte: Gratulerer med dagen!

Den 9. april 1940 vart Noreg okkupert av nazist-regimet i Tyskland. Vi misste fridomen vår. Konge, Regjering og Storting måtte rømme landet.

Den 8. mai 1945 – etter fem år under tysk okkupasjon - fekk vi tilbake fridomen vår. Etter fem år med krig kom våren i 1945 med fred.

Difor er 8. mai ein gledens dag. 8. mai - frigjeringsdagen - er ein del av historia vår som vi har alt å vinne på å ha med oss. Eg er glad for at vi på Eid framleis har ein sterk tradisjon for å markere denne dagen som ein fridomsdag og fredsdag.

Eit drygt år etter frigjeringsdagen - 14. mai 1946 - sto følgjande opprop å lese i Fjordabladet: “Underskrevne ber med dette folket i Nordfjord om å vere med å reise eit minnesmerke over dei nordfjordingar som fall i krigen. Dei gav det største offer, og det er vår skulnad å halde minnet om dei høgt. Minnesmerket som ein har tenkt å reise, skal stå på øvingsplassen på Nordfjordeid og vere eit vitnemål om kva åndsfridomen og vår nasjonale fridom har kosta. Samstundes skal det vere ei maning til oss alle – no og i framtida – om å yte det største om det krevst. Dei falne synte oss at ikkje noko offer er for stort når det gjeld å verne fridom og fedreland”

Dei som skreiv under, var leiande personar i lags- og organisasjonslivet i Nordfjord på den tida: Skyttarlag, idrettslag, frilynde og kristelege ungdomslag, kor- og musikkrørsla.

Fire år seinare - i 1950 - sto minnesmerket ferdig. Akkurat slik det var skildra i oppropet. Det er det flotte minnesmerket som står bak oss: “Sørgende Mor” eller “Mor Norge” av Dyre Vaa.

Sørgende Mor-monumentet på Nordfjordeid av Dyre Vaa
 Kjelde: NRK Sogn og Fjordane
Enno i dag – 66 år seinare - kan vi slå fast at dei store orda som vart skrivne i Fjordabladet i 1946 har tålt tidas prøve.  Det vi markerer her i dag ved Sørgende Mor, er nettopp det at vi alle må vere budd på å “…yte det største om det krevst”. At “..ikkje noko offer er for stort” når det gjeld å verne fridomen.

Det er ei sanning som ikkje har gått ut på dato. Dei siste åra har vi fått fleire alvorlege påminningar om nettopp det.

Den 22. juli i fjor miste 77 nordmenn livet for ein drapsmann si hand i Oslo og på Utøya. Det var ein drapsmann med forkvakla politiske forestillingar om rasehat og etnisk reinsing nært opp til ideologien som førte til andre verdskrigen.

Seinast sist søndag opplevde vi, i valet i Hellas, at eit nynazistisk parti gjorde sitt beste val i noko europeisk land sidan 1945 med bodskap om hat, nådelaus kamp mot “forrædarar” og jakt på syndebukkar utanfrå.

Ideologien som ligg bak dette må vi stå opp mot. I 2012 som i 1940.

Men på same tid har millionvis av menneske dei siste åra gjort opprør mot diktatorar som har nekta dei fridom - i land som Tunisia, Egypt, Libya og Syria. Dei har byrja den lange marsjen mot demokrati, slik vi vann det att i 1945.

I slike ”lange marsjar” mot fridom og demokrati rundt om i verda er Noreg ofte med gjennom internasjonale fredsbevarande operasjonar.  Frå og med i fjor er 8. mai også ei offisiell markering av dei meir enn 100.000 norske soldatane og offiserane som har tenestegjort i internasjonale operasjonar siden andre verdskrigen: Krigsveteranane.

Kvar enkelt krigsveteran - frå andre verdskrigen, via Tysklandsbrigadane og vidare til Korea, Libanon, Balkan, Afghanistan og alle andre internasjonale oppdrag Noreg har vore med på i etterkrigshistoria – dei ber på ei bør som er usynlig for oss andre.

For nokon er børa lett. Dei kjem kanskje til og med sterkare ut av det enn dei gjekk inn.

For andre er børa tung. For nokon er børa så tung at dei ikkje klarer å bere ho åleine. Det såg vi mange døme på i tiåra etter andre verdskrigen. Det same vil vi gjere i mange tiår no framover, ikkje minst for dei 8.000 norske soldatane og offiserane som sidan 2001 har tenestegjort i Afghanistan.

Nokre av dei kom ikkje heim i det heile tatt. Ti norske soldatar og offiserar har dei site åra misst livet i Afghanistan i teneste for konge og fedreland. Dei har “..ytt det største som krevst”, for å sitere oppropet i Fjordabladet frå 1946.

Kanskje kan ei markering som i dag vere med å gjere kvardagen litt lettare for våre krigsveteranar. Det minste vi andre kan gjere, er å sikre at ikkje deira innsats blir gløymd. De skal vite at vi set uendeleg stor pris på det de har gjort, heilt frå andre verdskrigen fram til i dag.

Krigsveteranane har utvist eit mot og ei offervilje som dei fleste av oss andre aldri har vore i nærleiken av. Ikkje som politisk reiskap for den til ei kvar tid sitjande Regjering, men for konge og fedreland. I fredens og fridomens teneste.

Og ein ting skal våre veteranar frå andre verdskrigen og heilt fram til i dag vite: De har gjort ein skilnad.

For vi går faktisk mot ei fredelegare verd, sjølv om den massive mediedekninga av dagens krigar og konflikt gjer at vi trur det motsette. Dei siste tiåra har talet på krigar og væpna konflikter i verda, og talet på drepne i desse konfliktene, gått ned. Og pila peikar framleis rett veg.

Internasjonalt samarbeid over landegrensene – herunder den norske innsatsen i fredsbevarande operasjonar – det virkar. Globalisering, samkvem over grensene, naudhjelp, fridom og demokrati – det virkar. Det skapar ei betre verd.

Men fridom og fred vil aldri kome av seg sjølv. Vi må kjempe for det. Til alle tider. Det står vi saman om her i dag – offiserar, soldatar, Raudekrossen, fredskvinner og vi andre.

Til slutt vil eg bere fram ei blomehelsing frå Eid kommune for å gjere ære på dei vi vil minnest spesielt her i dag: Nordfjordingane som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940-45. 

Fred over minnet deira. 

1 kommentar: